Loyautéøyane

(Omdirigert frå Loyauté-øyane)

21°04′S 167°21′E / 21.067°S 167.350°E / -21.067; 167.350

Kart over Loyautéøyane

Loyautéøyane (fransk Îles Loyauté, på norsk også Lojalitetsøyane) er ei øygruppe i Melanesia i Stillehavet som ligg nordaust for Ny-Caledonia. Dei dannar ein av dei tre provinsane som utgjer territoriet Ny-Caledonia. Øyane har eit samla areal på 1 981 km². Provinsen hadde i 2014 18 297 innbyggjarar.[1] Dei viktigste øyane i gruppa er Ouvéa, Maré og Lifou. I tillegg kjem dei mindre øyane Tiga, Mouli og Faiava.

Loyautéøyane utgjer ein del av økoregionen Ny-Caledonia-regnskogar. Det høgaste punktet er på Maré på 138 meter over havet.

Innbyggjarane på Loyautéøyene er av blanda melanesisk og polynesisk opphav. Øyane blei utforska i 1827 av Jules Dumont d'Urville. Frankrike tok kontroll over øygruppa i 1853 saman med Ny-Caledonia.[2]

Politikk og administrasjon endre

Loyautéøyane er ein av tre provinsar i Ny-Caledonia. Provinsforsamlinga for Loyautéøyane har sete i på Lifou.

Det er tre kommunar i provinsen: Lifou (Lifou og Tiga), Maré og Ouvéa.[3]

Galleri endre

Kjelder endre

  1. Population, ménages et logement par commune, Institut de la Statistique et des Etudes Economique (ISEE).
  2. «Un peu d'histoire» Arkivert 2012-04-25 ved Wayback Machine., Province des îles Loyauté.
  3. Chiffres clés des communes Arkivert 2014-08-11 ved Wayback Machine., Insee. Henta 22. juli 2014.

Bakgrunnsstoff endre