Love Kills av Roberto Bellarosa

«Love Kills»
Singel av Roberto Bellarosa
Land Belgia
Språk Engelsk
Låtskrivar(ar) Jukka Immonen, Andreas Anastasiou og Iain James

«Love Kills» (engelsk for Kjærleik drep) er det belgiske bidraget i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige, framført på engelsk av Roberto Bellarosa. Songen er skriven av Jukka Immonen, Andreas Anastasiou og Iain James.[1]

Eurovision 2013: A vous de choisir la chanson!Endra

«Love Kills» vann over «Be Heroes» og «Reste toi» i Eurovision 2013: A vous de choisir la chanson!. Bellarosa, som vart valt ut internt til å representere Belgia i Eurovision Song Contest 2013, song dei tre songane i ein radiofinale der radiolyttarane og ein jury røysta fram vinnaren. Tevlinga vart og synt på den offisielle nettstaden til radiokanalen, der ein kunne sjå sendinga direkte.

Eurovision Song Contest 2013Endra

  «Love Kills»
 
Eurovision Song Contest 2013
Land Belgia
Artist(ar) Roberto Bellarosa
Språk Engelsk
Komponist(ar) Jukka Immonen, Andreas Anastasiou og Iain James
Låtskrivar(ar) Jukka Immonen, Andreas Anastasiou og Iain James
Resultat
Belgia i Eurovision Song Contest
«Would You?»
(2012)
«Love Kills»

Sidan berre Frankrike, Italia, Storbritannia, Spania, Tyskland, kalla dei fem store, og vertslandet Sverige er direktekvalifisert til finalen må kvart land kvalifisere seg i éin av dei to semifinalane. Belgia vart tildelt ein plass i den fyrste semifinalen 14. mai 2013 i Malmö Arena.

Semifinale 1Endra

Songen starta som nummer 15, etter Kypros med «An me thimáse» av Déspina Olymbíou og før Serbia med «Ljubav je svuda» av Moje 3.

KjelderEndra

FotnotarEndra

  1. «Result: Roberto Bellarosa to sing Love kills in Malmö» (på engelsk). esctoday. 16. desember 2012. Henta 16. desember 2012. 

BakgrunnsstoffEndra

Mal:Belgiske songar i Eurovision Song Contest