Lokomotivet Thomas

Lokomotivet Thomas (engelsk Thomas the Tank Engine) er eit fiktivt antropomorft damplokomotiv skapt av the Rev. W. V. Awdry som hovudperson i bokserien The Railway Series og sidan i tv-serien Thomas og venene hans.[1]

Modell av Thomas som fungerande damplokomotiv

Thomas er ein tanklokomotiv: eit damplokomotiv med store rektangulære vasstankar på begge sider av kjelen. Han er måla blå, og har talet 1 måla på sida. Alle lokomotiva i The Railway Series bygde på verkelege lokomotiv; Thomas byggjer på LB&SCR E2-klassen.[2]

Thomas opptredde fyrste gongen i boka Thomas the Tank Engine frå 1946, den andre boka i serien. Boka inneheldt fire forteljingar. I den fyrste rolla si blei Thomas skilda slik:[3]

« Thomas was a tank engine who lived at a Big Station. He had six small wheels, a short stumpy funnel, a short stumpy boiler and a short stumpy dome.

He was a fussy little engine, always pulling coaches about. [...] He was a cheeky little engine, too.

»

Thomas & Gordon

I den fyrste soga var Thomas eit skiftelokomotiv, der han flytta passasjervogner for dei større lokomotiva. Han lengta etter viktigare oppgåver, som å trekka eit ekspresstog som Gordon, men kunne ikkje på grunn av manglande erfaring. Til slutt klarte han å redda James etter ei ulukke, og kontrollsjefen vedtok at han var eit brukbart lokomotiv, som var klart til å ha si eiga linje. Sidan då har han vore ansvarleg for denne linja saman med dei to vognene Annie og Clarabel med hjelp frå lokomotiva Percy og Toby.

Bøkene om Thomas blei oppdaga av den britiske manusforfattaren og produsenten Britt Allcroft i 1979.[4] Ho ordna ein avtale om å bruka figurane i tv-serien Thomas the Tank Engine and Friends, seinare forenkla til Thomas & Friends. Serien vann fleire prisar og fekk suksess over heile verda.

Kjelder endre

  1. «Thomas - Engine Profile & Bio : Thomas & Friends». play.mattel.com. 
  2. Sibley, Brian (1995). The Thomas the Tank Engine Man. London: Heinemann. ISBN 0-434-96909-5
  3. The Rev. W. Awdry (1946). The Railway Series. Edmund Ward. s. 4. ISBN 0 434 92779 1. 
  4. Sibley, Brian (1995). The Thomas the Tank Engine Man. Heinemann. s. 291. ISBN 0-434-96909-5.