Denne artikkelen handlar om den fiktive kommunen. For landsbyen i Nord-Finland, sjå Mämmilä i Pello.

Mämmilä er ein teikneserie teikna av Tarmo Koivisto. Serien fortel om liva til personane i den oppdikta kommunen Mämmilä frå 1970-talet til 2000-talet. Personane i teikneserien blir eldre etter kvart som tiåra går, og også det fysiske miljøet i Mämmilä endrar seg med tida. Teikneserien har vorte karakterisert som eit fiktivt tidsdokument, som speglar det finske samfunnet. Koivisto har dermed også vorte kalla «teikneseriens Väinö Linna».

Mämmilä
Forfattar(ar)Tarmo Koivisto
IllustratørHannu Virtasen
ForlagOtava
Lansert1975
Slutta2008

Mämmilä vart med jamne mellomrom gjeve ut i ulike tidskrift i åra 1975-1996 og 2006–2008. Mellom desse to periodane skreiv Koivisto den samanhengande forteljinga www.mammila.fi, som vart publisert som eit eige album i 2002. Mämmilä har vore tema for fleire forskingsprosjekt, det har vore sett opp som sommarteaterforestilling, og i 1995 laga Kemi kunstmuseum hovudgata i landsbyen Mämmilän til teikneseriedagane i Kemi.

Stilen i Mämmilä endre

Mämmilä har ofte vorte skildra som det finske samfunnet i miniatyr. Det har spegla strukturendringane, tidstrendane og innverknaden dei økonomiske opp- og nedgangstidene har hatt på dagleglivet i Finland. Serien skildrar røyndomen via «dei vanlege liva til vanlege finlendarar i ei vanleg bygd».

Serien har ingen eigentleg hovudperson, men sett fokus på det som skjer i landsbyen med å sjå på liva til dei ulike personane og korleis dei lever i lag. Tema som blir tatt opp er korleis miljøet påverkar menneska, korleis menneska påverkar historia og korleis menneska sine liv verkar inn på kvarandre.

Dei ti teikneseriehefta dannar ein heilskap som i tillegg til endringar i liv og arkitektur også viser resultatet av ulike maktkampar og økonomiske konliktar. Likevel er det samfunnet som menneska danner i lag i Mämmilä som står i semtrum.

Dei ulike menneska i Mämmilä er ikkje like gamle og dei kjem frå ulike stader og sosialgrupper. Dermed snakkar dei også på ulike måtar. Den dominerande dialekten er tavastlanddialekten, i og med at modellen for Mämmilä er heimstaden til Koivisto, småbyen Orivesi rett nordaust for Tammerfors. Ordførarane snakkar standardfinsk, men arbeidarane og eigarane av ulike småbedriftar snakkar dialekt. Ungdommen snakkar ungdomsspråket frå 80- og 90-talet, bibliotekarar og byfolk snakkar slik ein kan forvente, og når det på byrjinga av 1990-talet dukkar opp innvandrarar snakkar dei finsk på sitt vis. Språket i Mämmilä har vore tema for forsking, som konkluderer med at den språklege variasjonen er ein viktig faktor for å gjere teikneserien så realistisk som han er.[1]

Mämmilä endre

  • Teikneseriealbum Mämmilä
    • Mämmilä 1. Sarjakuvia Suomesta (1978)
    • Mämmilä 2. Punkkia ja metsäkukkia (1980)
    • Mämmilä 3. Pässimäestä peltihalliin (1982)
    • Mämmilä 4. Pois tieltä (1984)
    • Mämmilä 5. Kasvukipuja (1986)
    • Mämmilä 6. Rakennemuutos rassaa (1988)
    • Mämmilä 7. Riitaa ja rakkautta (1990)
    • Mämmilä 8. Naapurin neekeri (1992)
    • Mämmilä 9. Ladoja ja dollareita (1994)
    • Mämmilä 10. Täällä tähtikiekon alla (1996)
  • Mämmilä-bøker. Dei tre første inneheld dei 10 teikneserialbuma (Otava)[2]
    • Mämmilä: Sarjakuvia Suomesta 1976–1982. Otava, 1999. ISBN 951-1-15403-6.
    • Mämmilä: Sarjakuvia Suomesta 1982–1988. Otava, 2000. ISBN 951-1-15404-4.
    • Mämmilä: Sarjakuvia Suomesta 1988–1996. Otava, 2001. ISBN 951-1-15405-2.
    • www.mammila.fi: Sarjakuvia Suomesta. Otava, 2002. ISBN 951-1-15402-8.
    • Kiinalainen juttu: Sarjakuvia Suomesta. Otava, 2008. ISBN 978-951-1-22917-9.

Kjelder endre

Artikkelen er omsett frå finsk Wikipedia den 21. august 2021, som har brukt desse kjeldene:

  • Suomen kuvalehden 46/2006 haastattelu.
  • Artikkeli Sarjainfo-lehdessä 3/1990.
  • Hänninen, Ville: Tarmo Koivisto. Teoksessa Hänninen, Ville (toim.): Kotimaisia sarjakuvantekijöitä, s. 70–77. Helsinki: BTJ Kirjastopalvelu, 2004. ISBN 951-692-571-5

Fotnotar endre

  1. Haikarainen, Meri (2004). «Kielimuodot Tarmo Koiviston sarjakuvassa Mämmilä» (PDF). Jyväskylän yliopisto. Henta 18.3.2016. 
  2. «Tarmo Koivisto». Otava. Henta 18.3.2016. 

Litteratur endre