Opna hovudmenyen

Londonregjeringa eller Londonregjeringen er ei nemning på Johan Nygaardsvold si regjering medan regjeringa sat i London under den andre verdskrigen.

Regjeringa Nygaardsvold vart utnemnd den 20. mars 1935. Medlemmene i regjeringa måtte reisa frå Noreg den 7. juni 1940 etter at landet hadde kapitulert for Tyskland, og kom ikkje attende til landet før nesten to månader etter frigjeringa. London i Storbritannia vart hovudsetet til regjeringa under den andre verdskrigen. Av hovudsetet London kom namnet «Londonregjeringa».

I London fekk regjeringa preg av ei samlingsregjering, etter før å ha vore ei rein Arbeidarpartiregjering. Andre politiske parti og Heimefronten kom med i regjeringa.

Ved hjelp av inntekter frå den norske handelsflåten kunne Londonregjeringa betala for den norske krigføringa, hjelpa norske flyktningar i utlandet og samstundes planleggja med tanke på kva Noreg trong etter krigen.

Sjå ògEndra