Madlamark kyrkje

kyrkje i Stavanger

Madlamark kyrkje er ei arbeidskyrkje i Stavanger i Rogaland fylke. Kyrkja er oppført i to byggetrinn med vigsling i 1976 og 1997.

Madlamark kyrkje
kyrkje
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Stavanger
Prosti Ytre Stavanger
Sokn Madlamark
Fellesråd Stavanger
Type Arbeidskyrkje
Arkitekt Toralf Kaada
Teknikk Mur
Material Teglstein
Innvigd 1976
 - Endringar Påb. 1997
Klokker 2, Olsen Nauen (1976)
Kyrkjegard Nei
Orgel Norsk Orgel- og Harmoniumfabrikk (1982)
Sitjeplassar 600
Kart
Madlamark kyrkje
58°56′34″N 5°40′53″E / 58.94280806°N 5.68134194°E / 58.94280806; 5.68134194
Wikimedia Commons: Madlamark kirke

Kyrkja har teglstein i fasaden. Ho har 600 sitjeplassar. Dette er prostikyrkja i Ytre Stavanger prosti.

Altartavle endre

 
Altarpartiet i Madlamark kyrkje

Madlamark kyrkje har ei karakteristisk altartavle, «Korsportalen», eit kunstverk i form av eit altarbilete som dekkjer altarveggen. Verket var ferdig i 2003, og er laga av kunstnaren Ole Lislerud.

Verket er ein mosaikk som framstiller variantar av den greske krossen som dannar ein Y-kross, eit symbol for treeininga. Mosaikken er òg samansett av ulike bitar med tekst: tekster frå Bibelen og organisatoriske tekster frå livet i Madlamark kyrkjelyd. Bibeltekstene er på tre ulike språk: salme 61,3 på hebraisk, Matteus 3,16 på gresk og salme 11,4 på koptisk.

Kyrkjegard endre

Det er ikkje kyrkjegard ved kyrkja.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre