Luftforsvaret er den yngste forsvarsgreina i det norske forsvaret. Ho har luftmakt som hovudprodukt. Hærens flyvevesen vart oppretta i 1915 og Marinens flyvevesen vart oppretta i 1916. Desse to vart sameina til ei eiga våpengrein i 1944. Luftforsvaret har som hovudoppgåve å drive overvaking, kontroll og varsling i luftrommet over norsk territorium og havområda omkring det; offensive flyoperasjonar mot invasjonsstyrker under åtak; lufttransport av personell og utstyr for innsetjing i invasjonsforsvaret; oppretthalde og forsvare ein baseorganisasjon for eiga verksemd og for mottaking av alliert hjelp; deltaking i norske vernebuingsstyrkar i FN og NATO; sjøreddings- og ambulanseteneste og lufttransport til støtte for det sivile samfunnet og som lekk i internasjonal hjelp.

Luftforsvaret


Skipa1944
MorselskapDet norske forsvaret Sjå dette på Wikidata
DotterselskapLuftoperativt inspektorat, Maritim helikopterving, 133 luftving Evenes Sjå dette på Wikidata
TenesterRoyal Norwegian Air Force fleet Sjå dette på Wikidata
HovudkontorRygge flystasjon Sjå dette på Wikidata
Nettstadhttps://forsvaret.no/luftforsvaret
Det norske luftforsvaret sitt kjennemerket på flya.
Norsk F-16 i Roma 2004

Styrke i fred: Ca. 2130 personar, der ca. 1430 er offiserar og sivilt tilsette medan ca. 600 er vernepliktige. Styrken ved mobilisering er ca. 5518 personar.

Luftforsvaret utgjer sju flystasjonar, to kontroll- og varslingsstasjonar, to utdanningssenter, ti skvadronar og to luftvernartilleribataljonar.

Luftforsvaret rår over 57 F-16 kampfly, 6 NASAMS luftvern-batteri, 12 Westland Sea King redningshelikopter, 6 P-3 Orion maritime overvakingsfly, 6 C-130 Hercules transportfly, 6 Westland Lynx helikopter, 18 Bell helikopter, 3 DA-20 Jet Falcon transportfly og 16 Saab Safari.[treng kjelde]

Bakgrunnsstoff Endra