Louisiana Hayride

Louisiana Hayride var eit amerikansk radioprogram og seinare fjernsynsprogram med fokus på countrymusikk. Det blei sendt frå Shreveport Municipal Memorial Auditorium i Shreveport i Louisiana. På stordomstida si frå 1948 til 1960 lanserte programmet mange store amerikanske artistar.

Historie endre

 
Shreveport Municipal Memorial Auditorium
 
Elvis Presley på Louisiana Hayride.

Programmet fekk namnet sitt etter ei bok frå 1941 med same tittel av Harnett Thomas Kane. Boka tok for seg dei såkalla Louisiana Hayride-skandalane frå 1939–1940, ei rekkje økonomiske brotsverk som førte til at fleire høgtståande personar, som presidenten for Louisiana State University, James Monroe Smith, og den tidlegare bygningsinspektørsjefen George A. Caldwell blei sende i fengsel.[1] Den første sendinga fann stad 3. april 1948 frå Municipal Auditorium i Shreveport sentrum. Horace Logan var produsent og programleiar.[2] Musikarane i det første programmet var The Bailes Brothers, Johnnie and Jack, Tennessee Mountain Boys med Kitty Wells, The Four Deacons, Curley Kinsey and the Tennessee Ridge Runners, Harmie Smith, Ozark Mountaineers, Mercy Brothers og Tex Grimsley and the Texas Showboys.[2] I løpet av eit år var programmet blitt så populært at det blei skipa eit nettverk på 25 stasjonar som sende delar av det, og programmet blei tilmed høyrd utanlands, på Armed Forces Radio.[2] Horace Logan fortsette å produsera Louisiana Hayride fram til 1957.[2]

Programmet hadde framføringar frå ei rekkje kjende countrymusikarar, som Hank Williams, Webb Pierce, Kitty Wells, Jimmie Davis, Will Strahan, Slim Whitman, Floyd Cramer, Sonny James, Hank Snow, Faron Young, Johnny Horton, Jim Reeves, Claude King, Jimmy Martin, George Jones, John and The Three Wise Men, Johnny Cash, Frankie Miller, Tex Ritter, Cowboy Jack Hunt & Little Joe Hunt of the Rhythm Ranch Hands, Nat Stuckey og Lefty Frizzell. Elvis Presley opptredde i radioversjonen av programmet i 1954, og hadde sin første TV-opptreden der den 3. mars 1955. Etter eit års kontrakt med programmet var Elvis så populær at etter hans siste opptreden der i 1956 annonserte Horace Logan til publikum dei berømte orda «Elvis has left the building».[3]

Men veksten til den nye musikkstilen som Elvis stod for - rockabilly og seinare rock'n'roll - førte til ein tilbakegang for Louisiana Hayride, som fram til då hadde vore eit reint countryprogram. I løpet av få år dominerte rocken musikklivet, og 27. august 1960 enda Louisiana Hayride sendingane sine.[4] Stasjonen KWKH fortsette likevel å bruka Louisiana Hayride-namnet til musikkturnear gjennom 1960-åra, heilt fram til 1969.[2][4] I august 1974 skipa David Kent, ein forretningsmann frå Shreveport, eit countryshow han kalla Hayride U.S.A.. Dette fekk namnet Louisiana Hayride i 1975 eter at KWKH gjekk med på å la Kent bruka namnet.[4] Denne framsyninga fann stad på eit teater i Bossier City, og blei send på radio. Det varte fram til 1987.[2]

Artistar som medverka i Louisiana Hayride endre

Kjelder endre

  1. «Caldwell, George A.». Louisiana Historical Association, A Dictionary of Louisiana Biography (lahistory.org). Arkivert frå originalen 25. februar 2012. Henta 21. desember 2010. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 Shreveport Louisiana Hayride Company, LLC, Hayride History, henta 16. februar 2012
  3. «'Louisiana Hayride Tonight' Revisits A Small-Time Show That Hosted Big-Name Stars». NPR.org (på engelsk). Henta 7. januar 2018. 
  4. 4,0 4,1 4,2 Luca, Fabris Giovanni, An Interview with Joey Kent, Owner of the Louisiana Hayride Archives Arkivert 2016-03-04 ved Wayback Machine., henta 16. februar 2012