Apple Macintosh

(Omdirigert frå Macintosh)

Macintosh, også kjend som Mac, er namnet på en samling personlege datamaskinar produsert av dataføretaket Apple Computer.

Apple Macintosh 128k frå 1984, her oppgradert til 512K «Fat Mac».
IBook G3.

I 2011 bestod produktlinja av dei berbare maskinane MacBook Air og Pro, kompakt-maskina Mac Mini, alt-i-eit maskina iMac, og Mac Pro meint for profesjonelle brukarar.

Macar bruker Apple sitt eige operativsystem, Mac OS X («OS 10»). Mac OS er ikkje tilgjengeleg på nynorsk, men ein bokmålsvariant er inkludert i systemet. Mac OS 10.7 introduserte også programvare for skjermlesing på bokmål. (Meint som ein hjelpeteneste for synsreduserte.) Mac OS versjon 10.5 og nyare kan utvidast med stavekontroll.[1]

HistorieEndra

Namnet kjem frå ein populær eplesort, McIntosh, og eplet er framleis brukt som logo av Macintosh. Den første datamaskina vart lansert i januar 1984 med den kjende Super Bowl-reklamen «1984» – inspirert av George Orwells dystre framtidspådom med same tittel. Det var den første datamaskina som populariserte det grafiske brukergrensesnittet (frå engelsk: Graphical User Interface, forkorta GUI) og dette var i sin tid sett på som ein revolusjonerande forandring i IT-verda.

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Apple Macintosh

KjelderEndra

FotnotarEndra

  1. Nynorsk stavekontroll fro Mac OS 10.5 og nyare.