Lulu av Lou Reed og Metallica

Lulu
Studioalbum av Lou Reed og Metallica
Utgjeve 31. oktober 2011
Innspelt April til juni 2011
Studio Metallica's HQ (San Rafael i California)
Sjanger
Lengd 87:05
Selskap
Produsent
Lou Reed-kronologi
Hudson River Wind Meditations
(2007)
Lulu
Metallica-kronologi
Death Magnetic
(2008)
Lulu Beyond Magnetic
(2011)
Singlar frå Lulu
  1. «The View»
    Utgjeve: 27. september 2011

Lulu er eit samarbeidsalbum mellom den amerikanske musikaren Lou Reed og heavy metal-bandet Metallica. Det vart gjeve ut som eit dobbeltalbum 31. oktober 2011 av Warner Bros. i USA og Vertigo andre stader. Albumet er det siste studioinnspelingsprosjektet i full lengde som Reed var involvert i før han døydde i oktober 2013.[2] Det vart spelt inn i San Rafael i California frå april til juni 2011, etter at Reed hadde spelt med Metallica på Rock and roll Hall of Fame sin 25-årsjubileumskonsert. Dette førte til at dei ønskte å samarbeida. Hovudsingelen, med tittelen «The View», kom ut 27. september 2011.[3]

Konseptuelt er albumet basert på dei to «Lulu-skodespela» av den tyske dramatikaren Frank Wedekind (1864–1918). Størstedelen av komposisjonen er sentrert på talte ord levert av Reed over instrumentaler komponert av Metallica, med sporadiske korvokal levert av Metallica-vokalisten James Hetfield. Reed skreiv fleirtalet av tekstane. Albumet vart gjeve ut over heile verda 31. oktober 2011, og 1. november i Nord-Amerika.[4] Etter utgivinga fekk Lulu blanda meldingar, og ein ekstremt negativ respons frå mange fans og fleire framtredande kritikarar.

BakgrunnEndra

Lou Reed og Metallica hadde begge spelt på den ellevte av Neil Young sine Bridge School Benefit-konsertar i oktober 1997.[5] Utforminga av samarbeidsprosjektet byrja i 2009 då både Metallica og Reed opptredde på 25-årsjubileumskonserten til Rock and roll Hall of Fame.[4] Etter den framsyninga byrja dei å «leike med tanken om å laga ei plate saman»,[6], men byrja ikkje å jobba saman før to år seinare. I februar 2011 kunngjorde Metallica-gitaristen Kirk Hammett at i mai 2011 ville gruppa byrja å jobba med noko som «ikkje 100 prosent er ei Metallica-plate. Det er eit innspelingsprosjekt, la oss si det sånn.»[7] Prosjektet vart avslørt å vera eit samarbeid med Lou Reed etter at innspelinga av albumet var fullført i juni 2011.[4]

Samarbeidet var opphavleg meint å vera at Metallica skulle spela inn fleire tidlegare ikkje utgjevne spor som Reed hadde skrive opp gjennom åra.[8] Blant desse ikkje utgjevne demoene var ei samling songar komponerte for eit skodespel kalla Lulu – ei teateroppsetjing av to skodespel opphavleg skrive av den tyske dramatikaren Frank Wedekind.[9] Reed delte demoane av desse songane med medlemmene av Metallica for å bidra til å bringa «stykket til neste nivå»,[10] og gruppa gav «betydelege arrangementsbidrag» til materialet.[11] David Fricke frå Rolling Stone høyrde minst to av songane frå prosjektet i juni 2011 - «Pumping Blood» og «Mistress Dread» - og skildra lyden deira som ei «rasande foreining av [Reeds] noir-klassiker frå 1973, Berlin og Metallica sitt Master of Puppets frå 1986.»[11] Alle spor vart gjort tilgjengeleg for lytting på den offisielle Lou Reed & Metallica-nettsida før plata kom ut.[12] Reed uttalte at «Alt er spelt inn live - vi stirar på kvarandre, speler».[13] Innspelinga var til tider problematisk, og Lars Ulrich innrømde at Lou Reed på eit tidspunkt utfordra han til ein «gatekamp».[14]

