Long Black Veil
Long Black Veil Singel av Lefty Frizzell | ||
B-side |
When It Rains the Blues | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 20. april 1959 (USA) | |
Innspelt | 3. mars 1959 | |
Sjanger | Country | |
Lengd | 3:05 | |
Selskap | Columbia 4-41384 | |
Komponist | Danny Dill, Marijohn Wilkin | |
Tekstforfattar | Danny Dill, Marijohn Wilkin | |
Låtskrivar(ar) | Marijohn Wilkin og Danny Dill | |
Produsent | Don Law | |
Lefty Frizzell-kronologi | ||
«Cigarettes and Coffee Blues» (1958) |
Long Black Veil | «Forbidden Lovers» (1963)
|
«Long Black Veil» er ein countryballade frå 1959, skriven av Danny Dill og Marijohn Wilkin og opphavleg spelt inn av Lefty Frizzell.
Songen vert fortald frå synspunktet til ein mann som er feilaktig tiltala for mord og avretta. Han nekta å oppgje eit alibi, fordi han natta då mordet skjedde hadde eit utanomekteskapleg forhold med kona til bestevenen sin, og vil heller døy og ta løyndomen med seg i grava enn å innrømme sanninga. Refrenget skildrar kvinna som i sorg vitjar gravstaden hans med eit langt, svart slør («long black veil») i ein iskald vind.
I 2019 vart versjonen til Frizzell av «Long Black Veil» vald ut av Library of Congress for bevaring i National Recording Registry for å vere «kulturelt, historisk eller estetisk viktig».[1]
Bakgrunn
endreLåtskrivarane sa seinare at dei var inspirert av tre kjelder for denne songen: Red Foley si innspeling av «God Walks These Hills With Me», ein avisartikkel frå den tida om eit uløyst mord på ein prest, og ei segn om ei mystisk kvinne med slør som ofte vitja grava til Rudolph Valentino. Dill sjølv kalla det ei «umiddelbar folkevise.»
Wilkin spelte piano på originalinnspelinga til Frizzell. Songen var ein annan stil enn den vanlege honkytonk-stilen frå tidlegare innspelinga av Frizzell, og var eit forsøk på å flytte han mot den då stadig meir populære folkemusikk-aktige musikken og den gryande Nashville sound-stilen.
Suksess
endreFrizzell spelte inn songen i Nashville i 1959 og produsert av Don Law. Singelen nådde sjetteplassen på Billboard Hot C&W Sides-lista. I prosessen vart songen den største suksessen til Frizzell på fem år.
Coverversjonar
endre«Long Black Veil» har blitt ein standard og har blitt spelt av ei rekkje artistar innan country, folk og rock. Versjonen som gjorde det best på hitlistene var versjonen til Sammi Smith som nådde 26. plassen på countrylista i USA i 1974.
Johnny Cash framførte songen i første episoden av The Johnny Cash Show i 1969, i ein duett med Joni Mitchell. Songen vart òg gjeven ut på album av Johnny Cash og The Band i 1968 og gjekk inn på lista igjen i 1999 med Dave Matthews Band, som framførte songen på scenen med Emmylou Harris på ein hyllestkonsert til Johnny Cash. Tidleg i karrieren hennar spelte Joan Baez songen på konsertane sine og spelte songen inn to gonger i studio.
The Band framførte songen på Woodstockfestivalen og spelte han inn for debutalbumet sitt, Music From Big Pink.
Songen er med på samlealbumet til David Allan Coe frå 1984, 20 Greatest Hits, og på Marianne Faithfull sitt Rich Kid Blues, spelte inn i 1971, men ikkje gjeven ut før i 1985.[2]
Nick Cave and the Bad Seeds spelte inn ein versjon i 1986 for coveralbumet Kicking Against the Pricks.
Songen vart framført av Bruce Springsteen i 2006 på Seeger Sessions Band-turneen hans.[3] Refrenget er ofte sungen av Bruce Hornsby på konsertversjonar av songen hans «White Wheeled Limousine», inkludert versjonen som finst i plateboksen Intersections (1985-2005).
Mick Jagger spelte inn ein versjon med The Chieftains for albumet til gruppa The Long Black Veil i 1995.
Mike Ness, frontmann og gitarist i punkrockbandet Social Distortion, spelte inn songen i 1999 for det første soloalbumet sitt, Cheating at Solitaire.
Jerry Garcia, David Grisman og Tony Rice spelte inn songeni 2000 for Pizza Tapes.
Han har blitt spelt av Harry Manx, inkludert ein versjon på samlealbumet Johnny's Blues: A Tribute to Johnny Cash, og i oktober 2009 av Rosanne Cash på albumet hennar The List. Ein versjon av det skotske rockebandet Nazareth kom aldri ut på eit album, men vart framført på konsertar av dei.[4]
På albumet Rancho Alto av Jason Boland & the Stragglers frå 2011 er songen «False Accuser's Lament» ein oppfølgjar til «Long Black Veil», som skildrar synspunktet til vitne av hendingar og rolla han spelte.
