MS «Luna» (1947)

norsk motorskip frå 1947
Karriere  Noreg
Namn: MS «Luna»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Verft: Moss Verft & Dokk, Moss.
Verftsnummer: 87
Jomfrutur: mai 1947
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: LMKP
Lagnad: Forliste i 1963
Generelle mål
Type: Lasteskip
Tonnasje: 939 brt, 475 nrt
Daudvekt: 1240 tdw.
Lengd: 234,9 fot (71,6 m)
Breidd: 35,2 fot (10,7 m)
Djupgang: 13,5 fot (4,1 m)
Installert effekt : BHK 1100 NHK 292
Framdrift: 6-sylindra 2-takts dieselmotor (Sulzer Bros. Ltd., Winterthur)
Fart: 12,5 knop

MS «Luna» (kallesignal LMKP) var eit motorskip bygt i 1947 som passasjer- og lasteskip for Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS).

Det Bergenske Dampskibsselskab hadde som tradisjon å namngje skipa sine etter fenomen og objekt på nattehimmelen. Luna er det latinske namnet på månen og dette var det andre skipet i BDS-flåten med dette namnet, etter DS «Luna» frå 1911, som vart torpedert av tyskarane i 1939 under andre verdskrigen. Skipet var det siste i ei rekkje mindre systerskip som gjekk i godsfarta for BDS i lag med MS «Mercur», MS «Capella», MS «Deneb», MS «Pallas» og MS «Sirius».

Historie endre

Skipet vart bygt ved Moss Verft & Dokk i Moss,[1] og vart levert i mai 1947.[2] «Luna» utførte ein vellukka prøvetur i Moss den 7. mai, og skipet vart overteke same dagen.[3] Skipet vart bygt for kystfart i godsruta mellom Oslo og Kirkenes i lag med systerskipa, men i heile 1947 gjekk skipet i Rotterdamruta, og den jomfruturen gjekk frå Bergen til Amsterdam og Rotterdam 16. mai 1947. 3. januar 1948 gjekk skipet nordover frå Bergen for første gongen i kystruta til Nord-Noreg, og segla mellom Oslo og Kirkenes utan store utfordringar dei neste åra.

13. mars 1950 var det ei dødsulukke ombord på «Luna» då ein 18 år gammal mann fekk ein kjetting i hovudet medan skipet var på veg til Fredrikstad.[4] Tidleg i juni 1950 hadde «Luna» ein ekstratur til London med 550 tonn sildemjøl, og undervegs hadde det ei grunnstøyting ved Grønøy på Helgeland. Skipet råka Leiosflu og kapteinen meinte at straum hadde ført skipet nærmare land og at grunna som var avmerkt på sjøkarta over området truleg stakk lenger ut enn sjøkarta indikerte. «Luna» vart lekk i nokre av tankane og fekk ein del bulkar. Pumpene heldt skipet lens, men for å vere på den sikre sida vart skipet sett på land i nærleiken. Bjergningskompaniet sende «Ula», medan BDS-skipet MS «Sirius» ankra opp like ved for å yte assistanse om det vart naudsynt.[5] «Luna» segla til Bergen der skaden vart ordna ved Dokkeskjæret utan at det måtte gå i dokk og 10. juni var det komen til London. Etter utlossing i London gjekk det via Hamburg og til Oslo og attende i Kirkenesruta.[6] I oktober 1950 gjorde «Luna» ein ny ekstratur med fiskemjøl frå Nord-Noreg. Denne gongen til Rotterdam. Då skipet i midten av oktober skulle vestover frå Austlandet hamna det i uvêr mellom Kragerø og Stavanger. Store brottsjøar kom inn over dekk. Ein glasballong vart knust og slått overbord, medan ein fyrkjel på veg til Måløy reiv seg laus. Mannskapet klarte å surre denne på plass att før han forsvann på havet. Ein snurpebåt meint for Ålesund fekk òg skadar og oljefat vart knust og slått overbord. Skipet fekk 16 graders slagside til styrbord, men hadde ingen lekkasjar.[7] Seint i november gjorde «Luna» ein ny tur til Vest-England, og seint i desember til Amsterdam og Hamburg.

