Opna hovudmenyen

Madeleine (fødd 10. juni 1982) er prinsesse av Sverige og hertuginne av Hälsingland og Gästrikland. Foreldra hennar er kong Carl XVI Gustaf av Sverige og dronning Silvia av Sverige. Ho er nummer fire i tronfylgja etter kronprinsesse Victoria av Sverige, prinsesse Estelle av Sverige og prins Carl Philip av Sverige.

Madeleine
Princess Madeleine of Sweden 20 2013.jpg
FøddMadeleine Thérèse Amelie Josephine Bernadotte
1982-06-1010. juni 1982
Drottningholms slott i Ekerö i Sverige
TittelPrinsesse av Sverige
Alle titlarPrinsesse av Sverige
Hertuginne av Hälsingland
Hertuginne av Gästrikland
Fullt namnMadeleine Thérèse Amelie Josephine
LandSverige
MorSilvia av Sverige
FarCarl XVI Gustaf av Sverige
EktefelleChristopher Paul O'Neill
BarnNicolas av Sverige, Adrienne av Sverige, Leonore av Sverige

Ho var trulova med Jonas Bergström i nokre månader. Forlovinga vart broten i april 2010. 25. oktober 2012 annonserte Det kongelege hoff i Sverige at prinsesse Madeleine hadde trulova seg med Christopher O'Neill, betre kjend som Chris O'Neill, og at dei vil gifte seg sommaren 2013.[1] 8. juni 2013 gifta ho seg med O'Neill i Slottskyrkan i Stockholm. 20. februar 2014 fekk paret dottera prinsesse Leonore av Sverige, og 15. juni 2015 fekk paret sonen prins Nicolas av Sverige.[2][3]

Blant dei mange ordnane til Madeleine finst òg den norske Storkrossen av St. Olavs Orden, tildelt i 2005.

GalleriEndra

Madeleine av Sverige

FotnotarEndra

KjelderEndra