Longnan (kinesisk: 陇南市, pinyin: Lǒngnán) er eit byprefektur aust i provinsen Gansu, i den vestlege delen av Folkerepublikken Kina. Longnan har eit areal på 27 923 km² og hadde 2 567 718 ibuarar i 2010.

Plasseringa av Longnan (gul) i Gansu

Byprefekturet Longnan omfattar eitt distrikt (区 ), og åtte fylke (县 xiàn).

NæringslivEndra

Mais og andre kornslag er viktige landbruksvarer, så vel som medisinske urter, vegetabilsk olje, frukt, nøtter, bær og grønsaker.

Kol, kopar, bly, sink, petroleum og gull er alle viktige mineralressursar for Longnan.

HistorieEndra

Longnan har hatt busetnad i minst 7 000 år. For mellom 5 000 og 6 000 år tilbake utvikla kulturar seg langs elvane Xihanshui (西汉水) og Bailong (白龙江). Longnan vert rekna som vogga til Qin-dynastiet, dynastiet som vart det aller fyrste som rådde over eit samla Kina.

KjelderEndra