I 1951 gjekk «Luna» som vanleg i kystgodsruta. Dei første to vekene av juni var det inne til klassifisering i Bergen og hadde så ein ekstratur til fire hamner i Frankrike. I løpet av 1952 byrja «Luna» å gå i ilgodsruta mellom Stavanger og Tromsø, og i september dette året braut det ut ein brann i ei av messene medan det låg i Dokken i Bergen. Det var derimot ikkje verre enn at skaden vart reparert på turen til Stavanger og attende til Bergen.[8]

Natt til tysdag 4. november 1952 kolliderte «Luna» med Hagesundsskipet «Tres» i Karmsundet like sør for Haugesund. «Tres» var på veg frå Flekkefjord til Årdalstangen med kislast, medan «Luna» var på veg sørover frå Bergen til Stavanger. Det var disig vêr då «Tres» råka «Luna» på styrbord side. I sjøforklaringa forklarte kapteinen på «Luna» at dei hadde observert «Tres» like ved Koltrepynten og heldt uendra kurs fordi dei var uroa for å kome over på babord side av det møtande skipet. Like før samanstøyten, då baugen på «Tres» var på veg mot midtskipet på «Luna», vart «Luna» sett i ein hard styrbord sving, for å prøve å vri akterenden klar. Heile baugen til «Tres» vart trykka inn og skapte eit kring to meter høgt hol i skroget på midtskipet på «Luna». Holet var midt mellom to mannskapslugarar, der inventaret vart splintra. Det var ingen i lugarane då ulukka skjedde, så ingen vart skadde. Ingen av skipa tok inn nemneverdig vatn, sidan hola i begge skipa var over vasslinja, så dei gjekk inn til Haugesund for vidare undersøking. «Luna» fekk løyve til å segle nord att til Bergen for reparasjon der.[9][10] Reparasjonen av «Luna» var venta å ta 18 dagar.[11]

Litle julaftan 1953 grunnstøytte «Luna» ved Værøy i Vestfjorden. Skipet hadde lita last og dreiv på ei flu då det skulle manøvrere ut av hamna på Værøy. I løpet av natta kom det seg laus for eiga hjelp. Skipet fekk berre mindre skadar og fortsette turen sørover frå Hammerfest til Stavanger.[12] I januar 1954 låg det på slippen i Laksevåg for å reparere skadane på skroget.

5. juni 1955 var «Luna» i ein mindre kollisjon i tåkeSletta med ein mindre Oslobåt. Berøringa var lett og det vart ikkje noko skade på nokre av skipa, som begge kunne reise vidare.[13] I august 1955 gjekk «Luna» frå Måløy til Liverpool i Vest-England med ei last sildemjøl, og segla via Antwerpen på veg heim.

21. november 1955 gjekk «Luna» på grunn ved Ørlandet i Trondheimsleia i regntjukke, men kom flott att for eiga hjelp og gjekk inn til Trondheim. Her måtte det lossa lasta for å bli reparert. Skipet var på veg til Bergen frå Kirkenes.[14] Det vart liggande i Trondheim til utpå nyåret.

«Luna» gjekk på grunn igjen natt til 26. november 1962 ved Toraneskaien i Mo i Rana. Grunnstøytinga skjedde då aktertrossa sleit seg under ein kraftig storm på Helgelandskysten. Skipet kom seg av grunna for eiga hjelp og gjekk til Finneidfjorden for å ligge i le for stormen.[15]

7. desember 1963 grunnstøytte «Luna» nok ein gong, denne gongen ved Hamn på Senja i nordvestleg sterk kuling. Grunnstøytinga fann stad ved Jernsøylen sørvest for Flatholmen fyr og årsaka var avdrift i som gjorde at skipet kom frå langt frå lykta i den kraftige vinden.[16] Etter mange grunnstøytingar som gjekk forholdsvis bra, stod skipet denne gangen hardt på grunnen og måtte tilkalle hjelp. Redningsskøyta «Ragnhild Schancke» kom til og berga ein del av mannskapet. Skipet hadde lekkasje i ein av tankane. Om morgonen kom redningsbåten «Uller» til for å prøve og trekkje havaristen av.[17] Skipet vart slept av grunna av «Uller» og «Parat» kvelden 8. desember og hadde vatn i maskinrommet.[18] Skadane var så pass omfattande at skroget måtte tettast før det kunne slepast. Ei veke seinare vart det ført i dokk i Harstad.[19] Det viste seg at skadane var så store i skroget og under maskinrommet. I tillegg var roret gått tapt og propellen øydelagd, og akterskipet hadde fått store skadar. Hjelpemaskineriet fekk hard medfart, medan hovudmotoren var intakt.[16] BDS valde derfor å ikkje reparere skipet sjølv og heller selje det. Skipet vart selt av Høvding skipsopphugging og under slep til Sandnessjøen morgonen 23. januar 1964 dreiv det på grunn på Rundholmen ytst ved hamnemoloen ved Bodø. Dei to slepebåtane og «Luna» hadde ankra opp utanfor moloen kvelden før etter at det var varsla storm og då uvêret kom på morgonen, heldt ikkje ankerfestet og «Luna» dreiv nok ein gong på land. Igjen stod «Luna» hardt på land. To av mannskapet på skipet hoppa i land på Rundholmen, medan slepebåtane gjekk til kai i Bodø.[20] Om ettermiddagen glei «Luna» av grunna og sokk kl. 1845. Berre mastetoppane av skipet var synlege. Olje lak frå tankane til havaristen og seiv inn i småbåthamna i Bodø. Ein meinte at det kom til å bli vanskeleg å berge «Luna» før til våren, og derfor kom det meste av utstyret ombord til å bli øydelagd av sjøen.[21] Det vart derimot liggande i fleire år og først i mai 1966 vart det heva og slept til jernbanekaien i Bodø og fortøydd der.[22] Det vart sidan ført til Meisfjorden der det vart liggande halvt nedsøkkt. I april 1968 vart det igjen brakt flott og selt til eit opphoggingsfirma i Wilhelmshafen i Vest-Tyskland.[23]

