Mångsbodarna
61°04′42″N 13°37′18″E / 61.078333°N 13.621667°E Mångsbodarna er ein tettstad i sørvestre delen av Älvdalens församling i Älvdalens kommun, Dalarna.
Staden er kjend sidan den andre Vasaloppskontrollen ligg der i skisporet mellom Berga by og Mora.
Mångsbodarna si seter ligg på 430 moh. Denne vert nemnd alt i 1663–64 ved seteroppteljinga. Ved midten av 1800-talet blei eit seterhushald bufast, og ved det store skiftet var det 280 bygningar, med 40 hytter med åtte bufaste familiar. Setra vert i dag stort sett nytta for fritidsformål. Namnet Mångsbodarna stammer frå familien Mångs som eigde setra.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Mångsbodarna» frå Wikipedia på bokmål, den 4. juli 2012.