Ludvig Enge

norsk politikar

Ludvig Elmar Hegge Olsson Enge (11. september 187816. august 1953) var ein norsk elektrikar, byråkrat og politikar frå Vik i Helgeland. Han representerte ArbeidarpartietStortinget i til saman fire periodar i tida mellom 1910 og 1930.

Ludvig Enge

Fødd11. september 1878
Vik på Helgeland
Død16. august 1953 (74 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar, journalist, fagforeiningsleiar
Alle verv

Enge var son til ein fiskar og husmann på Våg i Vik. Fram til 1899 var han sjølv fiskar og gardsarbeidar i Nordland. I 1899 flytta han til Sarpsborg, der han i åra 1900-07 arbeidde som elektrisk montør, deretter var han medarbeidar i avisa Smaalenenes Socialdemokrat. Frå 1909 til -16 var han tilsett ved Sarpsborg kommunale elektrisitetsverk, borgarmeister (rådmann) i Sarpsborg frå 1919 til 1943.

I 1901 var Enge med på å stifte den fyrste fagforeininga ved Borregaard og i 1903 Sarpsborg Arbeiderparti. Han var medlem i bystyret frå 1905, varaordførar 1908-09 og ordførar 1917-18. Ved stortingsvalet 1909 vart han vald til å representere Sarpsborg krins på Stortinget i perioden 1910-12, attvald for 1913-15. Han var då medlem i Næringskomite nr 2, sekretær i komiteen 1913-15. Han nådde ikkje opp ved stortingsvalet 1915, men vart på ny tingmann 1919-21, då sekretær i Konstitusjonskomiteen. Enge var mellom dei moderate i Arbeidarpartiet som i 1921 braut ut og danna Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti. Det førte mellom anna til at han fekk for få røyster til å verte vald til stortingsrepresentant både i 1921 og -24. Fyrst då sosialdemokratane slo seg saman med Det norske Arbeidarparti i 1927 kom han inn til ei ny stortingsperiode. Han var då i 1928-30 med i Protokollkomiteen.

Kjelder endre