Lundehaugen vidaregåande skule
Lundehaugen vidaregående skule var ein offentleg vidaregåande skule i bydelen Ganddal i Sandnes.[1]
Lundehaugen vidaregåande skule | |
![]() | |
Kommune | Sandnes kommune |
---|---|
![]() Lundehaugen vidaregåande skule |
Utdanningsprogram Endra
Lundehaugen vidaregåande skule hadde desse utdanningsprogramma:
- Musikk, dans og drama
- Media og kommunikasjon
- Service og samferdsel
- Allmennfagleg påbygg
- Internasjonal klasse (tilbod for framandspråklege for å få den kunnskapen dei trong for å gå inn i vanleg vidaregåande treårig opplæring)
I 2010 blei utdanningsprogrammet Service og samferdsel flytta til Gand vidaregåande skule, mens Musikk, dans og drama og Medier og kommunikasjon flytta til nye Vågen vidaregåande skole i Sandnes sentrum.
Historie Endra
Blaauw Hvarings private handelsskole blei teken over av Rogaland fylkeskommune i 1967 og fekk namnet Sandnes Handelsskole. Skulen heldt til i dei gamle lokala Sandnes Gymnas i Langgata i Sandnes. Då skuletilbudet voks trengde skulen større lokale. I 1985 stod nybygget på Ganddal ferdig. Mot slutten hadde skulen omkring 645 elevplassar, noko dette bygget opphavleg ikkje var rekna for.
Kjelder Endra
- ↑ «Lundehaugen skole». Skoleporten (på norsk). Utdannngsdirektoratet. Arkivert frå originalen 30. januar 2016. Henta 30. januar 2016.
- Denne artikkelen bygger på «Lundehaugen videregående skole» frå Wikipedia på bokmål, den 13. mai 2017.