Magnhild Havdal Almhjell

Magnhild Havdal Almhjell (12. juni 189413. mai 1985)[1] var ein norsk folkemusikkutøvar frå TingvollNordmøre.

Magnhild Havdal Almhjell
Fødd 12. juni 1894
Død

13. mai 1985 (90 år)

Yrke musikar

Biografi endre

Magnhild Havdal vart fødd i juni 1894 i Oppigarden i Havdalen inst i Tingvoll på Nordmøre. Mora, Karen Havdal, døydde i 1895, berre 23 år gammal. Etter at Magnhild miste mor si, vaks ho opp hos besteforeldra på Havdal. Ho fekk mykje tradisjonsstoff frå morfaren, Kristoffer Knutson Havdal (1822–1912]), og av mormora, Magnhild Eriksdotter Havdal, f. Valset (Ålvundeid) (1841–1942), lærte ho mange gamle tonar. Mormora vaks opp hos far sin, Erik Larsson, f. Brandstad.

Magnhild var flink på skulen, og ho gjekk ut av folkeskulen med hovudkarakteren 1,57. I bibelhistorie, forklaring og munnleg norsk fekk ho 1 blank. Ho gjekk ikkje vidare med utdanninga, men i 1924 tok ho korrespondansekurs i matematikk, norsk og engelsk. Magnhild var ei aktiv kvinne med klåre meiningar, og interessene hennar gjekk i mange retningar. Ho var aktiv «norskdomskvinne». Elles var ho interessert i blant anna naturmedisin (ho korresponderte med redaktøren for tidsskriftet Naturlægen (Olvik)), dyrevern, tradisjonar (enten det galdt musikktradisjonar, handverkstradisjonar, handarbeidstradisjonar eller haldningar til gammalt og nytt i det heile) og religion. I det private liv førte dette blant anna til aktivitetar som plantefarging, og ho koka gjerne si eiga såpe.

Som samfunnsmenneske engasjerte ho seg som medlem eller innehavar av ulike tillitsverv i foreiningar og organisasjonar. Som eksempel på nokre av dei organisasjonane ho var tilknytt kan nemnast:

Ho var òg kommisjonær for forskjellige blad og forlag. I avisa Romsdalsposten (Kristiansund) hadde ho mange innlegg under forskjellige pseudonym. Blant emna ho tok opp kan nemnast lokalhistorie, tradisjonar, religion og helse.

Magnhild arbeidde som postberar frå 1914 til 1947. I 1936 kjøpte ho garden Åkerfallet. Dei første åra var ho i Havdalen om vintrane, men frå bestemora døydde i 1942 budde ho på Åkerfallet heile året. I 1948 gifte ho seg med Erik Almhjell (1881–1963). Han var spelemann og kom frå SunndalenNordmøre.

Magnhild song inn på lydband fleire gonger. Etter at ho og Erik i 1953 eller 1954 song og spela inn på lydband for Torleiv Skjøtskift, vart det teke kontakt med Ole Mørk Sandvik. I desember 1954 reiste så ho og Erik til Oslo og song inn tonar på lydband for det daverande Norsk folkemusikkinstitutt.

Rolf Myklebust i Folkemusikkhalvtimen i NRK gjorde opptak med henne i november 1957, juni 1958, mars 1962 og november 1962. Ho var med på å sette i gang Tingvoll historielag og bygdemuseum i 1959. Etter at ho fekk hjerneslag i 1966, flytte ho inn på Tingvoll aldersheim. Ho døydde på Tingvoll sjukeheim den 13. mai 1985.

Magnhild som representant for folkemusikktradisjonen endre

Ein tenkjer seg gjerne folkemusikken som ein ikkje-notert populærmusikktradisjon blant gjennomsnittlege (folkelege) menneske. Det kan vera grunn til å spørje om dette utan vidare er sant. Om ein skal tenkje seg dette som den primære ramma kring folkemusikken, så vil ein kunna få visse problem. For det første er det oftast slik at visse menneske driv meir med musikk enn andre, og det å ha musikken som leveveg (heilt eller delvis) er heller unntaket enn regelen. Vi veit at mange av dei vesentlege tradisjonsberarane har høyrt med til unntaka. For det andre er det gjerne slik at det er meir musikk i visse slekter enn i andre, og enkelte slekter står heilt klart fram som musikarslekter.

Ein kan vel trygt seie at Magnhild er eit typisk eksempel på denne sorten atypisk menneske, og ho kan, ettersom kjernen av stoffet er etter besteforeldra, seiast å representere ein slektstradisjon. Folkemusikken blir gjerne sagt å vera ikkje-skriftleg. Det er likevel heilt klart at ein vesentleg del av tradisjonen, både når det gjeld Magnhild og når det gjeld dei fleste andre folkemusikkutøvarane i denne delen av verda, er basert på skriftlege tekstar (salmar, visse typar visor). Magnhild skreiv òg ned mange av dialekttekstene.

