Love Me Tender
Singel av Elvis Presley
B-side

«Any Way You Want Me»

Språk engelsk
Utgjeve 6. oktober 1956
Innspelt 24. august 1956, 20th Century Fox Studios i Los Angeles
Sjanger Pop[1]
Lengd 2:41
Selskap RCA Victor
Komponist George R. Poulton, Elvis Presley, Ken Darby
Tekstforfattar Elvis Presley, Ken Darby
Låtskrivar(ar) Musikk: George R. Poulton

Tekst: Ken Darby (ikkje tilskriven, Elvis Presley & Vera Matson oppført)

Produsent
  • Ernie Oelhrich
  • Thorne Norgar
Elvis Presley-kronologi 
«Shake, Rattle and Roll»

(1956)

Love Me Tender «Too Much»

(1957)


Love Me Tender
Singel av Richard Chamberlain
frå albumet Richard Chamberlain Sings
B-side

«All I Do Is Dream of You»

Språk engelsk
Utgjeve 1962
Sjanger Country
Selskap MGM Records
Komponist George R. Poulton, Elvis Presley, Ken Darby
Tekstforfattar Elvis Presley, Ken Darby
Richard Chamberlain-kronologi 
«Theme From Dr. Kildare (Three Stars Will Shine Tonight)»

(1962)

Love Me Tender «All I Have to Do Is Dream» / «Hi-Lili, Hi-Lo»

(1963)


«Love Me Tender» er ein song frå 1956 spelt inn av Elvis Presley. Teksten og musikken er tilskriven Ken Darby under pseudonymet «Vera Matson», kona hans, og Elvis Presley. RCA Victor-innspelinga av Elvis Presley gjekk til topps på både Billboard- og Cashbox-lista i 1956. Songen var basert på melodien til «Aura Lee», ein sentimental borgarkrigsballade. Songen er blitt nytta i mange filmar som FM, Touched by Love, This is Elvis, Porky's Revenge, Wild at Heart, Die Hard 2, Honeymoon in Vegas, Backbeat, Gaudi Afternoon, Machine Gun Molly, The Princess Diaries 2: Royal Engagement, William Eggleston in the Real World, California Dreamin', Love in Space, Devil's Due, Just Before I Go og 90 Minutes in Heaven.

Historie endre

«Love Me Tender» har ein melodi som er basert på borgarkrigssongen «Aura Lee», som vart publisert i 1861. Musikken til «Aura Lee» vart komponert av George R. Poulton og teksten var skriven av W.W. Fosdick. Han vart seinare populær på college-klubbar og barbersalongkvartettar. Han vart òg sungen ved U.S. Military Academy ved West Point i New York.

Teksten vart i hovudsak skriven av Ken Darby til borgarkrigsballaden, som var i offentleg eige. Songen vart publisert av Elvis Presley Music[2] og oppført som ein song av Presley og kona til Darby, Vera Matson. Presley fekk honorar som låtskrivar på grunn av avtalen hans med Hill & Range som kravde at låtskrivarane måtte gje frå seg halvparten av honorara for songen sin om dei ønskte at Presley skulle spele han. Presley bidrog særs lite med låtskriving til mange av songane han spelte inn.[3] Då Darby vart spurt om kvifor kona hans stod oppført som medlåtskrivar, svarte han «Fordi ikkje ho skreiv songen heller.»

Som med nesten alle dei tidlege RCA-innspelingane tok Presley kontroll i studio, trass i at han ikkje vart oppført som produsent. Han endra ofte på arrangementa og teksten til eit punkt der originalsongen ofte ikkje var å kjenne att. Ken Darby skildra Elvis Presley si rolle i songen: «Han tilpassa musikken og teksten til sin eigen. Elvis har det mest fantastiske øyret for slikt av alle eg har møtt. Han kan ikkje lese notar, men han treng det ikkje. Alt eg trong å gjere var å spele songen for han ein gong, og han gjorde songen til sin eigen! Han har perfekt bedømming om kva som er rett for han. Han utøvde den bedømminga når han valde 'Love Me Tender' som kjenningsmelodien sin.»[4]

Elvis Presley framførte «Love Me Tender» på The Ed Sullivan Show den 9. september 1956, kort tid før singelen kom ut og ein månad før filmen Love Me Tender (som songen opphavleg vart skriven for) kom på lerretet. Dagen etter fekk RCA ein million førehandsbestillingar, og han selde til gullplate sjølv før han kom ut. Studioet, 20th Century Fox, ville opphavleg kalle filmen The Reno Brothers, men gav han tittelen Love Me Tender for å utnytte populariteten til songen.

