Los Alamos National Laboratory
Los Alamos National Laboratory (LANL) er eit amerikansk nasjonalt laboratorium i Lós Alamos i New Mexico. Det er eit av dei første tverrfaglege forskingsinstitusjonane i verda, med meir enn 16 000 tilknytte personar i forskjellige funksjonar. Forsking og utvikling skjer innan forskjellige område som kjemi, fysikk, materialteknikk, biologi, matematikk, datateknikk og ingeniørfag. LANL er saman med Lawrence Livermore National Laboratory ein av to stader i USA der det skjer forsking og utvikling av atomvåpen.
LANL vart oppretta som Site Y i 1943 under Manhattanprosjektet. Det sorterer under Energidepartementet og vert drive av selskapet Los Alamos National Security med eit årleg budsjett på rundt 15 milliardar kroner. Forskingssenteret er tilknytt University of California.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Lós Alamos National Laboratory» frå Wikipedia på bokmål, den 21. april 2013.
- Lós Alamos National Laboratory. (28.02.2013) I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/Los_alamos_national_laboratory
Bakgrunnsstoff
endre- (en) Offisiell nettside