Münster er ein by i Tyskland nord i delstaten Nordrhein-Westfalen med om lag 275 000 innbyggjarar. Byen vert rekna som eit kulturelt senter i regionen Westfalen. Han er mest kjend for anabaptist-opprøret under reformasjonen, og var åstad for signeringa av Westfalentraktaten, som gjorde slutt på trettiårskrigen i 1648. Biskopen hadde makta her i mange hundreår.

Münster
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Münster
Münster is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Nordrhein-Westfalen
Münster
Kreisfri by
Geografi
Flatevidd
 - By

302,89 km²
Innbyggjarar
 - By (2007)
   - folketettleik

272 106
  898/km²
Koordinatar 51°57′47″N 7°37′43″E / 51.96306°N 7.62861°E / 51.96306; 7.62861
Høgd over havet 60 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 48143-48167
Telefon-retningsnummer 0251
Bilnummer MS
Heimeside: www.muenster.de

Historie endre

I 793 sende Karl den store den frisiske missjonæren Ludger (som seinare vart kanonisert) for å vende om sachsarane, som han hadde kriga mot. Som hovudkvarter gav han Ludger Mimigernaford ved breidda av elva Aa, som han nyleg hadde tatt frå frankarane. Det låg ved kryssingspunktet for vegen frå Köln og vegen til Friesland. Ludger bygde ei kyrkje og eit kloster ved elva, på ei høgd kalla Horsteberg. Det var frå klosteret («monasterium») at Münster fekk namnet sitt. I 805 reiste Ludger til Roma for å verte ordinert som den første biskopen av Münster, og grunnla like etter skulen Gymnasium Paulinum. Kombinasjonen av plasseringa, markedsplass, bispesete, biblioktek og skule gjorde Münster til eit viktig sentrum[1].

I mellomalderen var Münster eit av dei leiande medlemmane i Hansaen. I 1534 tok anabaptistane over makta i Münster-opprøret og grunnla ein demokratisk førsosialistisk stat. Byen vart gjenerobra i 1535 og anabaptistane vart torturert til døde. Lika deira vart stilt ut i bur til skrekk og åtvaring, og ein kan framleis sjå bura hengande frå kyrkjetårnet til St. Lamberti.

Signeringa av Westfalentraktaten i 1648 i Münster og Osnabrück gjorde slutt på trettiårskrigen og var eit av grunnlaga for det moderne Europa.

 
Rådhuset ved Prinzipalmarkt

I 1780 vart Universitet i Münster (i dag kalla Westphalian Wilhelms-Universität, WWU) oppretta, og er i dag eit stort europeisk senter for utdanning og forsking. For tida har universitetet 40 000 studentar. I 1802 vart Münster erobra av Preussen under napoleonskrigane. Han vart hovudstad i den prøyssiske provinsen Westfalen. Eit hundreår seinare, i 1899, vart byen ein hamneby då han vart knytt til Dortmund-Ems-kanalen. Då radioteknologien vart uvikla vart radio- og TV-selskapet Westdeutscher Rundfunk (WDR) oppretta i Münster i 1924.

Den andre verdskrigen endre

Under den andre verdskrigen var Münster hovudkvarter for det sjette militærdistriktet (Wehrkreis) for tyske Wehrmacht under infanterigeneral Gerhard Glokke. Opphavleg var det ein del av Westfalen og Rheinland, men etter slaget om Frankrike vart det utvida med Eupen - Malmedy i Belgia. Hovudkvarteret kontrollerte militæroperasjonar i Münster, Essen, Düsseldorf, Wuppertal, Bielefeld, Coesfeld, Paderborn, Herford, Minden, Detmold, Lingen, Osnabrück, Recklinghausen, Gelsenkirchen og Köln.

På grunn av dette var Münster eit mål for dei allierte bombetokta. Om lag 91 % av gamlebyen og 63 % av heile byen vart øydelagd av bombene. I 1950-åra vart gamlebyen gjenoppbygd slik han var før krigen, sjølv om mange av dei omliggande bygningane vart erstatta av billigare moderne bygningar.

Biskopen av Münster i 1940-åra var Kardinal Clemens August Graf von Galen, ein av dei fremste kritikarane av nazistyret.

 
Münster: Prinzipalmarkt med kyrkja St Lambert

Attraksjonar endre

  • Prinzipalmarkt, marknadsplass i bysentret med rådhus frå 1300-talet
  • St. Paulus-katedralen, frå 1200-talet, med astronomisk klokke frå 1540
  • St. Lamberti, kyrkje frå 1375. Bura, som ein gong ustilte lika til anabaptistane heng framleis frå kyrkjetårnet.
  • Münster slott, bygd 1767-86 som residens for fyrstbiskopen, no sete for universitetet

Bydelar endre

  • Coerde
  • Kinderhaus
  • Sprakel
  • Handorf
  • Gelmer
  • Wolbeck
  • Gremmendorf
  • Angelmodde
  • Hiltrup
  • Amelsbüren
  • Berg Fidel
  • Mecklenbeck
  • Albachten
  • Gievenbeck
  • Roxel
  • Nienberge
  • Häger

Politikk endre

Münster hadde eit byråd alt på 1100-talet. Det er i dag ein utprega konservativ by. CDU er største parti. Byen sin 20 æresborgarar er mellom anna generalfeltmarskalk og rikspresident Paul von Hindenburg (sidan 1933), rikskansler Heinrich Brüning (sidan 1932) og kardinal Clemens August von Galen (sidan 1946).

Overborgarmeistarar sidan 1824 endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Münster

Kjelde endre