Magne Jørgensen (fødd 10. oktober 1964) er ein norsk informatiker og forskar. Jørgensen er professor ved Simula Research Laboratory, og er tilknytt forskingsgruppa Globale Infrastrukturer ved Institutt for Informatikk ved Universitetet i Oslo.

Magne Jørgensen
Fødd10. oktober 1964
NasjonalitetNoreg
Yrkeprofessor, informatikar
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Alma materUniversitetet i Oslo

Jørgensen er diplomingeniør i økonomi frå Universität Karlsruhe (1988). Han har òg ein Dr.scient.-grad frå Universitetet i Oslo, der han disputerte med avhandlinga «Empirical studies of software maintenance» i 1994. Jørgensen arbeidde som seniorforskar i Telenor Research and Development frå 1989 til 1998, før han gjekk over i Storebrand. Han vart førsteamanuensis ved Institutt for Informatikk i 1996, og professor ved Simula i 2001.

Av tidsskriftet Journal of Systems and Software vart Jørgensen fire år på rad kåra til den mest produktive forskaren i verda innanfor systemutvikling: for periodane 2001-2005, 2002-2006, 2003-2007 og 2004-2008.[1]

Hovudfokus for forskinga til Jørgensen er estimering av IT-prosjekt. Han har òg saman med Tore Dybå og Barbara Kitchenham lansert ein metodikk for systematisk gjennomgang av empiriske røynsler i utviklinga av IT-prosjekt, såkalla evidensbasert systemutvikling.[2]

Bibliografi endre

  • D.I.K. Sjøberg, T. Dybå og M. Jørgensen. The Future of Empirical Methods in Software Engineering Research. Future of Software Engineering (FOSE '07), IEEE-CS Press, side 358-378. 2007.
  • M. Jørgensen og D. Sjøberg. «Expert Estimation of Software Development Work», i Nazim H.Madhavji, Juan Fernandez-Ramli, Dewayne Perry (red.) Software Evolution and Feedback: Theory and Practice, side 489-503. 2006. ISBN 0-470-87180-6
  • K.J. Moløkken-Østvold og M. Jørgensen. A Comparison of Software Project Overruns – Flexible vs. Sequential Development Models. IEEE Transactions on Software Engineering 31(9):754-766. 2005.
  • B. Kitchenham, T. Dybå og M. Jørgensen. Evidence-based Software Engineering. International Conference on Software Engineering (ICSE'04). IEEE Computer Society, side 273–281. 2004.
  • M. Jørgensen. A Review of Studies on Expert Estimation of Software Development Effort. Journal of Systems and Software 70(1-2):37--60. 2004.

Referansar endre

  1. «An assessment of systems and software engineering scholars and institutions (2003-2007 and 2004-2008)» (PDF). 21. september 2010. 
  2. «Nyheter - BIA». www.forskningsradet.no. 

Bakgrunnsstoff endre