Luthersk ortodoksi

Luthersk ortodoksi er ei nemning for den strenge utforminga lutherdommen fekk på 1600-talet.

Johann Gerhard, 1582-1637
Tysk luthersk teolog
Hovutverk: Loci theologici (1610-1622)
Gerhard var ei hovudkraft i utformingae av det dogmatiske system til 1600-talets lutherske ortodoksi.
Jesper Rasmussen Brochmand
1585-1652, dansk teolog.
Dogmatisk hovudverk:
Universæ theologiæ systema, 1633
I Danmark var det Brochmand som leverte det dogmatiske systemet. Han etterfylgde 1638 Resen som biskop.
(Færøysk frimerke frå Postverk Føroya)

Perioden for den lutherske ortodoksien eller rettlæretida byrja då Konkordieformelen vart utgjeven omkring 1577/80 - for å roe den innbyrdes striden mellom lutheranerne, og han vart avløyst av pietismen og opplysningstida rundt hundreårsskiftet 1700.

I rettlæretida meinte ein at det var viktig å halde oppe den rette lutherske læra, og å hindre at andre avvikande synsmåter vekk innpass. Ein meinte at Bibelen var den einaste norma for dei som vil vurdere om ei lære var rett, og at verken tradisjon, fornuft eller kjensler skulle få dømme mot læra i den heilage skrifta. Viktige teologar er Martin Chemnitz og Johann Gerhard, forutan kyrkjereformatoren Martin Luther. Den lutherske ortodoksien skil seg frå rasjonalistisk teologi, frå pietismen innan visse vekkjelsesrørsler, frå reformert teologi, samt frå katolsk teologi.

Spire Denne kristendomsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.