Dei lukka ordklassane er ordklassar der det er mogleg å telje kor mange medlemmer dei har, til skilnad frå dei opne ordklassane, der det er umogleg. Lukka ordklassar har framfor alt ein grammatisk funksjon i språket.

Fleire av dei lukka ordklassane inneheld berre ubøyelege ord. Morfologisk sett er det umogleg å skilje dei lukka ordklassene preposisjonar og konjunksjonar frå kvarandre, ingen av dei har nemleg morfologi i det heile. Skilnaden er syntaktisk, dvs. kor i setninga desse orda kan opptre, og kva funksjon dei har. Andre lukka ordklasser har morfologiske særtrekk, som t.d. pronomen, i norsk blir dei fleste pronomena bøygd i kasus, ingen andre norske ordklasser har kasusbøying. Nokre pronomen har ikkje bøying (t.d. det, kvarandre), dei blir likevel rekna som pronomen av syntaktiske grunnar.

Dei lukka ordklassane vert dermed delte inn etter kva funksjon dei har i setninga.

Lukka ordklassar: