Mary Jane «Mae» West (17. august 189322. november 1980) var ein amerikansk skodespelar, dramatikar og songar, kjend som sexsymbol og for vågale utsegner.

Mae West

Fødd17. august 1893
FødestadDet amerikanske flagget Brooklyn i New York City i USA
Død22. november 1980 (87 år)
DødsstadDet amerikanske flagget Los Angeles i California i USA
FødenamnMary Jane West
AliasJane Mast
Aktive år1932–1978
Verka somskodespelforfattar, fjernsynsskodespelar, filmskodespelar, manusforfattar, songar, skribent, teaterskodespelar, komikar, sjølvbiograf, skodespelar
EktefelleFrank Wallace (1911–1942)
Prisarstjerne på Hollywood Walk of Fame

West starta karrieren med vaudeville og på teaterscenen i New York, før ho seinare flytta til Hollywood på byrjinga av 1930-talet og byrja å spele inn filmar. Ho skreiv sjølv manus til dei fleste filmane sine, men fekk ofte problem med sensuren på grunn av dei mange seksuelle hinta i tekstane.

Etter å ha trekt seg tilbake frå filmindustrien byrja ho igjen å underhalde på scenen og spelte òg inn fleire musikkalbum. Ho gjorde eit comeback i to filmar på 1970-talet. West døydde 87 år gammal heime i leilegheita etter å ha fått hjerneslag.

Barndom endre

Mary Jane West vart fødd 17. august 1893 i Bushwick i Brooklyn i New York.[1] Ho var dotter av John Patrick West og Matilda «Tillie» Doelger (òg skrive Delker).[2] Ho hadde to yngre sysken, Mildred Katherine «Beverly» West (1898–1982) og John Edwin West (1900–1964).[3]

Far hennar var ein boksar kjent som «Battlin' Jack West». Han arbeidde seinare som politi før han starta sitt eige byrå som privatetterforskar.[4] Mora hennar var ein tidlegare korsett- og motemodell.[5] Familien var protestantar, trass i at mora hennar skal ha vore jødisk immigrant frå Bayern i Tyskland.[6][7] Både den irske bestemora på farsida, som var katolikk, og andre katolske slektningar, fordømde karrieren og livsstilen hennar. Det same gjorde tanta hennar som hadde hjelpt til då ho vart fødd.[8] Einskilde har hevda at bestefaren hennar på farsida, John Edwin West, moglegvis var ein afroamerikanar som såg kvit ut.[9]

Då West var lita budde familien hennar i Woodhaven i Queens, og Williamsburg og Greenpoint i Brooklyn.

Karriere endre

Tidleg karriere endre

West var fem år gammal då ho opptredde første gongen for eit publikum. Dette var på ei sosial samkome arrangert av ei kyrkje. Sju år gammal byrja ho å opptre på amatørshow, og vann fleire prisar i lokale talentkonkurransar.[10] I 1907, då ho var 14 år gammal, byrja ho profesjonelt med vaudeville som ein del av Hal Clarendon Stock Company.[11] I byrjinga brukte West artistnamnet «Baby Mae»,[12] og prøvde fleire ulike scenepersonlegdomar, inkludert ein dragking,[13] og ein blackface (svartsminka) coonsongar.[14] Den velkjende gongen hennar blir sagt å ha vorte inspirert av dei kjende dragqueenane Bert Savoy og Julian Eltinge.[15]

I 1911 opptredde West for første gongen på scena på Broadway i teaterstykket A La Broadway. Det vart likevel avslutta etter åtte førestillingar.[16] Deretter spelte ho i Vera Violetta. Al Jolson var ein annan nykommar i denne oppsetjinga.[17] I 1912 dukka ho òg opp i den første førestillinga av A Winsome Widow, som «babyvampen» La Petite Daffy.[18]