Phil Lesh frå Grateful Dead framførte songen fleire gonger, med ymse musikarar på spelestaden hans Terrapin Crossroads. Jamey Johnson har spelte songen på turné.[5] Black Rebel Motorcycle Club har stundom spelt songen på konsertane sine.[6] The Black Crowes spelte songen på somme av konsertane sine.
Richard Hawley spelte inn songen som B-side til «Just Like the Rain».[7]
Hitsinglar
endre- 1959 Lefty Frizzell, 6. plassen på countrylista i USA
- 1974 Sammi Smith, 26. plassen på countrylista i USA
Albumspor
endre- 1962 The Kingston Trio, New Frontier - USA Popalbumlista nr.16
- 1962 Burl Ives, The Versatile Burl Ives! - USA Popalbumlista nr.35
- 1963 Joan Baez, Joan Baez in Concert, Part 2 - USA Popalbumlista nr.7, den britiske albumlista nr.15
- 1965 Johnny Cash, Orange Blossom Special - USA Popalbumlista nr.49
- 1968 Johnny Cash, Johnny Cash at Folsom Prison - USA Popalbumlista nr.13, USA Countryalbum #1, den britiske albumlista nr.8
- 1968 The Band, Music from Big Pink - USA Popalbumlista nr.30
- 1970 Joan Baez, One Day at a Time - USA Popalbumlista nr.80
- 1972 New Riders of the Purple Sage, Gypsy Cowboy - USA Popalbumlista nr.85
- 1983 John Anderson, Wild & Blue - USA Popalbumlista nr.58, US Country Albums # 3
- 1995 The Chieftains med Mick Jagger (vokal), The Long Black Veil - USA Popalbumlista nr.22, den britiske albumlista nr.17
- 1999 Mike Ness, Cheating at Solitaire - USA Popalbumlista nr.80
- 1999 Dave Matthews Band, Listener Supported - USA Popalbumlista nr.15
- 2015 Robert Earl Keen jr., Happy Prisoner: The Bluegrass Sessions - USA Popalbumlista nr.109, US Top Bluegrass Albums 1, US Country Albums nr. 10, US Top Top Independent Albums nr. 6
Andre versjonar
endre- 1960 Carl Mann, på samlealbumet Rockin' Mann i 1997
- 1960 The Country Gentlemen, Country Songs, Old and New
- 1963 The Country Gentlemen, On The Road (konsertalbum)
- 1964 Jerry & Sara, Live at The Tangent, Palo Alto, CA, Jerry Garcia og den første kona Sara[8]
- 1964 Johnny Williams and The Jokers[9]
- 1968 The Move, The BBC Sessions[10]
- 1968 The Wolfe Tones, The Rights of Man
- 1969 The Byrds, Live in Boston 1969, uoffisiell utgjeving[11]
- 1969 The Small Faces, piratkopiplate, spelte inn live i Wien, den 12. januar 1969.[12]
- 1970 Bill Monroe and his Blue Grass Boys, Kentucky Bluegrass[13]
- 1971 Hank Williams jr., Sweet Dreams[14]
- 1971 Marianne Faithfull, Rich Kid Blues,[2] utgjeve i 1985
- 1980 Jimmy «Orion» Ellis, Country
- 1983 Zelenáči (Greenhorns) som «Dlouhý černý závoj» (tekst av Jan Vyčítal) på «Pod Liščí skálou»[15]
- 1985 Baby Opaque, med Ian Mackaye, Fugue In Cow Minor[16]
- 1986 Nick Cave and the Bad Seeds, Kicking Against the Pricks
- 1988 The Proclaimers, King of the Road EP[17]
- 1989 The Walkabouts, Cataract av Walkabouts
- 1992 Michael Nesmith, Live At The Lone Star Roadhouse, piratkopiplate
- 1993 Jerry Garcia, David Grisman, Tony Rice, The Pizza Tapes - gjeve ut i 1999
- 1995 Don Walser, The Archive Series Volume 2[18]
- 1995 Don Williams, Borrowed Tales
- 1997 Sally Timms, Cowboy Sally[19]
- 2002 Daryle Singletary, That's Why I Sing This Way
- 2002 Jason & the Scorchers, Wildfires + Misfires[20]
- 2002 Bastard Sons of Johnny Cash, Distance Between[21]
- 2002 Dave Matthews Band, The Gorge (6-Disc Special Edition).
