MS «Tideadmiral»
MS «Tideadmiral» er ein katamaran, bygd i 2010 for Tide Sjø (seinare Norled). Systerskipet er MS «Tideekspress». Skipet går i rutene mellom Bergen og Sogndal, og Bergen og Selje.
Tidlegare gjekk Tideadmiral i Flaggruten mellom Bergen og Stavanger.
MS «Tideadmiral» blei bygd ved Oma Båtbyggeri A/S på Stord og er bygg nr 529. Båten er bygd i aluminium og har ei lengd på 33 meter og er 11 meter brei. Passasjerkapasiteten er på 285 passasjerar.
Teknisk informasjon
endreHistorie
endre- 2010: 1. mars: Levert som «Tideadmiral» for Tide Sjø AS (Tide ASA), Bergen
- 2010: Fekk påmontert teleskoplandgang i akterenda.
- 2012: Vart noko ombygd ved Oma Slipp. Denne ombygginga omfatta påmontering av nye landgangar bak, ny landgang i baugen og montering av baugfenderar.
- 2012: Reiarlaget endra namn til Norled
Kjelder
endre- www.skipet.no / Per Alsaker
- www.norled.no (Reiarlaget)
- Oma.no (Verftet)
Bakgrunnsstoff
endre- Video av «Tideadmiral» på Vågen i Bergen.