I 1918 fekk West publisert biletet sitt på noteheftet til den populære songen «Ev'rybody Shimmies Now». Same året fekk ho gjennombrotet sitt i Broadway-teaterstykket Sometime, der ho spelte mot Ed Wynn.[19] Rollefiguren hennar, Mayme, dansa shimmy.[20] Etterkvart byrja òg West å skrive sine eigne dristige teaterstykke under pseudonymet «Jane Mate».[21] Den første hovudrolla hennar på Broadway var i teaterstykket Sex, som ho i tillegg både regisserte, produserte og hadde skrive manuset til. Trass i at kritikarane hata det, var billettsalet høgt. Det berykta teaterstykket vart òg dårleg motteke av dei lokale styresmaktene og vart stansa etter eit politiraid der West og resten av skodespelarane vart arresterte.[22]

Den 19. april 1927 vart West dømd til 10 dagar i fengsel for «å ha forderva moralen til ungdomen».[23] Ho sona domen på Welfare Island (no Roosevelt Island), og åt middag med fengselsdirektøren og kona hans. West fortalde òg til journalistar at ho fekk lov til å bruke silkeunderbuksene sine.[24] Ho slapp ut etter åtte dagar på grunn av god oppførsel. Merksemda frå media gjorde henne endå meir kjent. Hennar neste teaterstykke, The Drag, handla om homofili og var det som West sjølv kalla eit «komediedrama om livet».[25] Etter fleire prøvespelingar i Connecticut og New Jersey, annonserte West at teaterstykket skulle framførast i New York.[26] The Drag vart likevel aldri framført på Broadway sidan Society for the Prevention of Vice truga med å forby det dersom det vart sett opp.[27] West støtta kvinnerørsla, men uttalte at ho ikkje var ein feminist. Ho støtta òg rettane til dei homofile.[28]

West fortsette å skrive teaterstykke, som blant anna The Wicked Age, Pleasure Man og The Constant Sinner. Oppsetjingane var kontroversielle, men omtala i media trekte publikum. I 1928 vart teaterstykket Diamond Lil, som handla om ei laussleppt dame på 1890-talet, ein stor suksess på Broadway.[29]

Filmkarriere endre

 
West returnerer til New York i 1933, etter å ha vore i Hollywood.

I 1932 vart West tilboden ein filmkontrakt av Paramount Pictures. Ho var då 38 år gammal, noko som var ein uvanleg høg alder for eit sexsymbol, og ho var difor ullen når gjaldt den eigenlege alderen sin. Ho flytta til Hollywood og kjøpte ei leilegheit i The Ravenswood, ein art deco-bygning som vart bygd av Paramount. Ho åtte denne leilegheita, som var hennar favorittbustad, resten av livet.

Den første filmen hennar var Night After Night, der ho spelte mot den gode venen sin George Raft. Ho var særs misnøgd med manuset, og fekk difor løyve til å skrive om sine eigne replikkar.[30] Sjølv om rolla hennar ikkje var så stor, uttalte Raft seinare at «ho stal alt utanom kamera» om prestasjonen hennar.[31] Han dukka òg opp i ei rolle som seg sjølv i den siste filmen hennar frå 1978, Sextette.

I 1933 filmatiserte West teaterstykket Diamond Lil. Rollefiguren Diamond Lil vart omdøypt til Lady Lou og filmen fekk tittelen She Done Him Wrong. I filmen spelte òg Cary Grant i ei av dei første større rollene sine, noko som fekk fart på karrieren hans. West hadde oppdaga Grant på filmstudioet og insisterte på at han skulle spele den mannlege hovudrolla.[32] Trass i at filmen var kontroversiell då han vart sloppen, vart han ein stor suksess og vart nominert til Oscar for beste film. I ettertid hevda West ofte at det var ho som hadde oppdaga Grant, men han påpekte at filmen var hans åttande for Paramount. I intervju roste han likevel West som ein unik og kraftfull personlegdom[33] og meinte at han hadde lært det meste av det han kunne om å spele i komediar, frå å studere henne når ho jobba. Privat kunne han vere meir kritisk og uttalte at ho alltid gjorde som ho ville, og at alle andre leid på grunn av konsekvensane.[33]

I hennar neste film, Jeg er ingen engel!, spelte ho òg mot Cary Grant. West hadde skrive manuset, men før filmen vart utgjeven måtte dei mange seksuelle ymta i songane tonast ned. Dette var ein av dei første filmane som framstilte afroamerikanarar positivt. Trass i at dei afroamerikanske kvinnene spelar tenestejenter, blir dei òg framstilt som gode venninner av rollefiguren til West, noko som ikkje var akseptert på denne tida. Elles var det òg vanleg at filmselskapa brukte kvite i rollene som afroamerikanarar. Filmen vart ein stor suksess og spelte inn meir enn She Done Him Wrong.

