Lorents Lange

norsk politikar

Lorents Lange (23. desember 17838. mars 1860) var ein norsk jurist og stortingsmann.

Lorents Lange
Fødd23. desember 1783
Vang i Hedmark
Død8. mars 1860 (76 år)
Statsborgar avNoreg
YrkeJurist
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
VervStortingsrepresentant
1814, 1815-1817 og 1833-1835
Alle verv

Lange var fødd i Vang i Hedmark, der faren var prest. Sjølv vart han student frå katedralskulen i Bergen i 1801, og cand. jur. i 1805. 1809-10 arbeidde han ved Danske Kancelli i København. Frå 1810 assessor i prisretten i Kristiansand, i 1812 i stiftsoverretten der. Fekk tittelen professor i lovkunne i 1816. 1825-58 var Lange assessor i Høgsterett. Som medlem av Høgsterett deltok han i riksrett i 1827 og i 1845.

Lange var 2. representant på Stortinget for Kristiansand på det overordentlege storting 1814 og på Stortinget 1815-16. I 1814 var han medlem av Lagtinget og av forhandlingskomiteen. 1815-16 var han president i Lagtinget, og visepresident i Stortinget. Han var då medlem av 17 komitear, mellom anna formann i komiteen om odelslova og av gasje- og pensjonskomiteen, sekretær i protokollkomiteen av 4. august. Lange var også president i riksretten 1815-16.

Lange var i 1833 på Stortinget, vald for Akershus. Han var då president i Lagtinget, samt formann i justiskomiteen og i kriminallovkomiteen.

Han var innehavar av St. Olavs Orden.

Lange døydde i Kristiania i 1860.

Kjelder endre