SinglarEndra

«The View» vart gjeve ut for strøyming på nettet i slutten av september 2011. I ei undersøking av reaksjonen i The New Zealand Herald på sporet og ein tidlegare utgjeven førehandsvising på 30 sekund frå same sporet, skreiv avisa at det var mykje negativ reaksjon frå fansen på nettet, og at songen hadde omtrent dobbelt så mange «liker ikkje» som «liker» på YouTube.[15]] Ikkje alle reaksjonar på songen var negative; Rolling Stone gav «The View» 4 av 5 stjerner[16] medan den same songen vart vurdert til 4,5 av 5 av Artist Direct[17] og fekk positiv omtale av One Thirty BPM.[18] Musikkvideoen til songen vart regissert av Darren Aronofsky, med kinematografi av Matthew Libatique og produsert av Scott Franklin gjennom Protozoa Pictures, produksjonsselskapet til han sjølv og Aronofsky.[19] Opphavleg var det planlagt at Aronofsky skulle leia ein framføringsvideo for andre singelen frå albumet, «Iced Honey»[20], men «då alle kom saman, vart det tydeleg at «The View» var vegen å gå.»[21]

MottakingEndra

Meldingar
Samla karakter
KjeldeKarakter
Metacritic45/100[22]
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic     [23]
Consequence of SoundF[24]
The Daily Telegraph     [25]
Entertainment WeeklyD[26]
The Guardian     [27]
Montreal Gazette     [28]
NME7/10[29]
Pitchfork1.0/10[30]
Rolling Stone     [31]
Spin6/10[32]
Drowned In Sound10/10[33]

Lulu fekk polariserte meldingar frå kritikarane. Hos Metacritic, som tildeler ei normalisert vurdering av 100 til meldingar frå mainstream-kritikarar, fekk Lulu ein gjennomsnittleg poengsum på 45, basert på 31 meldingar.[22] Den faste kritikaren Joseph Viney frå Sputnikmusic vurderte det til ein og ein halv av fem og kommenterte «Nedfallet frå dette kan få alvorlege konsekvensar. Mange menneske som allereie har plassert Metallica på det beste setet i huset på Last Chance Saloon har no tinga sin siste ordre. Det er verkeleg vanskeleg å gjetta kva deira neste trekk vil vera. Når det gjeld Reed, er arva hans, uansett kva det betyr i tilfellet hans, sementert og dette vil ikkje ha nokon reell effekt på han.»[34]

Pitchfork-kritikaren Stuart Berman tildelte albumet ei sjeldan rangering på 1,0, og skreiv «på trass av morsomheita som burde følgja her, er Lulu ein frustrerande edel fiasko. Fredig til det ekstreme, men utmattande keisam som eit resultat, er dei få interessante ideane på albumet strekt ut hinsides nyttepunktet og banka inn i underkasting.»[30] Essayist og popkulturskribent Chuck Klosterman skreiv i meldinga si for nettstaden Grantland: «Viss Red Hot Chili Peppers akustisk spelte dei 12 verste Primus-songane for Starbucks, ville det framleis vera (litt) betre enn dette.»[35] Kritikaren Julian Marszalek frå The Quietus gav plata ei veldig negativ melding, og kommenterte at «effekten er at Lou Reed rablar over nokre Metallica-demoer som aldri var meint for konsum.» Marszalek oppsummerte meldinga ved å indikere at tida brukt på å lytta til Lulu kunne vore brukt betre på å sjå graset veksa, «eller kanskje runke inn i ein sokk.»[36] Vidare skreiv den mangeårige kritikaren Don Kaye, som tidlegare hadde forsvart det mykje utskjelte album til Metallica frå 2003. St. Anger, på Blabbermouth.net at «Lulu er ein katastrofal fiasko på nesten alle nivå, eit prosjekt som godt mogeleg kan gjera uopprettelig skade på karrieren til Metallica.»[37]

I det britiske avantgarde-musikkmagasinet The Wire skreiv David Keenan «Metallicas ubøyelige sleggestil fungerer som det perfekte komplementet til Reeds visjon om medkjenslelaus kjærleik» og konkluderte med «mot alle odds, fungerer Lulu som den ultimate realiseringa av estetikke til Reed på Metal Machine Music, grusam vulgær, halvt forelska i kraft og smerte, men med eit knust, bankande hjarte i sentrum.»[38] Uncut gav plata ei positiv melding,[39] og peikte ut avslutningssporet «Junior Dad» for ros og kalla det «fantastisk» og «forbløffande», ei «perfekt avslutning på den mest ekstraordinære, lidenskapelege og rett og slett strålande plata som nokon av dei har laga på lenge.» NME, som gav plata sju av ti,[29] roste ho som «ein overraskande triumf», og sa at «breidda og ambisjonen til plata må applauderast. Metallica har prestert langt utover det mange trudde dei var i stand til; dei improviserer fritt som Reed si musikalske tispe, medan dette for han markerer hans mest uvanlege innspeling sidan Metal Machine Music». The Telegraph gav Lulu tre stjerner av fem,[40] og uttalte at sjølv om det var «utmattande, sjølv etter seinare Lou Reed-standardar», fekk kjensla av «hemma dårskap» og rein mangel på kommersialisme albumet til å kjennast «viktig».

