Luster kommune

kommune i Vestland fylke i Noreg
(Omdirigert frå Luster prestegjeld)

Koordinatar: 61°26′N 7°27′E

Luster er ein kommune i Sogn i Vestland fylke. Kommunen er den nest største i fylket og femner i tillegg til fjordområde òg delar av Jotunheimen, Breheimen og Jostedalsbreen. Den ligg kring Lustrafjorden inst i Sognefjorden.

Luster kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Vestland
Adm.senter Gaupne
Areal 2 707 km²
 - land 2 608 km²
 - vatn 99 km²
Folketal 5 371  (1. januar 2024)
Målform nynorsk
Ordførar Andreas Wollnick Wiese (Sp) (2023)
Kommunenr. 4644
Kart
Luster kommune
61°29′38″ N 7°19′46″ E
Wikimedia Commons: Luster
Nettstad: www.luster.kommune.no

Luster kommune består i dag av dei tidlegare herreda Luster, Hafslo og Jostedal.

Store Skagastølstind «Storen» på 2405 moh., det høgste fjellet i Vestland og det tredje høgste fjellet i Noreg, markerer kommunegrensa.

Historie endre

Kommunen fekk utstrekkinga han har i dag i 1963, då kommunane Hafslo, Jostedal og Luster vart slegne saman.

Haugerørsla i Luster

I Sogn fekk Hauge følgje av Hans Feigum og Peder Steen frå Luster. Haugerørsla var ikkje ønskt velkommen av statskyrkja, og det var motsand mot rørsla i kommunen.[treng kjelde]

Folketalsutvikling endre

Folketalsutvikling for noverande Luster kommune frå 1920:

1.12.1920[1] 1.12.1930[2] 3.12.1946[2] 1.1.1951[3][4][5] 1.1.1961[3][4][5] 1.1.1971[3] 1.1.1981[3] 1.1.1991[3] 1.1.2001[3] 1.1.2010[3]
6660 6465 6806 6541 6119 5140 5102 5118 4954 4945

Luster prestegjeld endre

Luster var fram til 2004 òg namn på eit prestegjeld i Indre Sogn prosti. Prestegjeldet hadde sokna Nes, Dale og Fortun. Fram til 1967 høyrde òg Gaupne sokn til prestegjeldet, det vart då overført til Jostedal prestegjeld. Luster kommune var delt inn i tre prestegjeld, Luster, Hafslo og Jostedal. Frå 2004 har den lokale prestetenesta vorte organisert av prosten i Indre Sogn prosti.

Tettstader endre

  • Gaupne – 1 268 innbyggjarar per 1. januar 2017
  • Hafslo – 460 innbyggjarar per 1. januar 2017

Fotnotar endre

  1. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  2. 2,0 2,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 3,6 Folkemengd i Luster 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
  4. 4,0 4,1 Folkemengd i Hafslo 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
  5. 5,0 5,1 Folkemengd i Jostedal 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå

Bakgrunnsstoff endre

  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.