 
Cary Grant og West i filmen Jeg er ingen engel! frå 1933.

I 1933 var West den åttande største kinosuksessen i USA,[34] og i 1935 var ho den nest høgast betalte personen i landet, berre slått av William Randolph Hearst.[35] Trass i dette var moralistar opprørt over dei seksuelle temaa i filmane hennar. I 1934 vart sensurloven strengare handheva i Hollywood, for å hindre moralsk uakseptable filmar. Dette førte til at manusa hennar vart kraftig redigerte. Løysinga hennar var å inkludere mange tvitydige replikkar som ofte ikkje vart oppdaga og dermed slapp igjennom sensuren.

Hennar neste film var Det er ingen synd i 1934. Deretter spelte ho i Goin' To Town, som fekk blanda mottaking.[36] Filmen Klondike Annie frå 1936 handla om religion og hykleri, og var svært kontroversiell.[37] Mange filmkritikarar har kalla han for hennar meisterverk på film.[38] Same året spelte West saman med Randolph Scott i Go West, Young Man. Manuset hadde ho basert på Lawrence Riley sitt suksessfulle Broadway-teaterstykke Personal Appearance.[39][40] Denne filmen, som vart regissert av Henry Hathaway, blir rekna som ein av dei dårlegaste av West frå denne perioden.[41] I 1937 spelte ho i Every Day's a Holiday, den siste filmen hennar for Paramount.

Den 12. desember 1937 deltok West i to dristige sketsjar på buktalaren Edgar Bergen sitt radioprogram. Ho spelte òg seg sjølv og flørta med Charlie McCarthy, dokka til Bergen. Framferda hennar vart så kontroversiell at dette vart siste gongen ho dukka opp på radio før The Perry Como Show i 1949.

I 1939 tilbaud Universal Pictures West å spele hovudrolla i filmen My Little Chickadee, mot W.C. Fields. Etter å ha slutta hos Paramount 18 månader tidlegare, var West interessert i ein comebackfilm og takka ja til tilbodet. West kom dårleg overeins med Fields, og likte ikkje det høge alkolholinntaket hans. Trass i dette vart filmen likevel ein stor suksess og den mest suksessfulle av filmane til Fields.

I 1943 spelte Mae West i filmen The Heat's On for Columbia Pictures. Ho takka ja til rolla berre for å hjelpe regissøren og produsenten Gregory Ratoff å unngå konkurs.[42] Filmen vart dårleg motteken, både blant kritikarane og publikum. Dette var den siste filmen hennar, før ho gjorde eit comback på 1970-talet.

Mellomåra endre

Etter å ha trekt seg ut av filmindustrien gjekk West tilbake til å spele på teater og spelte blant anna i Broadway-teaterstykket Catherine Was Great i 1944. Dette var ein parodiKatarina den store av Russland. I teaterstykket bestod garden hennar av unge, høge og muskuløse menn. Ho turnerte med teaterstykket i USA i 1945.

West spelte òg hovudrolla i ei eiga førestilling i Las Vegas, der ho song medan ho var omringa av kroppsbyggarar. Ein av kroppsbyggarane var Mickey Hargitay, som skodespelaren Jayne Mansfield fekk auge på han då ho såg ein av West sine førestillingar. Då ho vart spurd kva ho ville ha den kvelden skal Mansfield ha svart: «Eg tek ein biff og mannen til venstre!»[43] West var svært negativ til tilhøvet mellom Hargitay og Mansfield, og innkalla til pressekonferanse der ho forlangte at han skulle avkrefte tilhøvet. Det gjekk ikkje heilt som planlagt då han i staden for å lese opp den ferdigskrivne talen, valde å stadfeste at paret var svært forelska og hadde bryllaupsplanar. Hargitay fekk sparken og gifta seg seinare med Mansfield.[44]