Den tyske utgåva av Metal Hammer gav plata fire av sju stjerner. Reaksjonen til kritiakren, Metallica-biografen Joel McIver, var blanda. Ifølgje McIver hadde Lou Reed og Metallica laga eit «avantgarde-teatralsk» lydspor som «ikkje er lett å lytta til» og anbefalast for Lou Reed-fans. Likevel vil Metallica-fans «for det meste ignorera Lulu - og lytta til Master of Puppets». I ei melding med tittelen «Metallica and Lou Reeds 'Lulu' Is Actually Excellent», skreiv James Parker frå The Atlantic «Eg synest ikkje plata er drit. Faktisk elskar eg ho... Gi Lulu ein sjanse. Gi ho ein ny lytt. Gi det det Lou ville kalla ditt 'koagulerande hjarte', og du vil bli lønt.»[41]

J.R. Moores frå Drowned In Sound gav albumet ein perfekt poengsum på 10 av 10, og roste albumet som «den nest største plata som nokon gong er laga i historia til den menneskelege trommehinna» etter Metal Machine Music. Meldinga vart misforstådd som ein spøk då forfattaren uttalte at kvart punkt han nemnde om Lulu er oppriktig; og sa at albumet er det mest interessante Metallica-albumet og med Lou Reed sine mest underhaldande tekstar.[42]

I motsetning til andre kjelder, nådde Lulu nummer ni på The Wire si kritikarundersøking ved årsskiftet.[43] Faktisk kommenterte Jennifer Lucy Allan frå The Wire om dei dårlege meldingane: «til sjuande og sist er reaksjonen på plata eit bevis på Lou Reed si evne til framleis å komma opp i nasa og under huda på sjølv dei mest fordomsfrie lyttarane. Han ler truleg hovudet av seg av det heile akkurat no.»[44] Mattin skreiv i meldinga si av Lulu for Volcanic Tongue at han var samd då Lou Reed sa «Dette er den beste tingen nokon gong gjort av nokon» og han la til «Lulu er meir Lou Reed enn Lou Reed og det betyr heilt sikkert at dette er det beste nokon gong gjort av nokon.»[45]

I eit stykke publisert på dagen då Reed døydde, skreiv Robert Christgau at Lulu «truleg ikkje fekk nok» «mazel tov» frå kritikarar.[46]

Då Lou Reed posthumt vart innlmma i Rock and roll Hall of Fame i 2015 kunngjorde enka til Reed, Laurie Anderson at David Bowie hadde omtalt Lulu som Reeds «største verk».[47] James Murphy frå LCD Soundsystem sa seinare at Bowie hadde fortalt han at Lulu var «noko av det beste som Lou har skrive. Folk gjer ein rask dom og dei lyttar ikkje.»[48]

Svar på kritikkEndra

Reed uttalte at Metallica-fansen trua med å skyta han på grunn av samarbeidet på Lulu. Som svar på dette og den generelle negative reaksjonen på albumet, kommenterte Reed: «Eg har ingen fans igjen. Etter Metal Machine Music (1975) flykta dei alle saman. Kven bryr seg? Eg er eigentleg med på dette for moro skuld.»[49] Metallica-trommeslagaren Lars Ulrich noterte òg den negative reaksjonen på Lulu, og uttalte at han ikkje var overraska over kritikken, delvis fordi «I 1984, då hardcore Metallica-fans høyrde akustiske gitarar på «Fade to Black», vart det ein kjernefysisk samansmelting i heavy metal-miljøet» og notert òg at poesien til Reed «ikkje er for alle.»[49] Når han snakka om dei negative reaksjonane, uttrykte frontmannen James Hetfield forståing for «redde menneske», som «skriv frå kjellaren til mora som dei framleis bur i», og sa at bandet trong «å spreia vengene våre» og prøva noko nytt,[50] medan Reed uttalte at albumet er for «lesekunnige folk».[51] Robert Trujillo snakka om albumet og sa: «Elsk det eller hat det, det var definitivt noko vi likte og som vi omfamna.»[52]

