Magical Mystery Tour
Magical Mystery Tour EP av The Beatles | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 27. november (Amerikansk LP) 8. desember 1967 (Britisk EP) | |
Innspelt | 25. april – 7. november 1967, EMI Studios i London; Olympic Sound Studios i London; Chappell Sound Studios i London[1] | |
Sjanger | ||
Lengd | 19:08 (EP), 35:35 (LP) | |
Selskap | Parlophone (UK) Capitol (US) | |
Produsent | George Martin | |
The Beatles-kronologi | ||
---|---|---|
Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band (1967) |
Magical Mystery Tour | The Beatles (1968)
|
Magical Mystery Tour er eit studioalbum av The Beatles frå 1967. Albumet vart først gjeve ut som ein dobbel EP i Storbritannia og som eit heilt album i USA, der fleire nyleg innspelte singlar vart gjeve ut på B-sida. Etter kvart har denne LP-utgåva vorte ein offisiell del av diskografien til The Beatles og kom sidan ut på CD. Innspelinga vart produsert av George Martin og omfattar filmmusikken til ein timelang fjernsynsfilm med same namn som vart vist i Storbritannia i 1967. Sjølv om songane på EP-en vart populære, fekk fjernsynsfilmen negativ omtale og planar om å syne filmen i USA vart skrinlagde.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [5] |
Blender | [6] |
Consequence of Sound | A+[7] |
Encyclopedia of Popular Music | [8] |
MusicHound | 3/5[9] |
Music Story | [10] |
Paste | 94/100[11] |
Pitchfork Media | 10/10[12] |
The Rolling Stone Album Guide | [13] |
Sputnik Music | 4.5/5[14] |
EP-en kom ut i Storbritannia den 8. desember 1967 på Parlophone, medan Capitol Records gav ut LP-en i USA den 27. november og inneheld singlar gjevne ut i 1967, som ikkje var med på EP-utgåva. Den første utgjevinga av LP-plata i Storbritannia var ikkje før i 1976.
Trass i mykje negativ omtale av filmen Magical Mystery Tour, vart musikken kritikarrost og ein stor salsuksess, og vart nominert til årets album i USA.
Historie
endreFilmen Magical Mystery Tour
endreEtter Sgt. Pepper’s Lonely Hearts Club Band ønskte Paul McCartney å skape ein film basert på the Beatles og musikken deira. Filmen skulle ikkje ha manus og forskjellige «vanlege» folk (son Lennon sin onkel Charlie) skulle reise på ein turistbuss og ha forskjellige «magiske» opplevingar.
Filmmusikken
endreMusikken til filmen vart langt betre teke imot enn sjølve filmen, og vart nominert til ein Grammy Award for beste album i 1968.[15] og låg på førsteplassen i USA i åtte veker. Albumet vart først gjeve ut som ein dobbel EP i Storbritannia med musikk frå filmen. I USA vart albumet gjeve ut som ein heil LP delt i to. Den første sida var filmmusikken frå den britiske EPen, medan andresida var ei samling av singlar frå 1967.
