MS «Bruvik»

(Omdirigert frå M/S «Bruvik»)
MS «Bruvik» på Mofjorden. Foto: Tor-Egil Farestveit

MS «Bruvik» er eit passasjerskip som vart bygd i 1949 av Glommens mek. Verksted, Fredrikstad for Indre Nordhordlands Dampbåtlag L/L. I 1974 skifta selskapet som drifta «Bruvik» namn til Bergen-Nordhordland Rutelag. I 1979 vart båten seld til Finland som turistbåt. Vart bygd om i 1989 som restaurant-skip og fekk dessutan sauna installert. I 1994 vart M/S «Bruvik» kjøpt tilbake av det nye Indre Nordhordland Dampbåtlag a/s, eit selskap som bruker båten som turistbåt for det meste i Hordaland, men og elles på Vestlandet.

BakgrunnsstoffEndra