Filmprodusenten David Weisbart ville ikkje la det faste bandet til Presley (Scotty Moore, Bill Black og D.J. Fontana) spele på filmmusikken. I staden for spelte The Ken Darby Trio med Red Robinson på trommer, Charles Prescott på bass, Vita Mumolo på gitar, og Jon Dodson på korvokal, medan Presley berre song.

Elvis Presley-innspelinga endre

Singelen debuterte på andreplassen på «Best Sellers in Stores»-lista, den første gongen ein singel debuterte så høgt på denne lista.[5]

Songen gjekk til topps på Billboard-lista veka som enda 3. november 1956, og låg her i fem veker. I Storbritannia nådde singelen 11. plassen på lista. «Love Me Tender» nådde òg tredjeplassen i tre veker på R&B-lista.[6] I tillegg overtok «Love Me Tender» førsteplassen frå lista frå ein annan Presley-singel, «Hound Dog/Don't Be Cruel». Dette markerte to viktige hendingar i Billboard-historia. På denne tida sette Elvis rekord med lengste samanhengande periode på førsteplassen for same artisten, seksten veker i alt. Dette vart tangert av Boyz II Men i 1994 og stod i åtte år til før rekorden vart slått av R&B-songaren Usher i 2004 somm låg 19 veker på toppen av lista.

Denne versjonen vart rangert på 437. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene.

I 1968 spelte Presley inn ein 52 sekundar lang song kalla «Violet (Flower of N.Y.U.)» for filmmusikken til filmen The Trouble with Girls. Denne kom først ut etter Presley var død og var òg basert på «Aura Lee».

Sjølv om Presley berre spelte inn ein versjon av «Love Me Tender» i studio, vart det gjeve ut to konsertversjonar, NBC-TV Special (1968) og Elvis: As Innspelt at Madison Square Garden (1972), og fleire utgåver frå konsertar og fjernsyn vart gjeve ut etter Presley var død. Songen vert òg nytta i konsertfilmen Elvis on Tour (1972). Som ein ser i filmen, og andre filmopptak, song Presley ofte berre eit utdrag av songen og brukte resten av songen til å småprate med publikum, som regel kvinner.

Versjonar endre

  • Love Me Tender - 2:41 - Innspelt 24. august 1956
  • Love Me Tender (rulletekstversjon) - 1:08 - Innspelt 1. oktober 1956
  • Love Me Tender (stereoversjon) - 2:42 - Innspelt 24. august 1956

CD-utgåva av EP-en Jailhouse Rock frå 1997 inneheld desse tre versjonane.

Andre innspelingar endre

Kjelder endre

  1. Joe Stuessy (1990). Rock and Roll: Its History and Stylistic Development. Prentice Hall. ISBN 978-0-13-782426-7. 
  2. Roger Lee Hall, Free As The Breeze: Confestions of a Struggling Songwriter, PineTree Press, 2007, s. 98.
  3. I følgje Peter Guralnick skreiv aldri Presley nokre av songane sine (Peter Guralnick, Last Train to Memphis: The Rise of Elvis Presley, Little, Brown & Company, 1995), men han var medlåtskrivar på «You'll Be Gone» og «That's Someone You Never Forget».
  4. MANUEL (7. august 2014). «BLOGINROLL: Love Me Tender 1». Bloginroll.blogspot.com. Henta 29. september 2016. 
  5. «Billboard: 20 Oct 1956». Nielsen Business Media, Inc. 20. oktober 1956. Henta 29. september 2016. 
  6. Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942-2004. Record Research. s. 467. 
  7. «Song title 938 - Love Me Tender». Tsort.info. Henta 29. september 2016. 
  8. «Original versions of Love Me Tender by Julie Andrews & Johnny Cash». SecondHandSongs.com. Henta 29. september 2016. 
  9. «The Princess Diaries 2: Royal Engagement». Billboard. Henta 29. september 2016. 
  10. Nakashima, Ryan (14. oktober 2008). «Sony BMG split-up gives Sony more options». Los Angeles Times. Henta 31. juli 2009. 

Bakgrunnsstoff endre