Etter Reed døydde skreiv Ulrich følgjande om Lulu i The Guardian: «Eg spelte plata for barna mine i går i bilen, og ho høyrdest like relevant og meir intens ut enn nokon gong; det høyrdest utruleg potent ut, veldig levande og impulsivt ... Om 25 år vil du ha millionar av menneske som hevdar at dei eigde plata eller elska ho då ho kom ut, sjølvsagt vil ingen av dei vera sanne. Eg trur ho kjem til å eldast godt – då eg spelte ho i går høyrdest det kjempebra ut. På nokre måtar er det nesten kulare at folk ikkje omfamna det, fordi det gjer det meir til vårt, det er prosjektet vårt, plata vår, og dette vart aldri laga for massane og massane tok det ikkje til seg. Det gjer det meir verdifullt for dei som var involvert.»[53]

SalEndra

I USA debuterte albumet som nummer 36 på Billboard 200 med eit sal den første veka på 13 000 eksemplar.[54] Dette gjorde han til den høgaste plasseringa til Reed sidan Sally Can't Dance, som nådde 10. plassen i 1974. Lulu debuterte på topp 10 på listene i åtte land.

InnhaldEndra

All tekst er skriven av Lou Reed; all musikk er komponert av Reed og Metallica.

Plate ein
Nr.TittelLengd
1.«Brandenburg Gate»4:20
2.«The View»5:15
3.«Pumping Blood»7:25
4.«Mistress Dread»6:50
5.«Iced Honey»4:35
6.«Cheat on Me»11:25
Total lengd:39:50
Plate to
Nr.TittelLengd
7.«Frustration»8:35
8.«Little Dog»8:00
9.«Dragon»11:10
10.«Junior Dad»19:30
Total lengd:47:15

MedverkandeEndra

Musikarar

Andre medverkande

Produksjon og design

SalslisterEndra

Liste (2011) Plassering
Den australske albumlista[58] 33
Den austerrikske albumlista[58] 11
Den belgiske albumlista (Flandern)[58] 17
Den belgiske albumlista (Vallonia)[58] 14
Den kanadiske albumlista[59] 26
Den kroatiske albumlista[60] 4
Den tsjekkiske albumlista[61] 4
Den danske albumlista[62] 13
Den nederlandske albumlista[58] 17
Den finske albumlista[58] 16
Den tyske albumlista[63] 6
Irish Albums Chart[64] 36
Den italienske albumlista[65] 9
Den japanske albumlista[66] 14
Den newzealandske albumlista[58] 12
Norske VG-lista[58] 11
Den polske albumlista[67] 6
Den portugisiske albumlista[58] 8
Den russiske albumlista[68] 10
Den spanske albumlista[69] 12
Den svenske albumlista[58] 9
Den sveitsiske albumlista[58] 14
UK Albums Chart[70] 36
US Billboard 200[54] 36

