59°48′48.010″N 5°30′48.427″E / 59.81333611°N 5.51345194°E / 59.81333611; 5.51345194 Lunde er ein gard med gardsnummer 18 i Stord kommune. Garden ligg ved Rommetveit. Lunde er dativ av gammalnorsk Lundr, og tyder «liten skog». Lunde ligg under dei tre markerte åsane Skarvåsen, Lundaråsen og Meåsen. Her har det i tidlegare tider vore store førekomstar av hatl. Det er i dag gardsdrift på eitt av bruka på Lunde, der det vert produsert storfekjøt. Det er 10 husstandar på Lunde.

Eit noko særmerkt stadnamn er Pissebrotet, eit smog under ein heller på Lunde. I tidlegare tider var dette ein vanleg stoppestad for folk som gjekk frå Fjellgardane, der dei til dømes skifta klede på veg til kyrkja.

Kjelder endre