Luton er ein by i England, omkring 50 km nord for London. Han er ein del av regionen Aust-England, og er ei sameint styresmakt og dermed òg eit distrikt. Dermed høyrer til han ikkje eit administrativt grevskap, men han ligg i det seremonielle grevskapet Bedfordshire.

Luton

Luton Town Hall
Luton Town Hall
Luton Town Hall
Plassering
Luton is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap Bedfordshire
Distrikt Luton
Grunnlagd 500-talet
Borgarmeister Tom Shaw
Geografi
Flatevidd
 - By

43,35 km²
Innbyggjarar
 - By
   - folketettleik

240 000
  5 536,3 /km²
Koordinatar 51°54′0″N 0°26′0″W / 51.90000°N 0.43333°W / 51.90000; -0.43333
Diverse annan informasjon
Postnummer LU
Telefon-retningsnummer (01582)
Nettstad: www.luton.gov.uk
Commons har multimedium som gjeld: Luton

Historie endre

Dei tidlegaste spora av menneske i området er frå den eldre steinalder. Det fanst romerske byar i nærleiken, Durocobrivis og Verulamium, men ingen nøyaktig på same stad som Luton.

Ein daterer normalt grunnlegginga til 500-talet, då ein saksisk utpost vart grunnlagd ved elva La. Han fekk namnet Lea tun, som har vorte forvanska til dagens namn.

I Domesday Book står han oppført som Loitone, med eit folketal på 700. Han hadde ein marknad som vart brukt av nærliggande landsbyar. Byen voks jamt, og på 1300-talet hadde han to marknadsfestivalar kvart år.

På 1500-talet byrja ein å produsere murstein i Luton, noko som flytta fokus frå landbruk til industri. På 1600-talet byrja ein storstilt produksjon av hattar, og på 1700-talet var produksjonen av stråhattar den einaste store industrien i byen. I dag er det berre mindre produksjon av hattar igjen.

På 1800-talet voks byen kraftig. I 1801 var folketalet 3 000; i 1850 var det 10 000 og i 1901 nesten 39 000. Det første rådhuset vart innvigd i 1847. Byen vart kopla til jernbanenettet i 1858, og fekk eit komplett vatn- og kloakksystem mot slutten av 1860-åra. Luton vart eigen valkrins (borough) i 1876.

Hatteindustrien fekk motgang på 1900-talet, men vart erstatta av nyare industri. Vauxhall Motors opna ein bilfabrikk i 1905, og seinare opna Electrolux ein produksjonsbedrift for kvitevarer. Byen fekk eit trikkenett i 1908, men dette vart nedlagt alt i 1932 og erstatta med busser. Den første kinoen vart opna i 1909. I 1914 hadde Luton kome opp i 50 000 innbyggjarar. Rådhuset vart brunne ned av veteranar frå første verdskrigen som var misnøgde med å vende tilbake til arbeidsløyse. Det vart ikkje bygd opp att før i 1936.

I 1938 opna Luton lufthamn. Under andre verdskrigen vart byen sterkt skadd av tysk bombing, men berre 107 menneske omkom.

Etter krigen vart byen renovert, og fleire store bustadområde sprang opp. Frå 1960-talet auka trafikken til og frå flyplassen kraftig. Fleire flyselskap byrja å bruke han fordi han var billegare enn London-flyplassane.

Vauxhall annonserte i 2000 at dei skulle leggje ned fabrikken sin, som på det meste hadde hatt 35 000 tilsette. Han vart stengd i mars 2002. Svært mange av innbyggjarane pendlar no til London.

Kommunikasjon endre

I 1990 vart lufthamna omdøypt til London Luton lufthamn. Luton og Stansted er dei lufthamnene som blir brukt av dei fleste billigselskap som flyr til London.

Det er gode togsamband med London, Derby, Manchester, Leicester, Nottingham og andre byar.

Kultur og utdanning endre

Fotballklubben Luton Town FC vart grunnlagd i 1885. Han blir kalla «The Hattars», etter stråhattproduksjonen som byen var så kjend for.

Universitetet i Luton ligg i sentrum.

Kjelder endre