Opna hovudmenyen

Lonnie Donegan (29. april 19313. november 2002) var ein britisk skifflemusikar, kanskje den mest kjende av dei alle, med meir enn tjue singlar på Topp 30 i Storbritannia. Han vart kjend som «Kongen av skiffle» og vert ofte rekna for å ha hatt stor innverknad på dei britiske musikarane som vart kjende i 1960-åra.[1][2]

Lonnie Donegan
Fødd29. april 1931
FødestadGlasgow
Død3. november 2002
DødsstadPeterborough
FødenamnAnthony James Donegan
AliasThe King of Skiffle
OpphavFødd Glasgow i Skottland
voks opp i East Ham i England
Aktiv1940-åra til 2000-åra
SjangerSkiffle
Instrumentgitar, vokal, banjo
Kjende instrumentvaskebrett, vaskebaljebass
PlateselskapPye Records, Dot Records, Oriole Records
Verka somsongar, banjospelar, gitarist, jazzmusikar, låtskrivar
BornPeter Donegan
PrisarMedlem av Den britiske imperieordenen

Han vart fødd Anthony James Donegan i Glasgow i Skottland som son av ein fiolinist, men faren vart utan jobb og familien flytta til East Ham i England. Tidleg i 1940-åra høyrte han mykje på swingjazz og vart interessert i gitar. Country & western og blues, særleg Frank Crumit og Josh White, trekte han til seg og fjorten år gammal kjøpte han sin første gitar, rundt 1945. Frå å høyre på BBC radio dei neste åra lærte han songar som «Frankie and Johnny»", «Puttin' On the Style» og «The House of the Rising Sun». Mot slutten av 1940-åra spelte han gitar rundt om i London og vitja små jazzklubbar.[3]

Det første bandet han spelte i var eit trad jazz-band leia av Chris Barber. Barber hadde høyrt at Donegan var god på banjo, men fram til då hadde faktisk Donegan aldri spelt på ein banjo. Barber tok han likevel inn i bandet, men Donegan måtte så i militæret i 1949. Han tente i Wien, der han kom i kontakt med amerikanske soldatar, som gav han høve til å lytte til amerikansk radio.[3]

I 1952 danna han det første bandet sitt, Tony Donegan Jazzband, som spelte rundt om i London. Ved eitt høve varma dei opp for bluesmusikaren Lonnie Johnson ved Royal Festival Hall. Donegan var ein stor tilhengjar av Johnson og tok førenamnet sitt som ein hyllest til han. I følgje soga blanda konferansieren under konserten namna og kalla dei Tony Johnson og Lonnie Donegan.[4]

SkiffleEndra

Donegan var den første personen som vart kjend ved å spele skiffle i Storbritannia og fekk ein hit i Storbritannia og Amerika med «Does Your Chewing Gum Lose Its Flavour», som kom ut i 1959 (1961 i Amerika).

Medan han spelte i Ken Colyer's Jazzmen med Chris Barber, song Donegan og spelte både gitar og banjo som ein del av deira Dixieland-jazz. Samstundes starta han å spele med to andre band under pausane, som på plakatane vart kalla «skiffle break».

Med eit vaskebrett, ein vaskebaljebass og ein billig spansk gitar, hadde Donegan det mykje moro med å underhalde publikum med folkesongar og blues av artistar som Leadbelly og Woody Guthrie, og gav inntrykk av at dette var noko alle kunne gjere. Dette vart så populært at han i juli 1954 spelte inn ein rask versjon av Leadbelly sin «Rock Island Line», med vaskebrett, men utan vaskebaljebass. Det vart ein stor hit i 1956 og førte etter kvart til eit fullt album, An Englishman Sings American Folk Songs. Det var det første debutalbumet som selde til gull i Storbritannia og albumet nådde Topp 10 i USA. Dongan har foreslått at dette var medverkande til utviklinga av kvit rock and roll og at han i det minste hadde ein påverknad på den amerikanske countryrocken som seinare vart kalla rockabilly.

Skifflestilen oppmuntra amatørar til å starte eigne band, og eit av mange skiffleband som dukka opp var The Quarrymen, som vart danna i mars 1957 av John Lennon.

Etter å ha slutta i bandet til Barber lagde Donegan ei rekkje populære plater som Lonnie Donegan's Skiffle Group. Han hadde suksess med «Cumberland Gap» og særleg «Does Your Chewing Gum Lose Its Flavour», som vart ein hit i Amerika.

Seinare karriereEndra

Donegan var ute av moten og vart generelt ignorert utover 60-talet og i 1970-åra, men han skreiv mellom anna «I'll Never Fall in Love Again» for Tom Jones i 1969). I 1975 spelte han på ein gjenforeiningskonsert med det opphavlege Chris Barber-bandet i Croydon.

Han fekk eit hjarteattakk i 1976 medan han var i USA. Etter ein operasjon kom han igjen i søkelyset i 1978 då han spelte inn ei plate med sine tidlegare songar med musikarar som Ringo Starr, Elton John og Brian May kalla Putting on the Style. I 1992 måtte Donegan ha ein ny hjarteoperasjon etter eit nytt hjarteattakk.

