Luis Mariano Delís Fournier (fødd 6. desember 1957) er ein kubansk tidlegare diskoskastar frå Guantánamo. Han vann VM-sølv i øvinga i 1983 og bronse under Sommar-OL 1980 og Friidretts-VM 1987.

Luis Delís
Statsborgarskap Cuba
Fødd 6. desember 1957 (66 år)
Guantánamo
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1980

Aktiv endre

I 1980 vann Delís bronsemedaljen under dei olympiske sommarleikane med eit bestekast på 66,32 meter, like bak den uventa vinnaren, sovjetiske Viktor Rasjtsjupkin og Imrich Bugár frå Tsjekkoslovakia, utøvarar som vart mål til høvesvis 66,64 m og 66,38 m.

21. mai 1983 kasta Delís diskosen 71,06 meter i Habana, hans livs lengste kast og gjeldande landsrekord i Cuba også i 2020. Under den fyrste verdsmeisterskapen i friidrett i Helsinki same året tok Delís med 67,36 m sølv, slått med 36 cm av Imrich Bugár. Delís deltok ikkje ikkje i Sommar-OL 1984, ei heller Sommar-OL 1988, då Cuba boikotta begge desse leikane.

I verdsmeisterskapen 1987 vann Jürgen Schult frå Aust-Tyskland diskostevlinga med 68,74 m, klart føre John Powell frå USA som nådde 66,22 m. Delís sikra seg bronsen med 66,02 m, fattige 6 centimeter lengre enn Rolf Danneberg frå Vest-Tyskland.

Delís vann elles diskosøvinga ved universiaden i 1983 og 1985, samt i panamerika-leikane i 1983 og 1987.

Doping endre

I 1990 vart Delís sperra ute frå idrett i 2 år, grunna i doping. Han la då opp.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre