Los Angeles County
Los Angeles County er eit fylke i sørdelen av den USA-amerikanske delstaten California. Fylket, som ligg langs Stillehavet, er 12 310 km² stort, av dette er 1790 km² dekt av vatn. Med 10,01 millionar ibuarar er fylket det mest folkerike i heile USA.
Los Angeles County | |||
fylke | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
![]() Los Angeles County | |||
Wikimedia Commons: Los Angeles County, California | |||
Fylket vart grunnlagt i 1850. Fylkesadministrasjonen har sete i byen Los Angeles. Palmdale, Pasadena og Santa Monica er større byar i fylket.
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Los Angeles County, California» frå Wikipedia på engelsk, den 5. januar 2022.