Lungebetennelse
Lungebetennelse, eller pneumoni som det heiter på fagspråket, er ein infeksjon i sjølve lungevevet. Mange av dei vanlege bakteriane som kan gi lungebetennelse sit ofte i nase og svelg frå før. Virus gir svært sjeldan lungebetennelse. Lungebetennelse er meir vanleg hjå born og eldre, og hjå dei som har lunge- eller hjartesjukdom frå før.