Magnor Glassverk

(Omdirigert frå Magnor glassverk)

Magnor Glassverk er eit norsk glasverk skipa i 1896 under namnet Geijersfors Glassverk. Som namnet seier, ligg verket på Magnor, som er ein stad like ved grensa til Sverige i Eidskog kommune lengst sør i Innlandet fylke.

Magnor Glassverk

Glasverket var opphavleg ein filial av det svenske glasverket Eda glasbruk rett over på den andre sida av riksgrensa, og produserte glasvarer for Eda glasbruk fram til 1917.[1] Men medan verksemda på Eda glasbruk på den svenske sida av riksgrensa har vorte nedlagt for mange år sidan, er Magnor Glassverk framleis i drift og produserer servise, vasar og andre kunstgjenstandar i glas. Fleire kjente kunstnarar og formgjevarar har vore med på å utforme glasverket sin kolleksjon. Mellom dei mest kjente er Per Spook, Vebjørn Sand, Per Winge og Ari Behn.

Forutan å vere ein aktiv industri, er Magnor Glassverk ein turistattraksjon med rundt 220 000 besøkande kvart år. Glasverket byr på fabrikkutsal, utstillingar av produkt og ein har høve til å sjå korleis glaset blir forma i glashytta.

I 1997 kjøpte Magnor Glassverk det svenske glasverket Johansfors glasbruk i Småland og dreiv det som ei dotterverksemd. I 2008 vart Johansfors glasbruk delt i eit driftsføretak og eit produktsjonsføretak. Produksjonsføretaket vart etter kvart tatt over av dei tilsette med Magnor Glassverk som minoritetseigar.

GalleriEndra

ReferansarEndra

  1. «Historia» (svensk). Eda Glasmuseum. Henta 3. mai 2009. 

BakgrunnsstoffEndra