I 1949 tilbaud regissøren Billy Wilder henne rolla som Norma Desmond i filmen Sunset Boulevard, men ho takka nei. Filmen handla om ei tidlegare stumfilmstjerne som hadde gått i gløymeboka, men nekta å innsjå det sjølv. Rolla gjekk til slutt til den tidlegare stumfilmstjerna Gloria Swanson. Wilder uttalte seinare: «Sjølve ideen om å gje rolla til Mae West var idiotisk. Vi trong berre å prate med henne, for å finne ut at ho enno synest ho var ei så stor, tiltrekkende og sexy stjerne som ho alltid hadde vore.»[45]

I 1958 dukka Mae West opp på Oscar-utdelingen og framførte songen «Baby, It's Cold Outside» saman med skodespelaren Rock Hudson.[46] I 1959 vart sjølvbiografien hennar, Goodness Had Nothing To Do With It, utgjeven og vart ein bestseljar.[47]

Seinare karriere endre

West dukka ein sjeldan gong opp på TV-program, blant anna på The Red Skelton Show i 1960. Der framførte ho ein sketsj saman med Skelton som handla om sjølvbiografien hennar. I 1964 hadde ho ei gjesterolle som seg sjølv i den populære komiserien Mistar Ed.

 
West fotografert i heimen sin i 1973.
Foto: Allan Warren

For å halde seg populær blant det yngre publikummet spelte den over 70 år gamle West inn to rock and roll-album, Way Out West og Wild Christmas, på slutten av 1960-talet.[48] Singelen «Treat Him Right» frå albumet Way Out West vart ein stor suksess. På albumet Wild Christmas spelte ho inn fleire kjende julesongar, og dessutan parodiar på julesongar, som songen «Santa Come Up and See Me».

Etter ein 26 år lang pause frå filmindustrien spelte ho i filmen Myra Breckinridge i 1970, saman med John Huston, Raquel Welch, Rex Reed og Farrah Fawcett. Filmen handla om ein mann som skiftar kjønn for å bli kvinne. Den 77 år gamle West hadde ei lita rolle som ei mellomaldrande kvinne som dreiv eit talentbyrå for unge menn, som ho gjerne òg hadde sex med. Ein av klientane hennar blir spelt av Tom Selleck i filmdebuten hans. Filmen vart dårleg motteke, både blant kritikarane og publikum, men vart likevel ein kultklassikar og førte til auka interesse for West.[49]

West spelte inn albumet Great Balls of Fire på 1970-talet for MGM Records, der ho framførte coverversjoner av songar av blant andre Elvis Presley, The Beatles og The Rolling Stones.[50] Sjølvbiografien hennar, Goodness Had Nothing To Do With It, vart i tillegg publisert på nytt i ein oppdatert versjon.[51]

I 1976 stilte ho opp på TV-programmet The Dick Cavett Show, der ho snakka om om livet og karrieren sin, og dessutan kampen mot sensurstyresmaktene. Ho fortalde òg at mora hennar hadde støtta henne i alt ho gjorde, men at ho døydde før West byrja i filmindustrien. På slutten av intervjuet song ho «Frankie and Johnny» og «After You've Gone».

I 1978, 85 år gammal, spelte West i filmen Sextette. I den stjernespekka filmen spelte òg blant andre Timothy Dalton, Tony Curtis, Ringo Starr, Alice Cooper og Keith Moon. George Raft, som spelte mot West i den første filmen hennar, dukka òg opp i ei lita rolle som seg sjølv. West sa for første gongen «Er det ein pistol du har i lomma, eller er du berre glad for å sjå meg?» i denne filmen, sjølv om det har vorte hevda at ho sa det alt i filmen She Done Him Wrong frå 1933.[52]

