Magdalena Forsberg
Magdalena Forsberg (fødd 25. juli 1967), opphavleg Magdalena Wallin, er ein svensk tidlegare langrennar og skiskyttar frå Ullånger i Kramfors kommun i Västernorrlands län. Perioden 1997-2002 var ho den dominerande kvinnelege skiskyttaren i verda. Ho vann då verdscupen i skiskyting samtlege seks år på rad og tok seks VM-gull i skiskyting. I alt vann ho 12 medaljar (6-1-5) i skiskytings-VM og to OL-bronsar i same perioden. Som langrennar fekk ho ein stafettmedalje i VM 1987.
Magdalena Forsberg | |
Statsborgarskap | Sverige |
Fødd | 25. juli 1967 (57 år) Kramfors |
Idrett | skiskyting, langrenn |
Tok del i | langrenn under Vinter-OL 1992, Skiskyting under Vinter-OL 1998, biathlon at the 2002 Winter Olympics – women's individual, Skiskyting ved Vinter-OL 2002 - sprint for kvinner, Ski-VM 1989 |
Aktiv
endreLangrenn
endreWallin deltok internasjonalt for Sverige i langrenn frå andre halvdel av 1980-åra. Høgdepunktet i langrennsløypa opplevde ho allereie under ski-VM 1987 i Oberstdorf, der ho gjekk startetappen for det svenske bronselaget i 4x5 km stafett. Hennar beste individuelle meisterskapsresultat var tiandeplassen på 30 km i ski-VM 1989 i Lahti.
Skiskyting
endreEtter ho mislukkast å nå opp i spesielt langrenn, gjekk Wallin i 1993 for fullt inn for skiskyting som idrettsgrein. Allereie i 1995-sesongen vann ho eit renn i verdscupen og vart nummer sju på 15 km i VM 1995 i Antholz. Sesongen etter viste ho vidare framgang med ein siger på 15 km i verdscupen, samt tre tredjeplassar. I VM 1996 i Ruhpolding vann ho si fyrste individuelle VM-medalje, ein bronse. Om sommaren 1996 gifta ho seg med langrennaren Henrik Forsberg.
Magdalene Forsberg vann sine to fyrste VM-titlar i 1997 i Osrblie i Slovakia. Etter å ha teke bronsemedalje på 7,5 km vann ho 10 km jaktstart, fem sekundar føre Olena Zubrilova. Sidan i meisterskapen sigra ho suverent på 15 km, med berre eitt tilleggsminutt slo ho sølvvinnaren med over eitt-og-eit-halvt minutt.
Ho lukkast ikkje å ta medalje under vinter-OL 1998 i Nagano, men vart same året verdsmeister på 10 km jaktstart i Pokljuka. Under VM 1999 i Hochfilzen tok ho ein sølvmedalje og ein bronsemedalje. I Holmenkollen i 2000 vart ho verdsmeister på 10 km jaktstart for tredje gong, og fekk bronsemedaljen på 15 km. Ho deltok i sitt siste verdsmeisterskap i 2001 i Polkjuka, og reiste heim med to gullmedaljar (15 km og fellesstart), og ein bronsemedalje i 10 km jaktstart. Den totale medaljehausten frå verdsmeisterskapane vart på seks gull-, to sølv- og tre bronsemedaljar. I olympisk samanheng lukkast Forsberg å ta bronsemedaljar under OL 2002 i Salt Lake City.
Forsberg var heilt dominerande i verdscupen i skiskyting i 1997-2002, som ho vann samtlege seks år på rad. Frå 1995 til ho la opp i 2002 vann ho 42 enkeltrenn i verdscupen. 85 gongar stod ho på sigerspallen etter verdscuprenn.
Forsberg vart tildelt Sverige Radios Jerringpris heile fire gongar; 1997, 1998, 2000 og 2001, fleire enn nokon annan sportsutøvar. Men ho fekk aldri Svenska Dagbladet si gullmedalje.
Kjelder
endre- Sportsboken, aktuelle årgangar
Bakgrunnsstoff
endre- (en) Magdalena Forsberg – Profil og resultatoversikt hos FIS
- «Magdalena Wallin-Forsberg» (på engelsk). olympedia.org. Henta 13. februar 2023.