Madame Monsieur er ein fransk musikkduo beståande av vokalisten Émilie Satt og produsenten Jean-Karl Lucas. Duoen lagar musikk hovudsakleg innan pop, elektronika, elektronisk pop og fransk pop. Madame Monsieur representerte Frankrike i Eurovision Song Contest 2018 med songen «Mercy» i Lisboa i Portugal.[1]

Madame Monsieur

Aktiv2013–
Sjangerpop, synthpop
PlateselskapLow Wood

Bakgrunn endre

Émilie Satt, fødd Émilie Sattonet, og Jean-Karl Lucas møtte kvarandre fyrste gongen i 2008 og skipa Madame Monsieur i 2013.[2][3][4][5] I 2015 skreiv dei songen «Smile» for den franske rapparen Youssoupha, og dei deltok seinare i den franske musikk-tv-programmet Taratata.[6] Duoen gav ut debutplata Tandem 4. november 2016.

1. januar 2018 vart det offentleggjort at Madame Monsieur var ein av deltakarane i Destination Eurovision, den franske uttakinga til Eurovision Song Contest 2018 med songen «Mercy».[7] Duoen vann semifinalen og seinare finalen 27. januar og fekk dimed representere Frankrike i Eurovision Song Contest 2018 i Portugal.[8] Der enda dei på ein 13. plass i finalen.

Madame Monsieur var med på å skrive songen «Roi», det franske bidraget i Eurovision Song Contest i 2019 som vart framført av artisten Bilal Hassani.

Medlemmar endre

  • Émilie Satt — hovudvokal
  • Jean-Karl Lucas — produksjon og bakgrunnsvokal

Diskografi endre

Album endre

Tittel Detaljar Høgaste

listeplassering

FRA[9]
Tandem
  • Utgjeve: 4. november 2016
  • Selskap: Low Wood, Musicast
  • Format: Digital nedlastning, CD
Vu d'ici
  • Utgjeve: 20. april 2018
  • Selskap: Low Wood, Musicast
  • Format: Digital nedlastning, CD
39[10]
«—» indikerer at albumet ikkje nådde hitlisten.

Singlar endre

Tittel[9] År Høgaste

listeplassering

Album
FRA FRA (nedl.) BEL (Va)[11]
«You Make Me Smile» 2015 Tandem
«Égérie» 2016
«See Ya» (med S.Pri Noir)
«Morts ou vifs» (med Jok'Air og Ibrahim Maalouf)
«Partir»
«Tournera» (med Youssoupha)
«Mercy» 2018 29[12] 2[13] 10[14] Vu d'ici
«Comme une reine»
«—» indikerer at singelen ikkje nådde hitlisten.

Kjelder endre

  1. «Destination Lisbon (#2): Meet Madame Monsieur from France - Eurovision Song Contest Lisbon 2018». Henta 15. april 2018. 
  2. «Nice-Matin n°2015-07-24 vendredi - Page 10 - 11 - Nice-Matin n°2015-07-24 vendredi - Nice-Matin - régional / internationale - générale - Actualité - 1001mags - Magazines en PDF à 1 € et GRATUITS !». fr.1001mags.com. Henta 27. januar 2018. 
  3. «INTERVIEW – MADAME MONSIEUR». Arkivert frå originalen 28. april 2017. Henta 27. januar 2018.  Arkivert 28. april 2017 på Wayback Machine.
  4. «[Interview] Madame Monsieur : un duo chic ? | Juste 1 Question» (på fransk). Juste 1 Question. 24. mars 2016. Arkivert frå originalen 28. januar 2018. Henta 27. januar 2018. 
  5. «L’interview du prof #5 - Madame Monsieur The Chemistry Magazine : Online magazine covering music, art, fashion and more». the-chemistry.net. Arkivert frå originalen 1. mai 2016. Henta 27. januar 2018.  Arkivert 1. mai 2016 på Wayback Machine.
  6. «TARATATA N°500». mytaratata.com (på fransk). Arkivert frå originalen 14. november 2017. Henta 27. januar 2018. 
  7. Weaver, Jessica (7. januar 2018). «France: Last 9 Destination Eurovision 2018 acts unveiled». Esctoday. Henta 7. januar 2018. 
  8. Savage, William (27. januar 2018). «Madame Monsieur win Destination Eurovision». EuroVisionary. Henta 27. januar 2018. 
  9. 9,0 9,1 «Discographie Madame Monsieur». French Charts Portal. Hung Medien. 
  10. «Le Top de la semaine : Top Albums». 1. november 2013. Henta 27. april 2019. 
  11. «Discographie Madame Monsieur». Belgia (Vallonia) Charts Portal. Hung Medien. 
  12. «lescharts.com - Madame Monsieur - Mercy». Henta 27. april 2019. 
  13. «Le Top de la semaine : Top Singles Téléchargés». 25. januar 2014. Arkivert frå originalen 20. oktober 2018. Henta 27. april 2019. 
  14. «Madame Monsieur - Mercy». Henta 27. april 2019.