MGP Nordic 2009 var den femte og førebels siste utgåva av MGP Nordic, ei nordisk, tv-sendt songtevling for barn mellom 8 og 15 år. Tevlinga blei arrangert i TV-huset i Stockholm i Sverige laurdag 28. november 2009. Danmark, Finland, Noreg og Sverige deltok med to songar kvar, og vinnaren blei svenske Ulrik Munther med «En vanlig dag». Dette var den fyrste sigeren til Sverige i tevlinga.

Melodi Grand Prix Junior Nordic 2009
Finale 2009-11-2828. november 2009
Programleiar Ola Lindholm
Kringkasting Flagget til Sverige SVT
Vinnar Flagget til Sverige «En vanlig dag»
Deltakarland 4 (to bidrag frå kvart land)
Melodi Grand Prix Junior Nordic
2008

Bakgrunn endre

Det var femte og førebels siste gongen MGP Nordic blei arrangert, og andre gongen tevlinga blei halden i Sverige. Programleiar var Ola Lindholm, mens Marthe Sveberg Bjørstad kommenterte sendinga for norske sjåarar.[1]

Kvart av dei deltakande landa heldt ein nasjonal finale i forvegen. NRK arrangerte MGPjr 2009 i september, der Jørgen Dahl Moe vann med «Din egen vei». Andreplassen Mystery fekk også delta i MGP Nordic, siden kvart land stilte med to songar.[2]

Sendinga endre

Dei åtte artistane framførte låtane sine før sjåarane i kvart land kunne røyste på songane via telefon. Det var ikkje mogleg å røyste på songane frå eige land. Det beste bidraget frå kvart land gjekk deretter vidare til ein superfinale der dei fire songane blei framførte på nytt. Finske Amanda Sjöholm, danske PelleB, norske Jørgen Dahl Moe og svenske Ulrik Munther gjekk vidare til superfinalen.

I avrøystinga vann Ulrik Munther ein klår siger med toppoeng frå dei tre andre landa. Dette var fyrste gongen Sverige vann MGP Nordic. Danmark blei nummer to, mens Finland og Norge enda på delt tredjeplass.[3]

Resultat endre

Fyrste runde

Startnr. Land Artist Song Språk Resultat[4]
1   Norge Mystery «Rock e sunt» Norsk Ute
2   Finland Amanda Sjöholm «Jag vill leva» Svensk Superfinale
3   Danmark PelleB «Kun min» Dansk Superfinale
4   Norge Jørgen Dahl Moe «Din egen vei» Norsk Superfinale
5   Finland The Black White Boys «Kommer du ihåg mig?» Svensk Ute
6   Sverige Ulrik Munther «En vanlig dag» Svensk Superfinale
7   Danmark Engledrys «Familien – min bedste ven» Dansk Ute
8   Sverige Rebecca Jansson «Skaffa en annan tjej» Svensk Ute

Superfinale

Startnr. Land Artist Song Språk Plass Poeng
1   Finland Amanda Sjöholm «Jag vill leva» Svensk 3 20
2   Danmark PelleB «Kun min» Dansk 2 28
3   Noreg Jørgen Dahl Moe «Din egen vei» Norsk 3 20
4   Sverige Ulrik Munther «En vanlig dag» Svensk 1 36

Avrøysting endre

Resultatet blei avgjort av telefonrøyster, og det var ikkje mogleg å røyste på songane frå sitt eige land. Kvart land gav 12 poeng til den songen som fekk flest telefonrøyster, 8 poeng til andreplassen og 6 poeng til songen med færrast telefonrøyster. Svenske Ulrik var favoritten i alle land.

Nr. Deltakar Poeng Totalt
       
2   Amanda Sjöholm 6 6 8 20
3   PelleB 8 8 12 28
4   Jørgen Dahl Moe 6 8 6 20
6   Ulrik Munther 12 12 12 36

Siste MGP Nordic endre

Dette var førebels siste gongen den nordiske tevlinga blei arrangert. MGP Nordic 2010 skulle eigentleg bli arrangert i Noreg, men finalen blei avlyst nokre månadar i forvegen og har ikkje blitt arrangert sidan. Årsaka var at Danmark ønskte å satse på sin nasjonale finale, mens SVT la sin nasjonale finale, Lilla Melodifestivalen, på is fram til 2012.[5]

Sjå også endre

Kjelder endre

  1. «MGP Nordic-finale i Stockholm». Norsk rikskringkasting. Henta 19. november 2016. 
  2. «MGPjr 2008 – finale». Norsk rikskringkasting. 5. september 2008. Henta 12. november 2016. 
  3. Harbo, Daniel Pinheiro (28. november 2009). «Jørgen: – Drømmer om å synge med Kurt». VG Nett. 
  4. Første sejr til Sverige: Ulrik vandt MGP Nordic 2009 – melodigrandprix.net
  5. Ighanian, Catherine Gunshot (5. mai 2010). «Stopp for MGP Nordic». VG Nett. 

Bakgrunnstoff endre