- 2003 Johnny Cash, opningsspor på plateboksen Unearthed som kom ut like etter han døydde
- 2003 Deadstring Brothers, Deadstring Brothers[22]
- 2003 Jon Langford og The Pine Valley Cosmanauts, The Executioner's Last Songs: Volume 3[23]
- 2003 Rob Coffinshaker, «Fairytales from the Dungeon» singel[24]
- 2003 Harry Manx, Johnny's Blues: A Tribute To Johnny Cash (hyllestalbum)
- 2004 Dave Gunning og Charlie A'Court frå Gunning-albumet Two-Bit World
- 2005 Tim O'Brien, Fiddler's Green[25]
- 2005 Bruce Hornsby, Intersections (1985-2005) (refreng i midten av «White-Wheeled Limousine»)
- 2005 Charming Hostess, Punch[26]
- 2006 Crooked Fingers, Like a Version 2,[27] an Australian covers album
- 2006 Richard Hawley, B-side til «Just Like The Rain»
- 2007 Stoney LaRue, Live at Billy Bob's Texas
- 2007 David Gray, «A Thousand Miles Behind» live USA
- 2007 Chip Taylor & Carrie Rodriguez Live From The Ruhr Triennale
- 2007 Professor Louis and the Crowmatix (The Spirit of Woodstock)
- 2007 Matt Andersen, 'Live at Liberty House'
- 2008 Diamanda Galás, Guilty Guilty Guilty
- 2009 Aunt Martha, Candymaker Tour NYC
- 2009 Razzy Bailey, Damned Good Time, (with Johnny Cash)
- 2009 Rosanne Cash (med Jeff Tweedy)
- 2009 Caroline Herring, Golden Apples of the Sun
- 2012 Gregg Allman & The All Star Band, Love for Levon
- 2012 Iron & Wine
- 2014 Sarah Jackson (acappella versjon)
- 2014 Carter Hulsey, Drive Out
- 2014 We Banjo 3, Gather The Good
- 2016 Dale Watson, Under the Influence
- 2017 Jenny Owen Youngs, Long Black Veil singel
- 2017 Lee Ann Womack, The Lonely, the Lonesome & the Gone
- 2018 Southbound Pilot, Monterrey Court, Southbound Pilot Live
- The Stanley Brothers
- Bobby Bare
- Chris Ledoux
- Banks & Shane
- Bob Dylan, ein konsert i 1997 på ymse piratkopiplater
- Nazareth
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Long Black Veil» frå Wikipedia på engelsk, den 13. september 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Andrews, Travis M. (20. mars 2019). «Jay-Z, a speech by Sen. Robert F. Kennedy and 'Schoolhouse Rock!' among recordings deemed classics by Library of Congress». The Washington Post. Henta 13. september 2020.
- ↑ 2,0 2,1 «Rich Kid Blues». Discogs. Henta 13. september 2020.
- ↑ «Long Black Veil - Bruce Springsteen & the Seeger Sessions». YouTube. Henta 13. september 2020.
- ↑ «Nazareth - Long Black Veil (Ekaterinburg, 29.10.2008)». Henta 13. september 2020 – via YouTube.
- ↑ «Jamey Johnson Long Black Veil July 4th picnic at Billy Bob's Fort Worth Texas». YouTube. Henta 13. september 2020.
- ↑ «BRMC «Long Black Veil/A Fine Way To Lose» @ High Noon Saloon». YouTube. Henta 13. september 2020.
- ↑ «Just Like the Rain - Richard Hawley | Songs, Reviews, Credits | AllMusic». AllMusic. Henta 13. september 2020.
- ↑ 4. mai 1964, The Tangent, Palo Alto, CA, The Grateful Dead Family Discography, henta 13. september 2020
- ↑ Johnny Williams and The Jokers - The Long Black Veil, Discogs, henta 13. september 2020
- ↑ The Move - The BBC Sessions, Discogs, henta 13. september 2020
- ↑ The Byrds - Live In Boston 1969, Discogs, henta 13. september 2020
- ↑ Guitars 101 Forum discloses the «unnamed» track 3 of that recording. Track 3 is Long Black Veil. Henta 28. juli 2013.
- ↑ Bill Monroe And His Blue Grass Boys - Kentucky Bluegrass, Discogs, henta 13. september 2020
- ↑ Hank Williams Jr. With The Mike Curb Congregation, Discogs, henta 13. september 2020
- ↑ «Archived copy». Arkivert frå originalen 7. januar 2007. Henta 15. august 2014.
- ↑ Baby Opaque - Fugue In Cow Minor, Discogs, henta 13. september 2020
- ↑ The Proclaimers - King Of The Road, Discogs, henta 13. september 2020
- ↑ Don Walser: Official Website, DonWalser.com, arkivert frå originalen 10. juli 2011, henta 16. juni 2014
- ↑ Sally Timms - Cowboy Sally, Discogs, henta 16. juni 2014
- ↑ Jason & The Scorchers - Wildfires + Misfires, Discogs, henta 18. juni 2014
- ↑ Bastard Sons Of Johnny Cash - Distance Between, Discogs, henta 18. juni 2014
- ↑ Deadstring Brothers - Deadstring Brothers, Bloodshot Records, 20. desember 2013, arkivert frå originalen 31. mars 2013, henta 18. juni 2014
- ↑ Jon Langford And The Pine Valley Cosmanauts, Discogs, henta 18. juni 2014
- ↑ Rob Coffinshaker = Fairytales From The Dungeon, Discogs, henta 18. juni 2014
- ↑ Tim O'Brien - Fiddler's Green, Discogs, henta 13. juli 2014
- ↑ Charming Hostess - Punch, Discogs, henta 13. juli 2014
- ↑ Various - Like A Version Two, Discogs, henta 6. september 2014