Mange av felespelemennene på Nordmøre var «atypiske» på same vis som Magnhild — dei kunne notar, nokre av dei spela òg klassisk musikk, og dei kunne vera kordirigentar, lærarar, regimentsmusikarar eller liknande. Folkemusikk var ikkje deira totale musikalske verd som folkemusikarar, men ein del av repertoaret. Dette repertoaret var heller ikkje nødvendigvis berre munnleg tradert, men kunne i større eller mindre grad vera basert på notar. Når vi karakteriserer delar av denne musikken som folkemusikk, er dette med andre ord ikkje primært ut frå kven som utfører han. Det er heller ikkje nødvendigvis måten musikken blir lært på, eller for den saks skyld om komponisten og/eller tekstforfattaren er kjend eller ukjend. Definisjonen må liggja i sjølve musikken. Når det kjem til stykket ser det ut til at den tyske filosofen og leksikografen Johann Gottfried Herder (1744–1803), opphavsmannen åt termen «Volkslied», sin definisjon er den mest dekkjande i denne samanhengen: Ein folkemelodi er «folket si levande stemme». Ut frå denne definisjonen blir spørsmål som om utøvaren har notert musikken på noko vis, om han/ho kjenner til kven som har laga melodien, eller om utøvaren sjølv er komponisten, sekundære.

Genrane i Magnhild-materialet endre

Litterære viser endre

Når det gjeld opphavet til dei litterære visene, så veit vi ein del. Mange av dei gamle religiøse visene finn vi att i Kingo sine salmebøker frå slutten av 1600-talet. Desse melodiane og fleire med dei ser ut til å høyre til ein felles nordeuropéisk tradisjon.

Salmar endre

Salmane har stort sett ein tonalitet, melodikk og syngemåte som med sine alderdomlege trekk delvis peikar attover mot renessansen og mellomalderen i europeisk kultur. Blant desse trekka kan nemnast den ikkje alltid symmetriske taktarten, toneartane med sine modale trekk og ornamenteringssystemet som mykje byggjer på forslagstonar og melismar. Av arkaiske trekk som ikkje bevisleg peikar attover mot renessansen og mellomalderen i europeisk kultur vil eg nemne intonasjonssystemet som byggjer på bruk av bl.a. 3/4-tonar som melodiske intervall.

Skillingsviser endre

Skillingsvisene, som ein kan seie hadde si blomstringstid på 1800-talet, er stort sett fellesskandinavisk stoff. Dei har vanlegvis ein meir moderne stil, med tydelege stiltrekk frå den europeiske 1800-talsmusikken. Slik finn ein blant anna stort sett regelmessige 2- eller 3-delte taktartar, eit enkelt tonalt system bygd på heile og halve trinn og eit ornamenteringssystem som stort sett byggjer på ein omfattande bruk av portamento (glidetonar) . Ein del eldre viser må stilmessig plasserast blant salmane.

Dialektviser endre

Dialektvisene har gjerne ei enklare oppbygging enn dei litterære visene. Ein viktig grunn til dette er sjølvsagt at mange av desse er barnesongar. Stiltrekka går stort sett på hyppig bruk av additiv rytmikk, der ein har faste slag, men eit varierande tal av dei innanfor kvar takt og ein svært enkel tonalitet, gjerne basert på pentatonikk eller ein heksakord T1–T6 med eller utan leietone under.

Setermelodiar endre

Hit reknar vi berre to melodiar i materialet: Kringelhauken og «Stat opp, Maggeduliadɛi». Karakteristisk her er høgt leie, signalaktige melodiar, koloraturtendensar, nonsensord og uthaling av visse tonar i fraseslutt. Grunntonekjensla er gjerne svak — det er gjerne fleire tonar som kjennest som tonale senter. Intonasjonen blir prega av mikrotonale avskygningar med assosiasjonar til overtonerekkja.

Kjelder endre

Lydopptak endre

  • ca. 1953 - Privat lydopptak ved Torleiv Skjøtskift
  • 14. desember 1954, Blindern i Oslo - Tre lydbandopptak ved Karl Dahlback
  • 11. november 1957, Tingvoll på Nordmøre - Tre lydbandopptak ved Rolf Myklebust
  • 2. juni 1958, Tingvoll på Nordmøre - Eit lydbandopptak ved Rolf Myklebust
  • 10. mars 1962, Tingvoll på Nordmøre - Eit lydbandopptak.
  • 26. november 1962, Ålesund - Eit lydbandopptak.

Bøker og utgjevne opptak endre

  • Olve Utne: Nokre aspekt ved transkripsjonsmåte og tonalitet i eit folkemusikalsk materiale frå Nordmøre. Hovudoppgåve i musikk, Universitetet i Oslo, hausten 1996. [1][daud lenkje]
  • Utne, Olve og Kleivset, Anne: Songen hennar Magnhild : Magnhild Havdal Almhjell (1894-1985). Tuddal (Buen kulturverkstad), 1994. (Bok (112 s.) + lydkassett) [2][daud lenkje]

Fotnotar endre

  1. «Gravminner i Norge», www.disnorge.no, henta 18. desember 2018