Magasinkraftverk

Magasinkraftverk er eit kraftverk som nyttar ståande vassreservar til kraftproduksjon, og der vassføringa direkte vert regulert ved hjelp av eit vassmagasin i tilslutning til kraftstasjonen. Større magasinkraftverk har normalt stor fallhøgd, og ofte er magasinet (eventuelt med ei demning) og kraftstasjonen skilde frå kvarandre. Slike kraftverk vert òg kalla høgtrykkskraftverk. Dette er eit alternativ til elvekraftverk som direkte utnyttar den kontinuerlege strøyminga gjennom ei elv, dei vert kalla lågtrykkskraftverk.

Jonghhua-demninga i Taiwan er ei typisk magasindemning som skaper eit kunstig reservoar for utnytting i eit lågareliggjande kraftverk.
Òg store elvar kan magasinerast. Her Grand Coulee-demninga i Columbia-elva, Washington state.

Norske høgtrykkskraftverk nyttar Francisturbiner for fallhøgder mellom 30 og 600 m og Peltonturbiner for fallhøgder større enn 600 m.

Magasinkraftverk kan vera ulike typar:

  • Demningar som demmer opp vassmagasin kunstig, og der kraftstasjonen står i samband med magasinet anten direkte eller via lenger røyrgater eller underjordiske tunnelar. Kraftstasjonen kan vera under- eller overjordisk, og må ikkje vera bygd i tilknyting til magasinet. Kraftstasjonen kan eventuelt få vatn frå fleire magasin og inntak. Dette vert kalla takrenneprosjekt. Ulla-Førre-anlegget har 39 bekkeinntak som samlar opp vatnet frå mange større og mindre elvar og bekker.
  • Naturlege vassmagasin kan tappast vertikalt til ein lågareliggjande kraftstasjon gjennom røyrgater eller tunnelar, utan bruk av demning. Som døme kan øvre reservoar vera ein naturleg innsjø eller ei elv, og vatnet vert sleppt ut i eit naturleg nedre reservoar.
  • Pumpekraftverk som kan returnera vatn til vassmagasinet for seinare bruk, til dømes i tider med kraftoverskot for magasinering til bruk i tider med kraftunderskot. Pumpekraftverk kan ha oppdemde eller naturlege øvre og nedre reservoar.

FordelarEndra

Den store fallhøgda aukar vasskraft-effekten uavhengig av vassmengda. Nokre av dei kraftigaste vasskraftverka i verda er magasinkraftverk, inklusive den gigantiske Tre_kløfter-demninga som høyrer til verdas kraftigaste kraftanlegg med 21,5 GW.

Magasinkraftverk er i stor grad uavhengige av naturleg vassføring og nedbør. Dei kan lagra vatn til turkeperiodar eller periodar med generelt liten krafttilgang. Magasinkraftverk kan setja i gang kraftproduksjon og samkøyra han med ynskjelege svingingar på marknaden. Oppdemminga hindrar ikkje båttrafikk eller annan bruk av vassdraget dersom reservoara ikkje er kunstig oppdemma.

UlemperEndra

Magasinkraftverk er ofte kostbare å byggja, med store investeringsbehov knytte til oppdemming, tunnelanlegg og kraftstasjon. Anlegget får lang nedskrivingstid og fører dessutan til oppdemmingar som kan gjeva økologisk uynskt overfløyming av tidlegare turt land og biotopar. Oppdemminga kan redusera vassføringa i elvane og dermed påverka økologien, grøda og livstilhøva generelt nedanfor anlegget.

Døme på større magasinkraftverkEndra

Sjå ògEndra

BakgrunnsstoffEndra