Innhald
endreEP-utgåve
endreAlle songar er skrivne av Lennon/McCartney, bortsett frå der andre er nemnd.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Magical Mystery Tour» | 2:51 |
2. | «Your Mother Should Know» | 2:29 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
3. | «I Am the Walrus» | 4:36 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
4. | «The Fool on the Hill» | 3:00 |
5. | «Flying» (Lennon/McCartney/Harrison/Starkey) | 2:16 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
6. | «Blue Jay Way» (Harrison) | 3:56 |
LP-utgåve
endreAlle songar er skrivne av Lennon/McCartney, bortsett frå der andre er nemnd.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Magical Mystery Tour» | 2:51 |
2. | «The Fool on the Hill» | 3:00 |
3. | «Flying» | 2:16 |
4. | «Blue Jay Way» | 3:56 |
5. | «Your Mother Should Know» | 2:29 |
6. | «I Am the Walrus» | 4:36 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
7. | «Hello Goodbye» | 3:31 |
8. | «Strawberry Fields Forever» | 4:10 |
9. | «Penny Lane» | 3:03 |
10. | «Baby You’re a Rich Man» | 3:03 |
11. | «All You Need Is Love» | 3:48 |
Medverkande
endreThe Beatles
- John Lennon – solo-, harmoni og korvokal; ordlaus vokal på «Flying»; rytmegitar og akustisk gitar; klaverinstrument (akustisk og elektrisk piano; mellotron, orgel, claviolin), munnspel på «The Fool on the Hill»
- Paul McCartney – solo-, harmoni og korvokal; ordlaus vokal på «Flying»; akustisk og bassgitar, piano, mellotron, blokkfløyte på «The Fool on the Hill»
- George Harrison – solo-, harmoni og korvokal; ordlaus vokal på «Flying»; sologitar, slide- og akustisk gitar; orgel, munnspel på «The Fool on the Hill»
- Ringo Starr – trommer og perkusjon; korvokal på «Hello, Goodbye»; ordlaus vokal på «Flying»;
Andre musikarar og produksjon
- «Magical Mystery Tour» – Mal Evans og Neil Aspinall på perkusjon, David Mason, Elgar Howarth, Roy Copestake og John Wilbraham på trompetar
- «The Fool on the Hill» – Christoper Taylor, Richard Taylor og Jack Ellory på fløyte[16]
- «I Am the Walrus» – Sidney Sax, Jack Rothstein, Ralph Elman, Andrew McGee, Jack Greene, Louis Stevens, John Jezzard og Jack Richards på fiolin; Lionel Ross, Eldon Fox, Brian Martin og Terry Weil på cello; Neill Sanders, Tony Tunstall og Morris Miller på blåsarar og Peggie Allen, Wendy Horan, Pat Whitmore, Jill Utting, June Day, Sylvia King, Irene;King, G. Mallen, Fred Lucas, Mike Redway, John O'Neill, F. Dachtler, Allan Grant, D. Griffiths, J. Smith og J. Fraser på korvokal
- «Hello, Goodbye» – Ken Essex, Leo Birnbaum på bratsjar
- «Strawberry Fields Forever» – Mal Evans på perkusjon; Tony Fisher, Greg Bowen, Derek Watkins og Stanley Roderick på trompet og John Hall, Derek Simpson, Peter Halling, Norman Jones på cello
- «Penny Lane» – Ray Swinfield, P. Goody, Manny Winters og Dennis Walton på fløyte; Leon Calvert, Freddy Clayton, Bert Courtley og Duncan Campbell på trompet; Dick Morgan og Mike Winfield på engelsk horn, Frank Clarke på kontrabass og David Mason på pikkolotrompet
- «Baby, You're a Rich Man» – Eddie Kramer på vibrafon
- «All You Need Is Love» – George Martin på piano; Mick Jagger, Keith Richards, Marianne Faithfull, Keith Moon, Eric Clapton, Pattie Boyd Harrison, Jane Asher, Mike McCartney, Maureen Starkey, Graham Nash og kona Rose Eccles Nash, Gary Leeds og Hunter Davies på korvokal; Sidney Sax, Patrick Halling, Eric Bowie og Jack Holmes på fiolinar; Rex Morris og Don Honeywill på saksofon, David Mason og Stanley Woods på trompet; Evan Watkins og Henry Spain på blåsar; Jack Emblow på trekkspel, Brian Martin og Peter Halling på cello
- Geoff Emerick, Ken Scott – lydteknikar
Salslister
endreOriginalutgåva
Album
2009-utgåva
|
EP
|
SalstroféendreI USA selde albumet over 1,9 millionar eksemplar innan 31. desember 1967 og 2,3 millionar innan slutten av tiåret.[43]
BPI-sertifiseringa gjeld berre for sal etter 19941994.[49] Kjelderendre
Bakgrunnsstoffendre |