KjelderEndra

  1. Amorosi, A.D. (3. november 2011). «For the record: George Benson, Lou Reed & Metallica». Pittsburgh Post-Gazette. Arkivert frå originalen 7. desember 2015. Henta 26. november 2015. 
  2. «Lou Reed, Velvet Underground Leader and Rock Pioneer, Dead at 71». Rolling Stone. 27. oktober 2013. Arkivert frå originalen 4. mars 2016. Henta 27. oktober 2013. 
  3. «Metallica and Lou Reed post clip of new single 'The View' online — audio». NME. Arkivert frå originalen |archive-url= requires |archive-date= (hjelp). Henta 10. april 2022. 
  4. 4,0 4,1 4,2 Kane, Tyler (19. august 2011). «Lou Reed/Metallica Collaboration Gets a Release Date». Paste. Wolfgang's Vault. Arkivert frå originalen 22. juli 2013. Henta 21. august 2011. 
  5. «Bridge School Benefit history». Arkivert frå originalen 24. mars 2022. Henta 15. januar 2014. 
  6. Bojalad, Alec (16. juni 2011). «Metallica Records New Album with Lou Reed». Billboard. Prometheus Global Media. Arkivert frå originalen 19. oktober 2011. Henta 21. august 2011. 
  7. Sciarretto, Amy (15. februar 2011). «Metallica Working on a Project That Is 'Not 100 Percent a Metallica Record'». Noisecreep. AOL. Arkivert frå originalen 18. februar 2011. Henta 21. august 2011. 
  8. NME Staff (30. august 2011). «James Hetfield: 'Lou Reed asked us to stamp Metallica on Lulu. NME. IPC Media. Arkivert frå originalen 2. september 2011. Henta 5. september 2011. 
  9. Thiessen, Brock (19. august 2011). «Metallica and Lou Reed Set Release Date for Collaborative Album». Exclaim!. Arkivert frå originalen 19. februar 2012. Henta 21. august 2011. 
  10. 10,0 10,1 «Metallica's Collaboration With Lou Reed: More Details Revealed». Blabbermouth.net. Roadrunner Records. 21. august 2011. Arkivert frå originalen 11. januar 2013. Henta 22. august 2011. 
  11. 11,0 11,1 Fricke, David (15. juni 2011). «Exclusive: Metallica and Lou Reed Join Forces on New Album». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 12. august 2011. Henta 21. august 2011. 
  12. «Lou Reed & Metallica | 'Lulu' Available October 31 (Worldwide) & November 1 (North America)». Loureedmetallica.com. Arkivert frå originalen 26. oktober 2011. Henta 11. april 2022. 
  13. «Lou Reed & Metallica – 'Lulu' (11/1)». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 18. februar 2015. Henta 16. november 2014. 
  14. «Lou Reed challenged Lars Ulrich to street fight». 3 News NZ. 7. mai 2012. Arkivert frå originalen 20. oktober 2012. Henta 2. desember 2012. 
  15. «Full Metallica-Lou Reed spor hits net». The New Zealand Herald. 26. september 2011. Arkivert frå originalen 24. mars 2022. Henta 28. september 2011. 
  16. David Fricke (28. september 2011). «The View | Song Reviews». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 28. mars 2022. Henta 11. april 2022. 
  17. «Lou Reed & Metallica «The View» — Song Review 4.5 out of 5 stars – ARTISTdirect News». Artistdirect.com. Arkivert frå originalen 26. oktober 2011. Henta 11. april 2022. 
  18. «Track Review: Lou Reed & Metallica – «The View»». One Thirty BPM. 5. oktober 2011. Arkivert frå originalen 18. oktober 2011. Henta 11. april 2022. 
  19. Gottlieb, Steven (5. desember 2011). «Watch It: Lou Reed & Metallica «i am the table» (Darren Aronofsky, dir.)». Video Static. Arkivert frå originalen 6. desember 2011. Henta 6. desember 2011. 
  20. Stusoy, Brandon (3. november 2011). «Darren Aronofsky to Direct Video for Loutallica's «Iced Honey»». Pitchfork Media. Arkivert frå originalen 5. november 2011. Henta 11. april 2022. 
  21. Bumbery, Brian (2. desember 2011). «Darren Aronofsky-Directed Video for Lou Reed and Metallica «The View» From Their Album Lulu to Premiere Exclusively on IFC.com on Saturday, 3. desember 2011 at 10 AM EST». Marketwire/Warner Bros. Records/BB Gun Press. Arkivert frå originalen 8. desember 2011. Henta 6. desember 2011. 
