Love Potion No. 9

Love Potion Number Nine
av The Searchers
frå albumet Meet the Searchers
B-side

«Hi-Heel Sneakers»

Språk engelsk
Utgjeve 1964
Sjanger Rock
Lengd 2:05
Selskap Kapp Records KJB-27
Komponist Jerry Leiber, Mike Stoller
Tekstforfattar Jerry Leiber, Mike Stoller
Låtskrivar(ar) Jerry Leiber og Mike Stoller
The Searchers-kronologi 
«When You Walk in the Room»
(1964)
Love Potion Number Nine «What Have They Done to the Rain»
(1964)


«Love Potion No. 9» er ein song frå 1959 skriven av Jerry Leiber og Mike Stoller. Han vart opphavleg innspelt av The Clovers,[1] som nådde 23. plass med songen i USA det året.[2]

Historie endre

Songen skildrar ein mann som søker hjelp til å finne kjærleiken, så han snakkar med ei sigøynerkvinne som spår han i handa og finn ut at han treng «love potion number 9» (kjærleikseliksir nr. 9). Eliksiren får han til å forelske seg i alle han ser, og kyssar alt han kjem over, til slutt ein politi mann på eit gatehjørne, som knusar eliksirflaska hans.

I ein innspelt versjon av slutten av songen nytta The Clovers ein annan tekst:

«I had so much fun that I'm going back again,
I wonder what a-happen with Love Potion Number Ten?»[1]

Tekstlinja om å kysse politimannen førte til at songen vart bannlyst av somme radiostasjonar.

Andre versjonar endre

Norsk versjon endre

Eldar Vågan har skrive ein norsk tekst. Den norske tittelen er «Rolf Paulsen nr. 9».[4] Denne vart gjeve ut av Vazelina Bilopphøggers på albumet Fem fyrer med ved (Slagerfabrikken/Opel SLP 99 0004) i 1984.[5]

Kjelder endre