Opna hovudmenyen

Magnar Solberg (fødd 4. februar 1937 i Soknedal) er ein norsk tidlegare skiskyttar og politimann. Han var medlem av Trondhjems Skytterlag.

Magnar Solberg
Olympische Spelen Grenoble, ceremonie protocolaire, Bestanddeelnr 921-0836.jpg
Fødd 4. februar 1937
Soknedal
Yrke skiskyttar
Magnar Solberg på Commons

SkiskytingEndra

Solberg tok gull på 20 kilometer under OL 1968 i Grenoble, og forsvarte gullmedaljen under OL 1972 i Sapporo. Han tok bronse på 20 kilometer både under VM 1969 og VM 1971. I fire år på rad, 1968-71, var han på norske stafettlag som vann sølvmedaljar i dei store meisterskapane, fyrst i OL og så i tre VM.

I 1968 blei han tildelt Olavstatuetten og Morgenbladets Gullmedalje.

Solberg bar det norske flagget under opningssermonien under vinter-OL 1972.

MeisterskapsmedaljarEndra

  Olympiske leikar
Medalje Øving År Stad
Gull 20 km 1968   Frankrike Grenoble
Gull 20 km 1972   Japan Sapporo
Sølv 4 x 7,5 km stafett 1968   Frankrike Grenoble
  Verdsmeisterskap
Medalje Øving År Stad
Sølv 4 x 7,5 km stafett 1969   Polen Zakopane
Sølv 4 x 7,5 km stafett 1970   Sverige Östersund
Sølv 4 x 7,5 km stafett 1971   Finland Tavastehus
Bronse 20 km 1969   Polen Zakopane
Bronse 20 km 1971   Finland Tavastehus

Han la opp som skiskyttar i 1972.

PolitiEndra

Magnar Solberg arbeidde som etterforskar ved politikammeret i Trondheim. Han tok del i etterforskinga av Fritz Moen, ei sak som enda med justismord i det som er kjent som Moen-saka. «- Jeg tok del i den store tabben, sammen med mange andre», sa han til VG.

BakgrunnsstoffEndra