  22. 22,0 22,1 «Lulu Reviews, Ratings, Credits, and More». Metacritic. CBS Interactive. Arkivert frå originalen 12. januar 2012. Henta 28. januar 2012. 
  23. «Lulu – Lou Reed». Allmusic. Henta 11. april 2022. 
  24. Young, Alex (28. oktober 2011). «Lou Reed & Metallica – Lulu». Consequence of Sound. Arkivert frå originalen 11. april 2022. Henta 11. april 2022. 
  25. «Lou Reed & Metallica: Lulu, CD review». Telegraph. Arkivert frå originalen 11. april 2022. Henta 11. april 2022. 
  26. Anderson, Kyle (11. april 2022). «Lulu (2011)». Entertainment Weekly. Arkivert frå originalen 22. juli 2013. Henta 4. juni 2012. 
  27. Petridis, Alexis (27. oktober 2011). «Lou Reed and Metallica: Lulu – review». The Guardian. Arkivert frå originalen 3. august 2020. Henta 11. april 2022. 
  28. «CD Reviews from Montreal Gazette: Lou Reed and Metallica». Postmedia News. Arkivert frå originalen 17. desember 2011. 
  29. 29,0 29,1 «NME Album Reviews – Album Review: Lou Reed & Metallica – 'Lulu'». Nme.Com. 28. oktober 2011. Arkivert frå originalen 22. juli 2013. Henta 11. april 2022. 
  30. 30,0 30,1 Bermant, Stuar (28. oktober 2011). «Lou Reed & Metallica». Pitchfork. Arkivert frå originalen 22. juli 2013. Henta 11. april 2022. 
  31. «Lou Reed and Metallica Lulu Album Review». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 14. november 2014. Henta 16. november 2014. 
  32. Powell, Mike (11. april 2022). «Review: Lou Reed & Metallica, 'Lulu'». Spin. Arkivert frå originalen 22. juni 2015. Henta 11. april 2022. 
  33. Moores, J. R. (27. oktober 2011). «Metallica, Lou Reed - Lulu». Drowned In Sound. Arkivert frå originalen 22. juni 2015. Henta 11. april 2022. 
  34. «Lou Reed and Metallica – Lulu (staff review)». Sputnikmusic. 21. oktober 2011. Henta 11. april 2022. 
  35. «Injustice For All: The Lou Reed/Metallica Album». Grantland. Arkivert frå originalen 27. oktober 2011. Henta 11. april 2022. 
  36. Marszalek, Julian. «Reviews: Lou Reed & Metallica». The Quietus. Arkivert frå originalen 4. februar 2013. Henta 11. april 2022. 
  37. Kaye, Don. «Lou Reed & Metallica – Lulu». Blabbermouth.net. Arkivert frå originalen 31. oktober 2011. Henta 31. oktober 2011. 
  38. Keenan, David (December 2011). «Lou Reed & Metallica Lulu Warner Brothers 2×CD/DL». Soundcheck. The Wire (London, England: The Wire Magazine Ltd.) (334): 63. Arkivert frå originalen 15. desember 2018. Henta 13. desember 2018 – via Exact Editions. (krev abonnement)
  39. Quantick, David. «Album Review: Lou Reed & Metallica – Lulu». Uncut Magazine. Arkivert frå originalen 24. mars 2022. Henta 11. april 2022. 
  40. Perry, Andrew (27. oktober 2011). «Telegraph review». The Telegraph (London). Arkivert frå originalen 28. oktober 2011. Henta 27. oktober 2011. 
  41. Parker, James (16. november 2011). «Metallica and Lou Reed's 'Lulu' Is Actually Excellent». The Atlantic. Arkivert frå originalen 20. oktober 2014. Henta 16. november 2014. 
  42. Moores, J. R. «Lou Reed: An Eu-lulu-ogy». DrownedInSound (på engelsk). Henta 30. desember 2021. 
  43. «2011 Rewind: Releases of the Year 1–10». The Wire (London) (335): 30. January 2012. Arkivert frå originalen 11. juli 2018. Henta 13. desember 2018 – via Exact Editions. (krev abonnement)
  44. Allan, Jennifer Lucy (16. januar 2012). «Lou Reed & Metallica: Why all the #WTF?». The Wire (London). Arkivert frå originalen 14. september 2016. Henta 9. august 2016. 
  45. «Lulu Review». Glasgow: Volcanic Tongue. 25. mars 2022. Arkivert frå originalen 26. februar 2015. Henta 29. august 2014. 
  46. Christgau, Robert (27. oktober 2013). «Toesucker Blues: Robert Christgau's Farewell Salute to Lou Reed». Spin. Arkivert frå originalen 16. september 2015. Henta 10. juni 2014. 
  47. Filbin, Patrick (20. april 2015). «David Bowie Says Lou Reed's Greatest Work Was Metallica Collaboration». American Songwriter. Arkivert frå originalen 23. april 2015. Henta 21. april 2015.  line feed character in |title= at position 38 (hjelp)
