Madcon

(Omdirigert frå MadCon)

Madcon (forkorting for «Mad Conspiracy») er ein norsk rappeduo sett saman av norsk-afrikanarane Tshawe Baqwa og Yosef Wolde-Mariam. Gruppa har gjeve ut albuma It's All A Madcon, So Dark the Con of Man og An InConvenient truth, i tillegg til ei rekkje singlar.

For det fyrste albumet fekk dei Spellemannprisen 2004 i klassen «Hip-Hop/RnB». Under Spellemannprisen 2007 vann dei i klassen «Hip-Hop» for plata So Dark The Con Of Man og songen «Beggin» vart kåra til «Årets hit». Under Spellemannprisen 2008 vann dei prisen for «Årets musikkvideo» med «Liar», og dei vann òg i klassen «Årets eksportpris». Under Spellemannprisen 2010 vann dei «Årets hit» att, denne gongen for «Glow», songen som vart nytta som pauseinnslag under Eurovision Song Contest 2010 i Bærum.

Duoen har òg prøvd seg som programleiarar. Fyrst i fjernsynsshowet «The voice of MadCon» på The Voice TV, men òg i TV 2-programmet Kan du teksten? som kom på lufta i 2008.

Diskografi

endre
Album
  • 2004: It's All a MadCon
  • 2007: So Dark The Con Of Man
  • 2008: An InCONvenient Truth
  • 2010: Contraband
  • 2012: Contakt
  Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.