I 1994 feira Chris Barber band 40 år med ein lang turne. Donegan opplevde ein annan sein renessanse i 2000 då han dukka opp på Van Morrison sitt album The Skiffle Sessions - Live In Belfast 1998, eit kritikarrost album med Donegan på vokal i lag med Van Morrison, samt Chris Barber og Dr John. Han spelte òg på Glastonbury Festival og fekk MBE i 2000.

Donegan påverka generasjonen av musikarar som kom etter han. Han inspirerte både John Lennon og Pete Townshend til å lære seg gitar og var ansvarleg for at hundrevis av andre skifflegrupper oppstod. Eit av dei, The Quarrymen, utvikla seg seinare til The Beatles.

Lonnie døydde i 2002, 71 år gammal, etter nok eit hjarteattakk. Mark Knopfler gav ut ein hyllest til Lonnie Donegan kalla «Donegan's Gone» på albumet Shangri-La og sa han var ein dei som hadde påverka musikken hans mest.

DiskografiEndra

  • Rock Island Line/ John Henry (1955)
  • Diggin' My Potatoes/ Bury My Body (1956)
  • On A Christmas Day/ Take My Hand Precious Lord (1956)
  • Lonnie Donegan Showcase (Desember 1956)
  • Jack O'Diamonds/ Ham 'N' Eggs (1957)
  • My Dixie Darlin’/I’m Just A Rolling Stone (1957)
  • Lonnie (November 1957)
  • The Grand Coulee Dam/ Nobody Loves Like An Irishman (1958)
  • Midnight Special/ When The Sun Goes Down (1958)
  • Sally Don't You Grieve/ Betty Betty Betty (1958)
  • Lonesome Traveller/ Times Are Getting Hard Boys (1958)
  • Lonnie's Skiffle Party Pt.1/ Pt.2 (1958)
  • Tom Dooley/ Rock O' My Soul (1958)
  • Tops with Lonnie (September 1958)
  • Does Your Chewing Gum Lose Its Flavour/ Aunt Rhody (1959)
  • Fort Worth Jail/ Whoa Buck (1959)
  • Fort Bewildered/ Kevin Barry / It Is No Secret / My Lagan Love Buck (1959)
  • Battle Of New Orleans/ Darling Corey (1959)
  • Sal's Got A Sugar Lip/ Chesapeake Bay (1959)
  • San Miguel/ Talking Guitar Blues (1959)
  • Lonnie Rides Again (May 1959)
  • My Old Man's A Dustman/ The Golden Vanity (1960)
  • I Wanna Go Home (Wreck Of the John B.)/ Jimmy Brown The Newsboy (1960)
  • Lorelei/ In All My Wildest Dreams (1960)
  • Lively/ Black Cat (Cross My Path Today) (1960)
  • Virgin Mary/ Beyond The Sunset (1960)
  • (Bury Me) Beneath The Willow/ Leave My Woman Alone (1961)
  • Have A Drink On Me/ Seven Daffodils (1961)
  • Michael Row the Boat/ Lumbered (1961)
  • The Comancheros/ Ramblin' Round (1961)
  • Does Your Chewing Gum Lose It's Flavor (On The Bedpost Over Night) (1961)
  • More! Tops with Lonnie (April 1961)
  • The Party's Over/ Over the Rainbow (1962)
  • I'll Never Fall In Love Again/ Keep On The Sunny Side (1962)
  • Pick A Bale Of Cotton/ Steal Away (1962)
  • The Market Song/ Tit-Bits (1962)
  • Sing Hallelujah (December 1962)
  • Losing My Hair/ Trumpet Sounds (1963)
  • It Was A Very Good Year/ Rise Up (1963)
  • Lemon Tree/ I've Gotta Girl So Far (1963)
  • 500 Miles Away From Home/ This Train (1963)
  • Beans In My Ears/ It's A Long Road To Travel (1964)
  • Fisherman's Luck/ There's A Big Wheel (1964)
  • Get Out Of My Life/ Won't You Tell Me (1965)
  • Louisiana Man/ Bound For Zion (1965)
  • The Lonnie Donegan Folk Album (August 1965)
  • World Cup Willie/ Where In This World Are We Going (1966)
  • I Wanna Go Home/ Black Cat (Cross My Path Today) (1966)
  • Aunt Maggie's Remedy/ (Ah) My Sweet Marie (1967)
  • Toys/ Relax Your Mind (1968)
  • My Lovely Juanita/ Who Knows Where the Time Goes (1969)
  • Lonniepops--Lonnie Donegan Today (1970)
  • Speak To The Sky / Get Out Of My Life (1972)
  • Jump Down Turn Around (Pick a Bale of Cotton) / Lost John Blues (1973 - Australia only)
  • Lonnie Donegan Meets Leinemann (1974)
  • Country Roads (1976)
  • Puttin' On The Style (February 1978)
  • Sundown (May 1979)
  • Muleskinner Blues (January 1999)
  • This Y'ere The Story (2000?)
  • The Last Tour (2006)

KjelderEndra

  1. Skiffle king Donegan dies (BBC)
  2. Jennifer Kelly (2008). «Hats Off: An Interview with Roy Harper». Pop Matters. 
  3. 3,0 3,1 Bruce Eder. «Lonnie Donegan». MTV. 
  4. I love 1960s music: Lonnie Donegan (BBC) accessed 05/01/08

BakgrunnsstoffEndra