Bandkrossnebb

art av sporvefuglar
(Omdirigert frå Loxia leucoptera)
Bandkrossnebb
Bandkrossnebb Foto: John Harrison
Bandkrossnebb
Foto: John Harrison
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: VU Sårbar[1]
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Finkefamilien Fringillidae
Underfamilie: Carduelinae
Slekt: Loxia
Art: Bandkrossnebb L. leucoptera
Vitskapleg namn
Loxia leucoptera

Bandkrossnebb (Loxia leucoptera) er ein liten sporvefugl i finkefamilien, Fringillidae. Han har utbreiing frå nordaustre Europa, gjennom nordlege Asia til Nord-Amerika.

Skildring endre

Dette er ein mellomstor fink, 14,5–17 centimeter i kroppslengd og med ein masse på 25–40 gram. [2] Begge kjønn er kjennelege på to kvite, breie vengeband mot elles mørke vengdekkfjører. Vaksne hannar har ein tendens til å vere raude eller rosa i fjørdrakta, og hoer er grøne eller gule, men det er mykje variasjon. Juvenile fuglar er grålege. Kroppsforma og nebbforma er kraftig, som typiske for slekta Loxia, men hovudet er mindre og nebbet noko spinklare enn til dømes hos furukrossnebb. [3]

Hekkeutbreiinga i Europa er i nordlegaste Russland og sporadisk i nordlege Finland, Sverige og Noreg. I Asia hekkar han i eit barskogbelte gjennom Russland til stillehavskysten, og litt inn i nordaustlegaste Kina. I Nord-Amerika hekkar han i Alaska og Canada kor ein finn barskog, og dessutan litt sørover inn i USA langs Rocky Mountains. Arten er i ei viss grad standfugl, men har eit stort område for vinteropphald i dei nordlegaste statane i USA frå kyst til kyst. I Asia er trekk meir uvanlege. Det kan førekomme streiff av større flokkar til Europa inkludert Noreg.[2]

Den europeiske populasjonen er estimert til 3-8,5 mill individ, og det er trudd å gjere ut for ca. 10 % av den globale bestanden.[4] For Noreg er estimatet på under 100 hekkande individ. I 2021 blei arten oppgradert frå livskraftig til sårbar (VU) på den norske raudlista for artar.[5]

Kjelder endre

Referansar
  1. Artsdatabanken Raudliste faktaark bandkrossnebb Loxia leucoptera J. F. Gmelin, 1789 Henta 15. desember 2010
  2. 2,0 2,1 Clement, P. (2019). Two-barred Crossbill (Loxia leucoptera). In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta 8. Juli 2019
  3. Svensson, Lars et al (2011). Gyldendals store fugleguide. Gyldendal norsk forlag. ISBN 9788205418820.
  4. BirdLife International (2019) Species factsheet: Loxia leucoptera. Henta frå http://www.birdlife.org den 15. desember 2021
  5. Dale S, Jacobsen K-O, Lislevand T, Solvang R, Stokke BG og Strøm H (2021, 24. november). Fugler: Vurdering av båndkorsnebb Loxia leucoptera for Norge. Norsk rødliste for arter 2021. Artsdatabanken. Henta 15. desember 2021

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Bandkrossnebb