Louie Louie

(Omdirigert frå Louie, Louie)
Louie Louie
Singel av Richard Berry
A-side

You Are My Sunshine

B-side

Louie Louie

Språk engelsk
Utgjeve april 1957
Innspelt 1957
Sjanger Rock and roll, garagerock
Lengd 2:09
Selskap Flip 321
Komponist Richard Berry
Tekstforfattar Richard Berry
Låtskrivar(ar) Richard Berry
Richard Berry-kronologi 
«Take The Key» Louie Louie «Sweet Sugar You»


«Louie Louie» er ein rock 'n' roll-song skriven av Richard Berry i 1955. Han har vorte ein standardsong i pop og rock med hundrevis av artistar som har spelt sine utgåver av songen. Songen vart skriven som ein jamaicansk ballade og fortel ei soge om ein jamaicansk sjømann som kjem tilbake til øya for å møte kjærasten. Songaren skry om den «fine, vesle jenta» til Louie, truleg ein bartender.

Ein versjon av The Kingsmen frå 1963 er den mest kjende innspelinga. The Kingsmen-utgåva vart etterforska av FBI fordi dei mistenkte at teksten var obskøn, sjølv om det ikkje finst noko slikt. Etterforskinga enda utan at det vart teke ut tiltale.[1] Denne utgåva er plassert på 55. plass på lista til musikkmagasinet Rolling Stone over dei 500 største songane gjennom tidene.

Originalutgåve endre

Richard Berry henta inspirasjon til å skrive songen i 1955 etter å ha høyrt «El Loco Cha Cha» med Ricky Rillera and the Rhythm Rockers. Songen vart opphavleg skriven som «Amarren Al Loco» av den kubanske bandleiaren Rosendo Ruiz Jr., men vart meir kjend med arrangementet til René Touzet. Touzet spelte mykje songen på klubbar i Los Angeles i 1950-åra. Teksten var inspirert av «One for My Baby (and One More for the Road)», som vert sungen frå perspektivet til ein kunde til ein bartender.

Richard Berry gav ut si utgåve i april 1957 med støttebandet sitt, the Pharaohs, og fekk ein liten hit på vestkysten, særleg rundt San Francisco. Då bandet turnerte nordvestkysten av USA, starta fleire lokale R&B-band å spele songen. Singelen gjekk derimot aldri inn på den nasjonale rhythm and blues-lista eller poplista. Selskapet til Berry rapporterte at singelen selde 40 000 eksemplar. Etter fleire mislukka oppfølgjarar, selde Berry rettane til songen for $750 til Flip Records i 1959.

The Kingsmen-utgåva endre

Louie Louie
Singel av The Kingsmen
frå albumet The Kingsmen in Person
B-side

Haunted Castle

Språk engelsk
Utgjeve mai 1963
Innspelt april 1963
Sjanger Garagerock
Lengd 2:42
Selskap Jerden 712
Komponist Richard Berry
Tekstforfattar Richard Berry
Låtskrivar(ar) Richard Berry
Produsent Ken Chase, Jerry Dennon
The Kingsmen-kronologi 
Louie Louie «Money»


På 1950- og 1960-talet spelte kvite populære artistar ofte dei svarte artistane sine songar. 6. april 1963 valde The Kingsmen frå Portland i Oregon «Louie Louie» som den andre innspelinga si. Den første hadde vore «Peter Gunn Rock» ei stund tidlegare.

The Kings spelte inn songen på Northwestern, Inc., Motion Pictures and Recording i Portland og betalte $36 for innspelinga ein laurdags morgon. Vokalisten i The Kingsmen, Jack Ely, baserte si utgåve på ei innspeling frå 1961 av Rockin' Robin Roberts and the Fabulous Wailers, men endra utan å vite det rytmen noko, frå 1-2-3-4, 1-2, 1-2-3-4, til 1-2-3, 1-2, 1-2-3. The Kingsmen-utgåva vart spelt inn på eitt forsøk. B-sida til singelen deira heitte «Haunted Castle».

The Kingsmen gjorde ein feil etter gitarsoloen. Ely starta verset for tidleg, men rettar seg sjølv utan at bandet merkar det. Trommeslagaren Lynn Easton dekker pausen med ein trommefill, men før verset er over går resten av bandet inn i refrenget der dei er meint å kome inn. Dei tar seg raskt inn att, men tyder på at bandet ikkje kunne høyre vokalen. Sidan denne versjonen er så kjend har mange andre band som seinare har spelt songen faktisk kopiert denne feilen.