Filminnspelinga var prega av store utsetjingar grunna stadige endringar i manuset.[53] På grunn av desse endringane, gjekk West med på å få replikkane sine lese opp gjennom ein mikrofon som var skjult i parykken hennar.[54] Trass i dei daglege problema, var West fast avgjort på å fullføre filmen.[54] Likevel sleit ho, ifølgje regissør Ken Hughes, med desorientering, dårleg minne og å ta imot instruksane hans. I tillegg gjorde det dårlege synet hennar det vanskeleg å kome seg rundt på settet. Hughes byrja difor å filme West frå livet og opp, for å skjule produksjonsassistentene som krabba rundt på golvet medan dei viste henne vegen.[55] Filmen blei dårleg mottatt, både blant kritikarane og publikum.[56]

Privatliv endre

Den 11. april 1911 gifta West seg med jazzsongaren Frank Wallace i Milwaukee i Wisconsin. Dei hadde møttest for første gongen i 1909. Ho var 17 og han var 21 år gammal.[57] West heldt ekteskapet hemmeleg.[58] I 1935, etter at West hadde laga fleire filmsuksessar, oppdaga ein kontorist vigselsattesten hennar og tipsa pressa.[59] Eit vitnesbyrd som West hadde gjort under Sex-rettssaka i 1927 vart òg oppdaga, der ho hadde erklært seg sjølv som gift.[60] I byrjinga nekta West for at ho hadde gifta seg med Wallace, men innrømde det til slutt i juli 1937.[61] Sjølv om ekteskapet var ein realitet, budde ho aldri med Wallace som eit ektepar. Ho insisterte på at dei skulle ha kvart sitt soverom, og sende han òg vekk på turné for å bli kvitt han. West fekk ei rettsleg skilsmisse den 21. juli 1942, før Wallace trekte tilbake kravet sitt om underhaldsbidrag. Ho vitna at dei berre hadde levt saman «i nokre få veker», og den endelege skilsmissa vart godkjent den 7. mai 1943.[62]

I august 1980 snubla West då ho gjekk ut av senga. Etter fallet var ho ute av stand til å snakke og vart frakta til sjukehus. Testar viste at ho hadde fått hjerneslag.[63] Sju dagar seinare, medan ho enno var innlagt på sjukehus, fekk ho ein diabetisk reaksjon til innhaldet i magesonden sin. Den 18. september fekk ho eit nytt hjerneslag som lamma høgresida på kroppen hennar. I tillegg pådrog ho seg lungebetennelse. I november hadde tilstanden hennar forbetra seg, men prognosen var dårleg og ho vart send heim. West døydde i leilegheita si i The Ravenswood den 22. november 1980, 87 år gammal. Ho vart gravlagd i familiegrava på Cypress Hills Cemetery i Brooklyn i New York.

Filmar endre

År Tittel Rolle Merknader
1932 Night After Night Maudie Triplett
1933 She Done Him Wrong Lady Lou Den første hovudrolla hennar
Jeg er ingen engel! Tira
1934 Det er ingen synd Ruby Carter
1935 Goin' to Town Cleo Borden
1936 Klondike Annie The Frisco Doll/Rose Carlton/Søster Annie Alden
Go West Young Man Mavis Arden
1937 Every Day's a Holiday Peaches O'Day
1940 My Little Chickadee Flower Belle Lee
1943 The Heat's On Fay Lawrence
1970 Myra Breckinridge Leticia Van Allen
1978 Sextette Marlo Manners/Lady Barrington

Bibliografi endre

  • West, Mae (1930). Babe Gordon. (Romanutgåva av teaterstykket The Constant Sinner.)
  • West, Mae (1932). Diamond Lil. (Romanutgåva av teaterstykket med same namn.)
  • West, Mae (1959, oppdatert 1970). Goodness Had Nothing to Do with It.
  • West, Mae (1975). Mae West On Sex, Health and ESP.
  • West, Mae (1975). Pleasure Man