  48. Kaye, Ben (9. august 2017). [https://web.archive.org/web/20181201180739/https://consequenceofsound.net/2017/08/lcd-soundsystems-james-murphy-says-david-bowie-defended-lou-reeds-metallica-collaborati on-lulu/ «David Bowie defended Lou Reed's Metallica collaboration, Lulu, according to LCD Soundsystem's James Murphy»] Check |archive-url= value (hjelp). Consequence of Sound. Arkivert frå originalen 1. desember 2018. Henta 1. desember 2018.  line feed character in |title= at position 13 (hjelp); line feed character in |archive-url= at position 170 (hjelp)
  49. 49,0 49,1 Gundersen, Edna (11. april 2022). «Metallica, Lou Reed go on a genre bender with 'Lulu'». USA Today (Mclean, Virginia: Gannett Company). Arkivert frå originalen 3. november 2011. Henta 11. april 2022. 
  50. «Loutallica». Interview Magazine. Arkivert frå originalen 21. januar 2015. Henta 16. november 2014. 
  51. McCormick, Neil (7. desember 2011). «Lou Reed and Metallica: interview». The Daily Telegraph (London, England: Telegraph Media Group). Arkivert frå originalen 22. juni 2012. Henta 3. april 2018. 
  52. «METALLICA's ROBERT TRUJILLO On 'Lulu': 'Love It Or Hate It, It Was Definitely Something That We Enjoyed'». Blabbermouth.net. Arkivert frå originalen 2. august 2017. Henta 1. august 2017. 
  53. Beaumont-Thomas, Ben (20. april 2015). «David Bowie: Lou Reed's masterpiece is Metallica collaboration Lulu». The Guardian. Arkivert frå originalen 15. desember 2018. Henta 12. desember 2018. 
  54. 54,0 54,1 Greene, Andy (9. november 2011). «On The Charts: Justin Bieber Annihilates Loutallica». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 11. april 2022. Henta 11. april 2022. 
  55. Fricke, David. «Fall Music Preview: The Season's Hottest Albums». Rolling Stone. Jann Wenner. Arkivert frå originalen 231. mars 2022. Henta 11. april 2022. 
  56. «Lou Reed & Metallica». LouReedMetallica.com. Arkivert frå originalen 31. oktober 2014. Henta 16. november 2014. 
  57. 57,0 57,1 57,2 57,3 57,4 «Metallica's Collaboration With Lou Reed: More Details Revealed». Blabbermouth.net. Roadrunner Records. 29. august 2011. Arkivert frå originalen 11. januar 2013. Henta 30. august 2011. 
  58. 58,00 58,01 58,02 58,03 58,04 58,05 58,06 58,07 58,08 58,09 58,10 «Lou Reed & Metallica – Lulu – hitparade.ch». Swiss Music Charts (på tysk). Hung Medien. Arkivert frå originalen 4. februar 2013. Henta 11. april 2022. 
  59. «CANOE – JAM! Music – SoundScan Charts». Jam.canoe.ca. Arkivert frå originalen 26. desember 2004. Henta 16. november 2014. 
  60. «HDU Top 40» (PDF). [daud lenkje]
  61. «ČNS IFPI». Hitparáda – TOP50 Prodejní (på tsjekkisk). IFPI Czech Republic. Arkivert frå originalen 18. april 2012. Henta 111. april 2022. 
  62. «Search for: Metallica». danishcharts.dk. Arkivert frå originalen 27. juni 2018. Henta 16. november 2014. 
  63. «Charts.de – Lou Reed & Metallica, Lulu». Media Control Charts. Arkivert frå originalen 25. mars 2021. Henta 111. april 2022. 
  64. «Chart Track». Irish Albums Chart. GfK. Arkivert frå originalen 16. juni 2012. Henta 11. april 2022. 
  65. «Classifica italiana FIMI del 10 ottobre 2011». Arkivert frå originalen 29. mai 2012. Henta 111. april 2022. 
  66. «ルー・リード&メタリカのCDアルバムランキング、ルー・リード&メタリカのプロフィールならオリコン芸能人事典-ORICON STYLE». Arkivert frå originalen 7. april 2014. Henta 16. april 2013. 
  67. «OLiS – sprzedaż w okresie 19.12.2011 – 26.12.201» (på polsk). olis.onyx.pl. Arkivert frå originalen 22. juli 2013. Henta 10. juni 2012. 
  68. «Статьи: Lenta.ru: Культура: Совсем иначе». Lenta.ru. Arkivert frå originalen 6. mars 2016. Henta 16. november 2014. 
  69. «TOP 100 ALBUMES – SEMANA 44: del 31.10.2011 al 06.11.2011» (PDF). Promusicae. 6. november 2011. Henta 11. april 2022. 
  70. «Archive Chart». Official Charts Company. Arkivert frå originalen 4. april 2022. Henta 11. april 2022. 

BakgrunnsstoffEndra

Mal:Metallica