The Kingsmenn gjorde Berry sin rolege ballade til ein rusten, vill song med klimprande gitar og utydeleg tekst av Ely. Med ropet «Okay, let's give it to 'em right now!» startar ein kaotisk gitarsolo, som først dukka opp i utgåva til the Wailers.

Singelen kom ut i mai 1963 og nådde Topp 10 på Billboard Hot 100 den 7. desember, og gjekk til andreplass veka etter. Songen låg inne på Topp 10 til tidleg i februar.[2] Totalt låg The Kingsmen-utgåva seksten veker på Hot 100. Songen vart mykje spelt på tenåringsfestar i USA gjennom 60-åra, og gjekk til og med inn på lista igjen i 1966.

Ein faktor som kan ha medverka til at plata vart ein så stor suksess var ryktet om at teksten vart framført utydeleg med vilje av the Kingsmen. Dette skal då ha vore fordi ein meinte at teksten kunne ha skildra sex mellom sjømannen og kjærasten sin. Songen vart bannlyst frå mange radiostasjonar og mange stader i USA, inkludert Indiana, der han vart personleg forboden av guvernør Matthew Welsh. Alt dette skjedde trass i at det ikkje var mogeleg å høyre kva som var den eigentlege teksten. Kingsmen og Ely nekta for at teksten var obskøn, men det stoppa ikkje kontroversen. FBI vart involvert, men etter ei 31 månader lang etterforsking, kom dei fram til i ein rapport at det ikkje var mogeleg å høyre teksten på innspelinga.[3]

Paul Revere & The Raiders spelte òg ei utgåve av «Louie Louie» i april 1963 i same studioet i Portland som The Kingsmen. Singelen deira selde godt lokalt, og spreidde seg gradvis vestover og til Hawaii. Salet stoppa derimot brått, og Paul Revere & the Raiders fekk fleire år seinare vite årsaka, nemleg at leiaren i Columbia Records, Mitch Miller som ikkje likte rock 'n' roll, trekte tilbake singelen.

Samstundes gjekk salet av the Kingsmen-utgåva så dårleg at bandet vurderte å trekke seg. Dette endra seg då den største DJen i Boston, Arnie Ginsburg, fekk ei utgåva av plata. Han spelte songen på programmet sitt som «The Worst Record of the Week» («Vekas verste plata»). Trass i smellen var lyttaren positive, og mot slutten av oktober og tidleg i november tok salet av.

Ettermæle endre

Det er ukjend kor mange utgåver av «Louie Louie», som faktisk er spelt inn, men i følgje LouieLouie.net er det over 1500 forskjellige versjonar. The Kingsmen-utgåva har vore den mest populære av songen.

1960-åra endre

Etter the Kingsmen og Raiders sine utgåver, spelte mange andre artistar songen:

  • The Beach Boys spelte songen på albumet Shut Down Vol. 2 i 1964.
  • Otis Redding spelte inn songen på debutplata si Pain in my heart i 1964.
  • Ray Davies har fortalt at han skreiv den første hitten til The Kinks, «You Really Got Me» (1964), då han prøvde å finne ut av akkordane til «Louie Louie». Bandet spelte inn songen 18. oktober 1964 og han vart gjeven ut på EP-en Kinksize Session og albumet Kink-Size, men akkordane var framleis ikkje heilt rett. but still the chords were not quite right.
  • The Who spelte inn ei tidleg utgåve av «Louie Louie».
  • Den amerikanske folkegruppa The Sandpipers gjorde ein versjon av songen i 1966 på spansk og i eit seinare tempo.
  • Det engelske garagebandet The Troggs spelte inn «Louie Louie» i 1966. Hitten deira «Wild Thing» nyttar eit liknande riff som «Louie Louie».
  • Songen fekk ei psykedelisk handsaming av bandet Friar Tuck i 1967.
  • «Louie Louie» vart mykje spelt av Frank Zappa i 1960-åra.
  • The Sonics spelte ei særs røff utgåve av songen i 1960-åra.

Frå 1970-åra og utover endre

I 1970-åra inspirerte songen til mange andre songar og vart sjølv innspelt mange gonger.

Single-versjonen med John Belushi, frå soundtrack-albumet til filmen Deltagjengen, kom på 89. plass på Billboard Hot 100-lista i 1978.

Kjelder endre

  1. The Smoking Gun The Lascivious 'Louie Louie'
  2. Whitburn, Joel (2001). Joel Whitburn Presents Billboard Top 10 Singles Charts. Menomonee, Wisconsin: Record Research, Inc. s. 69–72. ISBN 0-89820-146-2. 
  3. Louie Louie - The Smoking Gun