Prisar og nominasjonar endre

I populærkultur endre

  • West blir nemnt i songane «Anything Goes» og «You're The Top» i Cole Portars Broadway-musikal Anything Goes.
  • Ein av dei mest populære gjenstandane i surrealistrørsla var Mae West Lips Sofa, ein sofa som etterlikna leppene til West, og vart laga av kunstnaren Salvador Dalí i 1937.
  • Under andre verdskrigen kalla dei allierte soldatane redningsvestane sine for «Mae Wests». Ein av grunnane til dette var cockney-rimslang av orda redningsvest, i tillegg kunne vestane minne om det formfulle brystpartiet til West. Ein såkalla «Mae West» er òg ein spesiell type fallskjermfeil, som formar skjermen slik at han kan minne om ein gigantisk bh, visstnok slik at den passer på ei kvinne som Mae West.[65]
  • West er ein av dei kjende personane som er avbilda på coveret til The Beatles-albumet Sgt. Peppar's Lonely Hearts Club Band. Då det vart spurt om løyve til å bruke bilete av henne, nekta West: «Nei, det vil eg ikkje vere med på. Kva har eg å gjere i ein enslegklubb?» Bandet svarte med å skrive eit personleg brev til henne, og West ombestemte seg.
  • I den biografiske TV-filmen Mae West frå 1980 speler Ann Jillian West. I TV-filmen Ernie Kovacs: Between the Laughter frå 1984 har Edie Adams rolla, og i filmen Marlene frå 2000 har Gloria Gray henne.
  • I eventyrspelet The Secret of Monkey Island siterer kannibalane West med «Er det ein banan du har i lomen, eller er du berre glad for å sjå oss?» då Guybrush Threepwood prøver å forlate landsbyen deira med to bananar i lomma.
  • I Seinfeld-episoden «The Label Makar» samanliknar Jerry Seinfeld (Jerry Seinfeld) venninna Elaine Benes (Julia Louis-Dreyfus) med Mae West, fordi ho hadde foreslått for tannlegen Dr. Tim Whatley (Bryan Cranston) at dei skulle gå opp i leilegheita, utan noka vidare forklaring.
  • I filmen Den grønne milen frå 1999 uttalar ein småskrullete vaktmeister, spelt av Harry Dean Stanton, under ei avrettingsøving, som dei «siste orda sine»: «Eg vil ha steikt kylling med saus og Mae West sitjande på andletet mitt, fordi eg er ein kåt jævel».
  • I datarollespelet Vampire: The Masquerade - Bloodlines, leitar helten etter ein eldgammal sarkofag som stadig skiftar eige. Ein av figurane han møter undervegs, ein vampyr som var ei filmstjerne då han levde, kommenterer at sarkofagen «kjem seg rundt meir enn Mae West».

Kjelder endre

Fotnotar endre

  1. West, s. 1Wortis Leide, s. 20Watts, s. 10
  2. Wortis Leide, s. 23
  3. Watts, s. 12 og 289
  4. Watts, s. 12
  5. Wortis Leide, s. 21
  6. Wortis Leide, s. 23-24
  7. Playwright Examines Mae West’s Legal Dramas, Forward, 6. februar 2004 
  8. Eells og Musgrove, s. 20
  9. Louvish, s. 18
  10. Watts, s. 16 og 18
  11. Louvish, s. 9-10
  12. Eells og Musgrove, s. 23 og 170
  13. Eells og Musgrove, s. 38 og 170
  14. Watts, s. 23, 28 og 194
  15. Wortis Leide, s. 122-123Louvish, s. 18
  16. Watts, s. 32-33
  17. Mae West, Stage and Movie Star Who Burlesqued Sex, Dies at 87, The New York Times, 23. november 1980 
  18. Louvish, s. 50 og 452
  19. Tuska, s. 25-26
  20. Louvish, s. 78-79 og 452
  21. Yeatts, s. 77
  22. Watts, s. 88-89
  23. Bunyan, s. 317
  24. Schlissel og West, s. 16
  25. Hamilton, s. 57 og 67
  26. Chauncey, s. 312
  27. Eells og Musgrove, s. 66-68
  28. Watts, s. 299
  29. Eells og Musgrove, s. 223 og 228-229
  30. Eells og Musgrove, s. 105-106
  31. «She Done Him Wrong (1933) Articles». TCM. 
  32. McCann, s. 73
  33. 33,0 33,1 «I'm No Angel (1933) Article». TCM. 
  34. Pendergast, s. 116
  35. Schlissel og West, s. 24
  36. Louvish, s. 279
  37. Black, s. 228-229
  38. Bavar, s. 87
  39. Wortis Leide, s. 402
  40. Watts, s. 10
  41. Louvish, s. 308
  42. Tuska, s. 153
  43. Mickey Hargitay, 80; Bodybuilder Popularized the Sport, Los Angeles Times, 19. september 2006 
  44. Biografi fra jaynemansfield.com, arkivert frå originalen 14. september 2008, henta 13. august 2011 
  45. Staggs, s. 8
  46. Robertson, s. 25
  47. Yeatts, s. 71
  48. Yeatts, s. 73
  49. Hamilton, s. 263
  50. Louvish, s. 463
  51. Wortis Leide, s. 401
  52. «Greatest Film Misquotes». Film Site. 
  53. Watts, s. 309
  54. 54,0 54,1 Watts, s. 310
  55. «At 84 Mae West Is Still Mae West». Time. 22. mai 1978. Arkivert frå originalen 7. mars 2008. Henta 13. august 2011. 
  56. Kashner og Macnair, s. 336
  57. Hamilton, s. 15
  58. Hamilton, s. 13-14
  59. Watts, s. 201-202
  60. Louvish, s. 283
  61. Watts, s. 224
  62. Louvish, s. 350-251
  63. Watts, s. 313
  64. «AFI's 100 YEARS...100 STARS». American Film Institute. 
  65. «Mae West definition». MSN Encarta Dictionary. 