Skipet endre

Tonnasjen til skipet var ved levering 939 brt, 475 nrt og lasteevna var 1240 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 1972  og av dette var 312 m³ kjølerom. Hovudmaskinen var ein 6-sylindra 2-takts dieselmotor levert av Sulzer Bros. Ltd. i Winterthur. Oppgjeven yting var 1100 bHk (bremsande hestekrefter) og 292 nominelle hestekrefter, som gav ein toppfart på 12,5 knop.[1]

Skipet fekk sett inn radio i 1948 og radar i 1950.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «M/S Luna Castor». Sjøhistorie.no. Henta 25. april 2021. 
  2. Dag Bakka jr. og Per Alsaker (1988). «Det Bergenske Dampskipselskap - del 2». Skipet. Nr. 2 (Rådal: Skipet). Volum 14: 35. Henta 25. april 2021. 
  3. ««Luna» overtatt etter en vellykket prøvetur». Bergen: Bergens Tidende. 8. mai 1947. s. 3. Henta 25. april 2021. 
  4. «Dødsulykke ombord i BDS «Luna»». Bergen: Bergens Tidende. 14. mars 1950. s. 4. Henta 25. april 2021. 
  5. «Da «Luna» støtte ved Grønøy». Bergen: Bergens Tidende. 7. juni 1950. s. 2. Henta 25. april 2021. 
  6. «Havnen». Bergen: Bergens Tidende. 3. juni 1950. s. 2. Henta 25. april 2021. 
  7. ««Luna» har vært i styggevær». Bergen: Bergens Tidende. 23. oktober 1950. s. 2. Henta 25. april 2021. 
  8. «Havnen». Bergen: Bergens Tidende. 3. september 1952. s. 2. Henta 2. mai 2021. 
  9. ««Luna» og «Tres» kolliderte i natt i Karmsundet». Bergen: Bergens Tidende. 4. november 1952. s. 1. Henta 2. mai 2021. 
  10. «Da «Luna» kolliderte med «Tress»». Bergen: Bergens Tidende. 11. november 1952. s. 1. Henta 2. mai 2021. 
  11. ««Luna»s reparasjon tar 18 dager». Bergen: Bergens Tidende. 6. november 1952. s. 2. Henta 2. mai 2021. 
  12. «Bergenske «Luna» på grunn ved Værøy». Bergen: Bergens Tidende. 24. desember 1953. s. 5. Henta 16. juni 2022. 
  13. ««Luna» i kollisjon». Bergen: Bergens Tidende. 6. juni 1955. s. 13. Henta 20. juni 2022. 
  14. ««Luna» på grunn i Trondheimsleden». Bergen: Bergens Tidende. 22. november 1955. s. 9. Henta 20. juni 2022. 
  15. ««Carioca» ble kastet på land, «Luna» på grunn ved kai». Bergen: Bergens Tidende. 26. november 1962. s. 22. Henta 20. juni 2022. 
  16. 16,0 16,1 «M.S. «Luna» blir ikke reparert av BDS». Bergen: Bergens Tidende. 10. januar 1964. s. 6. Henta 20. juni 2022. 
  17. ««Luna» på grunn i nordvestkuling på Senja i natt». Bergen: Bergens Tidende. 7. desember 1963. s. 8. Henta 20. juni 2022. 
  18. ««Luna» ble flottbrakt i går kvelden». Bergen: Bergens Tidende. 9. desember 1963. s. 8. Henta 20. juni 2022. 
  19. ««Luna» i dokk i Harstad». Bergen: Bergens Tidende. 16. desember 1963. s. 28. Henta 20. juni 2022. 
  20. ««Luna» drev på land - forlatt av sleperne». Bergen: Bergens Tidende. 23. januar 1964. s. 1. Henta 20. juni 2022. 
  21. «Sjøene har alt begynt opphoggingen av «Luna»». Bergen: Bergens Tidende. 24. januar 1964. s. 8. Henta 20. juni 2022. 
  22. «M.S. «Luna» hevet igjen». Bergen: Bergens Tidende. 18. mai 1966. s. 9. Henta 20. juni 2022. 
  23. ««Luna» hevet». Bergen: Bergens Tidende. 4. april 1968. s. 6. Henta 20. juni 2022.