Lysing i kull og kjønn

Lysing i kull og kjønn eller kull-lysing var etter gammal norsk rett eit vilkår for at barn fødde utanfor ekteskap skulle få arverett etter faren på line med barn fødde innanfor ekteskap.[1]

Kull-lysing var omtalt i Kristian 5s Norske Lov 5–2–71 og i Arvelova av 1854, § 5. Kull-lysinga innebar at faren på tinget muntleg eller skriftleg sanna at barnet var sitt. Barn fødde etter 1. januar 1917 har full arverett etter faren utan kull-lysing. For at eit barn fødd utanfor ekteskap skulle få odelsrett etter faren, var lysing i kull og kjønn nødvendig heilt fram til odelslova av 28. juni 1974.[1] Også etter at denne lova var vedteken, måtte barn som var fødde utanfor ekteskap før 1917, som ein overgangsregel lysast i kull og kjønn for å få full arverett etter faren.[2] Desse overgangsreglane vart oppheva i 2009, men kan enno få verknad for saker som gjeld eigarskifte føretatt før 1. juli 2009.[3]

Kjelder endre