  • Denne artikkelen bygger på «Mae West» frå Wikipedia på bokmål, den 13. august 2011.
  • Bavar, Michael (1975). Mae West. Pyramid Communications. ISBN 0-515-03868-7. 
  • Black, Gregory D. (1996). Hollywood Censored: Morality Codes, Catholics, and the Movies. Cambridge University Press. ISBN 0-521-56592-8. 
  • Bunyan, Patrick (1999). All Around the Town: Amazing Manhattan Facts and Curiosities. Fordham University Press. ISBN 0-823-21941-0. 
  • Chauncey, George (1995). Gay New York: Gender, Urban Culture, and the Making of the Gay Male World, 1890-1940. Basic Books. ISBN 0-465-02621-4. 
  • Eells, George og Musgrove, Stanley (1982). Mae West. William Morrow & Co. ISBN 0-688-00816-X.
  • Hamilton, Marybeth (1997). When I'm Bad, I'm Better: Mae West, Sex, and American Entertainment. University of California Press. ISBN 0-520-21094-8. 
  • Kashner, Sam og Macnair, Jennifer (2003). The Bad & the Beautiful: Hollywood in the Fifties. W. W. Norton & Company. ISBN 0-393-32436-2.
  • Louvish, Simon (2006). Mae West: It Ain't No Sin. Macmillan. ISBN 0-312-34878-9. 
  • McCann, Graham (1998). Cary Grant: A Class Apart. Columbia University Press. ISBN 0-231-10885-0. 
  • Pendergast, Tom (2000). St. James Encyclopedia of Popular Culture. St. James Press. ISBN 1-558-62405-8. 
  • Robertson, Pamela (1996). Guilty Pleasures: Feminist Camp from Mae West to Madonna. I.B.Tauris. ISBN 1-860-64088-5. 
  • Schlissel, Lillian og West, Mae (1997). Three Plays by Mae West: Sex, The Drag and Pleasure Man. Routledge. ISBN 0-415-90933-3.
  • Staggs, Sam (2003). Close-up on Sunset Boulevard: Billy Wilder, Norma Desmond, and the Dark Hollywood Dream. Macmillan. ISBN 0-312-30254-1. 
  • Tuska, Jon (1992). The Complete Films of Mae West. Citadel Press. ISBN 0-806-51359-4. 
  • Watts, Jill (2003). Mae West: An Icon in Black and White. Oxford University Press US. ISBN 0-195-16112-2. 
  • West, Mae (1959). Goodness Had Nothing to Do With it. Prentice-Hall. 
  • Wortis Leider, Emily (2000). Becoming Mae West. Da Capo Press. ISBN 0-306-80951-6. 
  • Yeatts, Tabatha (2000). The Legendary Mae West. Lulu.com. ISBN 0-967-91581-3. 

Bakgrunnsstoff endre