MS «Bahamas Celebration»

(Omdirigert frå MS «Prinsesse Ragnhild»)

MS «Bahamas Celebration» (tidlegare MS «Prinsesse Ragnhild») er eit skip som var ått av Color Line. Skipet gjekk på cruiseferjelinene til reiarlaget i rutene OsloKiel, Bergen/StavangerHirtshals og Oslo-Hirtshals i perioden 1981 til 2008. MS «Bahamas Celebration» er eit av dei største skipa i verda i sin klasse. Ho har vore gjennom to større oppgraderingar sidan ho vart bygd i 1981, og framstår i dag som eit fullt moderne skip, med alle kvalifikasjonar som rutetrafikken treng. Skipet vart fyrst oppkalla etter Prinsesse Ragnhild, fru Lorentzen.

MS «Bahamas Celebration»

MS Prinsesse Ragnhild i Bergen, 2006.

Foto: Erich Pfennig

Karriere
Namn: MS «Prinsesse Ragnhild» (1981–2008)
MS «Bahamas Celebration» (2008–)
Type: Cruiseferje (1981–2008)
Cruiseskip (2008–)
Eigar: Color Line
Registreringshamn: Sandefjord (1981–1990)
Oslo (1990–2008)
Nassau (2008–)
Byggherre: Howaldtswerke-Deutsche Werft
Verft: Howaldtswerke-Deutsche Werft
Byggjenummer: 164
Sjøsett: 1. august 1980
Sett i teneste: 1981
Identifisering: IMO-nummer: 7904891
Generelle eigenskapar
Lengd: 205 m
Dekkbreidde: 26,6 m
Djupgang: 6,5 m
Passasjerar: 1 515
Bilar: 600

MS «Prinsesse Ragnhild» vart sett i drift i januar 1981 og segla for Jahre Line på ruta Oslo–Kiel fram til 1990. Det vart seinare overtatt av Color Line og var i mange år flaggskipet til selskapet. I 1992 vart ho ombygd og forlenga ved det spanske verftet Astilleros i Cadiz. Med ulike eigarar har skipet trafikkert overfarten Oslo–Kiel i 23 år. I desember 2004 vart det erstatta av MS «Color Fantasy» på ruta frå Noreg til Tyskland.

Frå 27. april 2005 trafikkerte skipet ruta Bergen/Stavanger–Hirtshals. I november 2007 avgjorde reiarlaget å leggje ned ruta frå Vestlandet til Hirtshals i Danmark, difor fekk MS «Prinsesse Ragnhild» ruta frå Oslo til Hirtshals, då forgjengaren MS «Color Festival» vart seld for nærmare 400 millionar kroner. Den 6. mai 2008 vart også denne ruta lagt ned og skipet lagt i opplag i Sandefjord.

22. april 2008 gjekk Color Line ut i ei pressemelding og sa at ruta Oslo–Hirtshals skal leggjast ned, og MS «Prinsesse Ragnhild» seljast. Dette vart grunngitt med at ruta opplevde negativ vekst.

3. september 2008 vart skipet selt til det amerikanske reiarlaget Celebration Cruise Holdings for om lag 180 millionar kroner. Dermed er 27 år i teneste mellom Noreg, Tyskland og Danmark over. Skipet seglar no under namnet MS «Bahamas Celebration» og fungerer som cruiseskip i fast rutetrafikk mellom Port Everglades og Bahamas. Bildekket er ikkje i bruk på denne ruta. Resten av skipet har fått nokre moderate oppdateringar som fylgje av at skipet skal fungere i cruisemarknaden, mellom anna har det vorte utstyrt med fasilitetar som symjebasseng og spa.

Kjelder endre