MF «Fedjefjord»

bilferge bygd i 2001
(Omdirigert frå M/F «Fedjefjord»)

MF «Fedjefjord» er ei ferje som vart bygd i 2001 i Bilbao i Spania for Bergen Nordhordland Rutelag. MF «Fedjefjord» vart sett inn i ferjesambandet Fedje-Sævrøy i mars/april 2002. Etter levering fann ein ut at innseglingsleia ved øya Fedje var for smal for nyeferja. Det var berre forsvarleg å trafikkere ferja under gode forhold med lite vind, før leia vart utbetra. Dette arbeidet vart gjort i oktober 2004. MF «Fedjebjørn» tok over denne strekninga i mai 2020.[2]

MF «Fedjefjord»

MF «Fedjefjord» i midlertidig opplag ved Steinestø
Foto: Harald Sætre
Karriere
Type: Bilferje
Reiarlag: 2001 - 2002: BNR
2002 - ––––: HSD / Norled
Registreringshamn: Bergen
Verft: Astilleros Zamaccona i Spania
Byggjenummer: 496
Sett i teneste: 2001
Identifisering: IMO-nummer: 9236767[1]
Generelle eigenskapar
Yting: 2 136 kW
Tonnasje: 2 332 tonn
Lengd: 63,55 m
Djupgang: 5,00 m
Fart: 13 knop[1]
Passasjerar: 147

Skipet

endre
 
MF «Fedjefjord» ved Sævrøyna.
Foto: Frode H. Korneliussen
 
MF «Fedjefjord» til kai på Fedje.
Foto: Frode H. Korneliussen

MF «Fedjefjord» var byggnummer 496 ved det spanske verftet Astilleros Zamaccona i Bilbao. Ved overlevering var tonnasjen 2 332 bruttoregistertonn, 1 088 nettoregistertonn, og lasteevna var 3 858 dødvekttonn. Hovudmaskinen er to dieselmotor. Oppgitt yting er 2 136 kW.

Grunnstøyting i 2019

endre

I desember 2019 grunnstøtte «Fedjefjord» kort tid etter avgang frå Sævrøy kai. Det blei meldt om vassinntrenging i forskroget, men det var ikkje fare for at ferja skulle gå ned. Det blei heller ikkje meld om personskader.[3] Årsaken til grunnstøytinga var sterk vind.[4]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 http://www.fjordfaehren.de/no_f/fedjefjord2001.htm; arkiveringsdato: 16. desember 2012; arkiv-URL: https://web.archive.org/web/20121216150656/http://www.fjordfaehren.de/no_f/fedjefjord2001.htm.
  2. «Tekniske problemer for erstatningsferge». www.h-avis.no (på norsk). 14. april 2020. Henta 21. juli 2020. 
  3. «Fergen «Fedjefjord» grunnstøtte på vei til Fedje: – Jeg ble vettskremt». www.bt.no (på norsk bokmål). 11. desember 2019. Henta 21. juli 2020. (krev abonnement (help)). 
  4. Bolstad, Jon (11. desember 2019). «Fedje-ferja gjekk på grunn: – Vi høyrde eit kraftig dunk». NRK. Henta 21. juli 2020. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: MF «Fedjefjord»