Loing
Loing er ei 166 km lang elv sentralt i Frankrike, og ei av sideelvane til Seinen frå venstre. Ho har sitt utspring i Sainte-Colombe-sur-Loing, sør i departementet Yonne. Ho renn gjennom følgjande departement og landsbyar:
- Yonne: Saint-Fargeau, Bléneau
- Loiret: Châtillon-Coligny, Montargis
- Seine-et-Marne: Nemours, Moret-sur-Loing
Loing | |||
elv | |||
Loing måla av Alfred Sisley
| |||
Land | Frankrike | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 4 150 km² | ||
Lengd | 166 km | ||
Middelvassføring | 19 m³/s | ||
Kjelde | Bourgogne | ||
Munning | Seinen | ||
Loing 48°23′12″N 2°48′09″E / 48.3866°N 2.8026°E | |||
Wikimedia Commons: Loing |
Loing munnar ut i Seinen nær Moret-sur-Loing. Delen av Briare-kanalen mellom Rogny-les-Sept-Écluses og Montargis går parallelt med Loing.